Hans’Lars-folkje på Øy i Follestaddalen.

Av Nils E. Øy

(Merknad:
Eg ser at nummera på Nils Øy sine viktige kjeldehenvisningar har forsvunne ved utlegging på internett. Skal sjå kva eg skal gjere med det etterkvart. Men sidan henvisningane står der, legg eg det ut. Helsing Tor Øye)




Forord
Denne ”krønika” om Hans’Lars-folkje på Øy i Follestaddalen vart til i samband med slektstreffet som vart arrangert i dalen laurdag 22. juni 2002. Det er første gongen denne familien har hatt ei slik samling, men mange av dei eldste som deltok kan hugse tidlegare familiestemner i Follestaddalen – mellom anna i Kolåsen 16. juli 1950.
Mange av dei yngste som var samla har kanskje aldri vore i Follestaddalen eller på Øy tidlegare. Mange av dei bur langt unna røtene til foreldre, besteforeldre og oldeforeldre. Denne vesle artikkelen er meint som ei kort innføring i historia om dalen, garden og familiefolk. Om korleis det var å leve her i gamle dagar, før bygdeliv og byliv vart nesten heilt likt.
Som lesar vil du sjå at eg har bygd mykje på det Asbjørn Øye frå Nils-garden på Øy har skreve, både om dalen og Øyagardane. Mykje av det som står her, er henta får det andre har samla og skreve ned før. Dessutan har eg fått ein del informasjon frå dei som enno lever av førre generasjonen. Eg har freista å binda det saman til ei slags historie, som trekk liner frå dei eldste tider til vår eiga.
Eg har lagt stor vekt på å ta med referansar til dei bøker eg har henta stoff og opplysningar frå, slik at den som vil lese meir om tema eller undersøke meir om enkeltopplysningar, skal ha hjelp med på vegen.
Takk til nokre av dei som har hjelpt til med opplysningar. Det er først og fremst mor mi; Aslaug N. Øy, og tante Johanne Øy. Dessutan har fleire i komiteen for slektstreffet; Tor, Leif og Jon gjeve verdfull hjelp. Takk også til Jan Ove Årsæther for lån av bilete.
Min nynorsk er ikkje den beste. Sjølv om eg skreiv nynorsk i skulen i Ørsta, er det om lag 40 år sidan eg brukte heimemålet aktivt. Men det var artig å freiste å fullføre dette skriftet på skulemålet mitt.
Det kan vere feil i tekst og bilete, og det er sikkert mykje meir som kunne vore med. Har du merknader, så ta kontakt. Postadressa mi er Slevik Platå 74, 1621 Gressvik, og med e-post kan du nå meg på nilsoy@online.no

Fredrikstad juni/oktober 2002
Nils E. Øy

Artikkelen er noko korta ned i 2005 med sikte på bruk på nettstaden til Follestaddalen Sogelag.




Dalen vår

Bildet av den breie, u-forma Follestaddalen med 1432 meter høge Kolåstinden kneisande i bakgrunnen, slik alle follestaddalingar kjenner det så vel, er ikkje berre eit godt bilde av dalen vår. Det er også eit treffande bilde av korleis istida forma dette underlege landet vårt for tusenar av år sidan. Den tjukke isbreen grov, skura og slipte landskapet – men dei høgste tindane stakk heile tida opp over den enorme isbreen som dekte landet, slik vi ser det med ”Tinden” og dei næraste fjelltoppane kring den.
Både sjølve Follestaddalen og dei to forgreiningsdalane, Romedalen og Øyadalen, vart forma av isen, av jord- og steinmassar som den førte med seg, og av elvane som danna seg under isen. Her og der, når isbreen gjorde stogg ei tid, vart det danna morenar. Haugar eller ryggar av stein og jord la seg opp, og dette ser vi tydelig på åsane og haugane nedetter Øyadalen. Øyasetra ligg på ein gamal morenerygg som gikk i eitt med Langåsen, før elva Steindøla grov seg gjennom. Kolåsen er òg morenerygg, danna av massane som er førde nedover Romedalen og Øyadalen og lagt att der dalane møtes. Tjennmyra framfor Kolåsen må vere graven ut av ein isbre.
Bak slike morenar vart det oftast danna vatn og innsjøar, men med tida grov isbre eller elvar seg gjennom naturdemningane – og førde vatnet vidare mot havet. Det er sannsynleg at dalane våre har hatt fleire slike innsjøar. Aktuar Ivar Myklebust meiner at heile Follestaddalen ein gong må ha vore ein grunn innsjø, inntil morenedammen ved Brudevoll/Barstad og Åmåsen var broten og vatnet forsvann med Follestadelva og dei andre dalaelvane ut i Ørstafjorden.
Det er ikkje lett å seie når Follestaddalen vart busett. Då dei første ”innvandrarane” kom til landet etter kvart som isen drog seg tilbake, var det nok mest folk som verkeleg var på ”vandring”, og ikkje bufaste . På våre kantar kom truleg dei første med båtar, og dei heldt til ute i øyane medan isen enno låg tung over Follestaddalen. Ivar Myklebust peikar på at det ikkje er gjort steinalderfunn i Follestaddalen, og han trur at dalane i Ørsta vart busett omkring år 600 etter Kristus – eller for om lag 1400 år sidan. Han reknar med at Follestad, Myklebust, Øy, Fyldal, Rebbestad og Barstad var blant dei 40 gardane som då fanst i Ørsta.
Asbjørn Øye trur om lag det same. På grunnlag av urnefunn på Myklebust og gravfunn på Fyldal i 1836, begge truleg frå jarnalderen, trur Øye at det har budd folk i dalen ”frå før eldre jarnalder – frå før 600 etter Kristus, og kan hende heilt attende til bronsealderen?”


Første Øyafolkja.

Det er sjølvsagt like uråd å seie når dei første busette seg på Øy. Den eldste skriftlege opplysning som Ivar Myklebust har funne, er frå 1603 då Jetmund Jonson, Finn (som var gift med Tora), Knut Jetmundson og Mikkel Olavson budde på Øy. Alt då var her altså fire brukarar, og slik var det også i skattemanntal kring 1665. Sidan har talet på brukarar auka litt; til dei åtte bruka som vert rekna som Øy-bruk i den nyaste slektsboka for Ørsta.
Ei gamal segn vil ha det til at vikingen ”Kjere” budde på Øy. I Hauggjerdet var det ein haug som heitte Kjerhaugen, og etter segna skal det sjølvsagt ha budd ei kjempe der.
”Segna seier også at ein gong ville Øyakarane finne ut om der var noko i Kjerhaugen. Då dei byrja å grave, såg ein av dei heimetter Øy, og så stod heile garden i lys loge. Dei slutta straks å grave og for heim att. Men då dei kom dit, brann det ikkje likevel, og hadde heller ikkje gjort det.
Øyakarane har ikkje grave i haugen etter dette – før det i vår (1976) vart leigd ein mann, som truleg ikkje kjende segna (!), til å jamne haugen med jorda. Ingenting hende. Kjempa torde truleg ikkje å reagere mot ein bulldozar!”
Kjerehaugen var i si ”velmaktstid” 22 meter lang, 12 meter brei og 2,5 meter høg, og var tilgrodd med lyng og skog.


Klyngetunet og utskifting.

Det var fem gardstun med i alt 25 hus i klyngetunet på Øy fram til jordskiftet omkring 1865. Dei fem gardane var opphavleg fire heilejorder. Det sjette tunet var Øyehaug, som låg for seg sjølv ein kilometer lenger framme. Jo-garden vart flytta til Fremstebøen i samband med utskiftinga, og vart sidan delt i 1872 (Elling-garden). Frå klyngetunet var det på den tid veg til vadet over Storelva til Fyldal, og veg over Hans-brua til Myklebust; teikna inn på kart 1865, same med vei til Harpedalsbrua.
Lauris Øie ba om utskiftning i 1929, men måtte vente til 1934 før den kom i gong – og heilt til 1937 før den var ferdig. Resultat: Flytting av Hansgarden og flytting av Hans’Lars-tunet til Småhaugane, heimanfor Likkjelva. Oppsitjarane måtte søke Landbruksdepartementet om pengar til flytting.
Asbjørn Øye skriv slik om husflyttinga:
”Det var ei nokså original flytting. Dei reiv ned skorsteinen i Hans’Lars-stova, forsterka råma og flytte stova heil medan dei budde i ho. Det var kring 200 meter til den nye tufta. Først måtte dei få ho ned av murane, så ho vart ståande mykje på skrå. Ho måtte over Likkjelva og til dei nye murane. Det var folk frå Stordal som var van med slikt arbeid. Dei la lange stokkar eller slidkar som dei smurde inn med grønsåpe, og så skuva dei huset med donkraft langs stokkane. Verst var det å få stova oppatt på murane, for ho vart ståande mykje på skeive. Heile tida budde dei i huset, kokte maten og låg i dei skeive sengane, som dei måtte rette opp til natta. Nokså uvanleg må det vere å ha sitt daglege arbeid i eit stovehus på vandring.”
Også stabburet eller buda vart flytta til nyetunet, men reve ned i 1957-58, fordi ein trudde at det var til forfalls. Dei som reiv, fekk lære noko anna. Det tok tid å få ned byggverket.


Gardsnamnet Øy

”Namnet tyder ei låg flate ved elvi”, skriv Myklebust i boka si. Asbjørn Øye skriver at ”namnet tyder slette ved elv”. I Norsk Stadnamnleksikon heiter det at Øy er gamalnorsk og tyder (forutan ei vanleg øy eller kringfløymt land) eit ”flatt, frodig og fuktig lende attmed vatn”. Det har nært slektskap til ”øyr”, som er det gamle omgrep for sandbankane som dannar seg kring ein elveos eller mellom nærliggande elvar. I gamle dagar sa dei (Valle-)Øyra om Nekken, plassen ved Ørsta-kyrkja der to elvar møtast. Også i Volda er Øyra i bruk om sletta ved elveosen og vi har Øyra i Syvde. Ser vi vidare kring oss, finn vi mellom anna Øre i Gjemnes, Sunndalsøra og Lærdalsøyri, og vi har det same i deltainnsjøen Øyeren og i Øra ved Glommaosen ved Fredrikstad, og mange, mange andre ”øyrar”. Stadnamnet Aure har det same opphav.
Øy eller Øye som stadnamn eller gardsnamn finn vi også fleire plassar. Mest nærliggande er Øye i Hjørundfjorden, på Vartdal, i Gjemnes og i Stranda kommune, men namnet er i bruk også i Sør-Trøndelag, i Valdres, i Hordaland, i Rogaland, i Aust- og i Vest-Agder.
Vårt gardsnamn Øy er eit naturgjeve stadnamn, skriv Asbjørn Øye, og held fram:
”Det er òg eit gamalt namn, for det er ubøygt. Ein seier ”fram te Øy” og ”heim te Øy”. Tilsvarande gardsnamn på Vartdal, Stranda og Hjørundfjord vert bøygd. På Vartdal seier dei ”fram i Øyane”, og like eins på Stranda. På Øy seier dei òg ”fram i Øyane”, men det gjeld teigane mellom Harpedalselva og Øya-ledet, nokre slåtte-teigar. Etter namnetypen kunne Øy vere den eldste garden i Follestaddalen. Men det er lite truleg at denne garden vart før busett enn Follestad, som har gitt dalen namn. Men så framt garden vart busett frå Standal, kan det vere mogleg at han er eldst.”
Svar på dette spørsmålet kjem vi nok aldri til å få. Men at Øy har vore ein stor og viktig gard i dalen, er heilt klårt. Det er Øy som har gitt namn til seterdalen over mot Standal, og før Myklebust-setra kom, skal det ha vore Øy som brukte heile dalen. Øy har god slåttemark og gode beitemarker, og frå avlings- og fe-statistikkane opp gjennom tidene kan vi sjå at Øy ofte låg høgst i mengde avling og tal på både storfe og småfe.



Familienamnet; Øy, Øye, Øi, Øie?

Det samlast ikkje mykje øyafolk utan at det vert ordskifte om skrivemåten. Tre av dei fire formene som er nemnde ovanfor er i bruk av Hans’Lars-folkje, og ofte finn vi fleire former i ein og same familie…
Vi kjem nok alltid til å kivast om kva som er det rette.
Statistisk Sentralbyrå kan fortelje oss kor mange som brukar dei ulike formene:
Øye 1.024
Øie 549
Øy 133
Øi 53
Desse tala gjeld heile landet pr 1.1.2002.
Asbjørn Øye skriv at gardsnamnet vert uttala Øy, men at skrivemåten var ”Øe” i 1603 og 1606, Øye i 1616 og 1723. Øie var mest brukt fram til 1918. ”Dei fleste har skreve Øye seinare, men somme skriv Øy, slik det vert uttala”, heiter det vidare.
Ein forskar i Statistisk Sentralbyrå har funne ut at fornamn med æ, ø og å er i ferd med å tape terreng i norske familiar, og han spør om det kan ha noko med internasjonalisering og it-utviklinga å gjere. Det er vel ikkje utenkeleg, men det er nett meldt at dei som står bak internettdomena arbeidar med å legge til rette for bruk også av dei tre vanskelege bokstavane i domenenamn; æ, ø og å. Kanskje er det ei von for oss med Ø i namnet…
At namnet vårt kan by på pussige episodar er heilt klart. Artikkelforfattaren har fleire gongar fått spørsmål i Finland (som ikkje har vår Ø) om kva som er namnet mitt, for dei har berre fått oppgjeve firmanamnet; Nils Oy – som i Finland er det same som Nils AS. På andre utanlandske hotell får eg ofte høyre at eg ikkje har tinga hotellrom; dei kan ikkje finne meg korkje på Ø, eller N eller OE. Dersom hotellromet er tinga i namnet Øy, vert Ø’en ofte vekk i datasystemet – og da står det berre ein ”Y”. It-verda har gjeve oss nok ei erfaring: Ei av dotrene mine skulle for nokre år sidan sende pengar til England, og kvitteringa vart automatisk oversett frå norsk til engelsk. Då var namnet hennar skrive slik: Tora Island.



Ein gard – fleire tun.

Det er fleire gardar på Øy, eller skal vi heller skrive bruk eller tun? Det siste har i alle fall ikkje alltid vore rett, for på Øy – som mange andre stadar i Noreg og i verda – var det ofte klyngetun på ein gard eller ei grend. ”Vår” gard, Hans’Lars-garden sto i klyngetunet framanfor elva heilt til 1939, då han var flytt dit garden no ligg. Det var ofte slik i eldre tider at folk på same garden brukte jorda i lag, og i staden delte på avlingane – eller jord var delt i eit utal av små åkrar og teigar. Slik var det òg på Øy, til det vart skifta jord. Det skjedde på Øy første gang i 1865, deretter i 1930-åra. Det var etter det siste jordskiftet at Hans’Lars-garden vart flytta over til andre sidan av Likkjeelva.
Det er sagt at ørstingar er flinke til å setje namn på alt og alle, og det kunne nok ha mykje for seg der oppattdøypinga var omfattande. I gamal tid var det faste skikkar på kven borna skulle ”døypast opp” etter, og då vart det mange som heitte det same. Når alle dessutan budde på til dømes på Øy, måtte det nye merkelappar til – som Hans’Lars-garden. På Øy finn vi dessutan Ola-garden, Jo-garden, Elling-garden, Nils-garden, Hans-garden og to unntak frå person-namn-regelen; Fremstebø og Øyehaug. Å bruke personnamn til å skilje gardane frå kvarandre er elles ikkje noe nytt i Follestaddalen. Namnegranskarar meinar at både Barstad og Rebbestad truleg kjem av personnamn, som vart sette då desse gardane vart skilde ut frå ein større gard (truleg Follestad).
Det var sikkert ikkje berre triveleg å bu så mange så tett i klyngetunet. Likevel vert det fortalt at folk var langt meir hjelpsame og flinke til å arbeide for fellesskapet. Med fellesteigar hadde dei oftast felles hausting, dei arbeidde saman om hustekkjing når det trongs, grannar grov oftast kyrkjegardsgrav for kvarandre , dei hadde fellesbakst, og når det var bryllaup og annan fest, så vart alle bedne.


Kven var han Hans’Lars?

Den ”Hans’Lars” som er opphavet til namnet på familiegreina vår er Lars Ivarsson (ca 1771-1860). Normalt skal det tyde at Lars var sonen til Hans, men det gir lita meining, ser vi – ettersom faren til Lars må heite Ivar. Hans-namnet har da heller ingen tradisjon i familien. Men forklaringa er at faren Ivar døydde då Lars var fire år, og mora Anne Marie Ottarsdotter gifte seg oppatt med Hans Kolbeinson Buset frå Vartdal, som altså vart stefar til Lars i 47 år.
Slik kom omgrepet Hans’Lars-folkje til. Når Tor no sit som brukar på slektsgraden, må vi helst kalla han for Hans’Lars’Tor… - Han Tor i Hans’Lars-garden.
Søstra til han Hans’Lars heitte Johanne Iversdotter Øy (1769-1844), og ho vart stemor til Ivar Aasen (1813-1896). Mor til Ivar døydde då Ivar berre var tre år gamal, og Johanne gifte seg i 1819 med far hans, Ivar Jonson Åsen (1757-1826). Dei hadde ikkje born saman, men det var nok av born i Åsen-tunet: Jon hadde ni born frå før...
Det må òg nemnast at Ivar Aasen budde i Follestaddalen ei tid, medan han var omgangsskulelærar i Ørsta i 1832-33.


Slektliner til Harald Hårfagre?

Det er ofte sagt at målet for alle slektsgranskarar her i landet er å føre slektslinene sine tilbake til Harald Hårfagre…
Det skal vi ikkje gjere her. Derimot skal vi fylgje slektliner litt ut av bygda: Hans’Lars-folket er ei grein av det som i Bjørkedalen i Volda vert kalla Jakobsætta, og som kan føre familien tilbake til den første busetjinga i Bjørkedalen på 1200-talet. Dette er dokumentert av Rasmus P. Mork, som har skreve mykje om Bjørkedalsslektene. I Jakobsætta finn vi dei fremste båtbyggjarane i Bjørkedalen, men også ”svartebokfolk”, bygdedoktorer, skulehaldarar og skribentar. Rasmus Jakobsson Bjørkedal (1749-1821) skreiv delar av den kjende Morisboka frå Bjørkedalen og dessutan ”Tids-Register” som dels er ei liste over hendingar i verda og i Noreg i gamal tid, og dels dagbok frå Volda (og Ørsta) frå hans eiga levetid. Sonen hans, Jakob Rasmussen Vassbotn (1783-1860) deltok i deler av sjuårskrigen mot Sverige 1807-1814. Han skreiv dagbok frå sine opplevingar, der Erich Olsson frå Ola-garden på Øy var ein av kameratane hans i krigen ved grensetraktene i Østfold. Ein annan og seinare skribent i Jakobsætta frå Bjørkedal var Daniel Helset (1886-1977), som mellom anna var sjefredaktør i Morgenposten i Oslo 1946-1955.
Sambandet vårt til Jakobsætta i Bjørkedalen går gjennom bestefar Lauris si bestemor frå Kolåsen; Anne Marie Sjursdotter (1809-1900), født Halkjelsvik i Volda. Ho var dotter til ”Skjerva-Sjur”, Sjur Hanson Eide Halkjelsvik (1787-1868). Hans mor, Annemor Jakobsdotter, (1756-1801) var søster til Rasmus Jakobsson Bjørkedal, forfattar av ”Tids-Registeret”.

Oldeforeldrene frå Volda.
”Skjerva-Sjur” var ein av dei fremste menn i Volda-soga. Medan søskenbornet hans drog i krigen mot Sverige, var Sjur med i Kystvernet heime i Volda, og i 1814 vart han valt av voldingane til å peike ut Eidsvollsmenn frå Møre. Han var med og skreiv ut Sølvskatten til stiftinga av Noregs Bank i 1815, var første ordføraren i Volden/Ørsten og vart valt til stortingsmann tre gongar. Eit anna av søskenborna hans, Jakob Pedersen Bjørkedal, deltok i haustsamlinga av Stortinget i 1814, og deltok då Kong Karl Johan vart kruna i Trondheim i 1918.
Kona til ”Skjerva-Sjur”, og Lauris sin oldemor, Anne Helene Paulsdotter Halkjelsvik (1785-1849) var født Grubbe, som òg er ei gamal stor slekt. Nokre av oss har truleg ein kopi av den slektstavla som Lauris sette opp i 1956. Der er det eit ope felt bak ”Paul Grubbe, innflyt danske”, og der Lauris skreiv ”ukjende danskar”. Grubbe-familien er nok opphavleg dansk, men denne del av familien kom til Volda frå Kristiansund. Anne Helene var elles trulova med soldaten Lars Pedersen Bjørkedal, som var enda eit søskenborn til ”Skjerva-Sjur”. Han vart send i krigen saman med Jakob Rasmussen Vassbotn, og var mellom dei som ga sitt liv for landet i Sjuårskrigen. Han døydde i Enningdalen ved Halden i 1809, men det er uklart om han falt i krig. Det er truleg at han omkom i dei voldsame epidemiane som herja både mellom soldatar og fastbuande i Østfold dette året. Og dermed vart det slik at Anne Helene gifta seg med søskenbornet Sjur, den 2. juli 1812.


Frakta hustømmer med robåt….

Det var ikkje lett å bygge seg nye stover for over hundre år sidan, med lite pengar og lite tømmerskog.
Stova på Hans’Lars-garden vart bygd ein gong i 1870-80-åra. På den tida måtte husbyggarane henta materialar der det var skog som gav tømmer som egna seg til hus, for eksempel i Austefjorden eller Bjørkedalen, eller Romsdalen/Nordmøre. Vi veit ikkje kvar oldefar Lars henta tømmer, men vei veit at Ivar Årseter hadde ei stri tørn då han skulle bygge omkring 1880:
Han hogde tømmeret i Austefjorden, velta det ut i Voldsfjorden og bandt samen til ei tømmerflåte. Så slepte dei flåta med robåt, ut Voldsfjorden, rundt Berkneset og inn igjen Ørstafjorden. Komne inn til Lystad, var det bryllaup der, og karane vart bodne inn. Då dei kom ut att hadde flåta drive ut til Raudøya, fordi dei ikkje hadde bunde ho særleg godt. Inne i Ørstavik måtte så tømmeret fraktast med hesteskyss fram på dalen.
Nils Ingebrigtsen Kolås kjøpte tømmer i Romsdalen i 1873. Han måtte leige skøyte i Hjørundfjord og skipa tømmeret til Ørsta .


Ville dyr og modige folk.

Anne Lisbet Larsdotter Øy (1799-1872) – enda ei dotter til Hans’Lars - gifte seg med Ingebrigt Pålson frå Myklebust på Vartdal, og dei busette seg på Skortå på Buset, Vartdal. Stovehuset der brann i 1835. Då Anne var på veg heim frå Ørsta med dei to største borna (sju og fem år gamle) og var komen til Bjønnaskaret, såg ho røyken frå branntomta. Ofte kunne det vera hardt å greie seg med lita råd, men Anne sa: ”Når det ryk hjå hine, ryk det hjå oss ogso, om det ikkje er feitt, så er det no heitt.” Tradisjonen seier at ho prylte ein ulv med hissetreet og berga kjea på garden.
Midt på 1800-talet var ulveplaga utoleg i Follestaddalen. Bestefar Lauris sin bestefar i Kolåsen, Ingebrigt N. Kolås (1809-1900), skreiv brev til heradstyret 22. desember 1846. Der fortalde han at ulvane kom heilt inn på dørstokkane og hadde ”ete opp alle hundar som fanst”. At ulven kom inn på stovetroppa og ”tok hunden” er også fortalt av Lina Foldal Engeset, men ho er først fødd i 1884, så det kan ikkje vere same hendinga dersom ho sjølv meinte å ha opplevd dette.
Otto N. Øye (1885-1991) har gjenfortalt det han høyrde frå faren sin, Nils Larsson Øye i Nilsgarden (1858-1937). Då Nils som liten vitja Kolåsen (mora hans var derifrå), såg han mange bjørnehovud som var spikra opp på løeramen på gamleløa. Det skal i alt vore skote 13 bjørnar i Kolåsen, skriv han. Han fortel og om bjørnejakt i Romedalen, der bjørn sist vart sett i 1870-åra, etter det han minnes.
I brevet gjorde han framlegg om at dei skulle slå seg saman to eller fire mann for å skyte ulv, og kommunen skulle betale for arbeidet. I heradstyret vart vedteke at det skulle prøvast eit ulvejag og tida vart sett til 24. juni 1846. Det vart vald ei 3 manns nemnd som skulle ordne med reglar for jaget. Nemnda var: Sjur Halkjelsvik, sersj. Follestad og A. Welle. Det vart sett opp ei rute for dei som jaga, og i Geitvikurene og frå motsett kant i Ørsta skulle setjast opp ein ulvegard. Det vart eit tog eller ei line som hekk på stenger. Ved enden av ulvegarden på fjellet låg skyttarar og skulle felle ulven når han kom; men ingen ulv kom. Etter mange oppmodingar vedtok så heradstyret eit liknande ulvejag i 1857 og dei reglar som var oppsette i 1846 var bruka, men noko utvida. Det er ikkje sagt noko om denne siste jakta var noko meir vellukka enn den første.


Siste vargen på Øy.

Asbjørn Øye fortel ei historie som vert kalla ”Siste vargen på Øy”. Står den til truandes, så vart ulven sist sett på Øy i 1860. Det er Anne Marta Berli, fødd Øy (1841-1935), som fortel dette :
”Det var ein vårdag i 1860. Eg og Marie Jonsdotter Øye – som var seks år gamal – sat på den høge troppa på glasstova på Nilsgarden. Då såg vi ein gråbein som kom luskande på skrå frå Gardkroken og heim og ned på Støylande, der sauene til Peder H. Øye gjekk og beitte, Han såg ut som eien stor hund. Men med eitt gjorde vargen eit sprang og tok største lamet i kjeften og la på sprang i retning av Skar-elvane, der det den gongen var mest skog. Peder H. Øye sette etter ulven, men nådde han naturlegvis ikkje att. Han så begge blodvegen etter dyret.”


Siste bjørnen på Øy.

Berte O. Øye (1863-1948), mor til Asbjørn Øye, fortalde i 1832 :
”Det var i 1879 eller 1880 ein sein haustkveld. Vi sat ved kveldsbordet og åt. Eg var hjå morbror Nils fram på Øy. Nei, kva er tids? Kalvane belja og bar seg så det var ynk å høyre oppe i Øvstebakkane. Det var mørkt, så det nytta ikkje å gå opp då. Men om morgonen sa han morbror: ”Du Berte som er så lett på foten, må gå opp i garden og sjå om du ser noko.” Eg la i veg. Og rett nok, eg var ikkje før komen over utmarksgarden så fann eg ”rak” av ein kalv, og det var bjørnafet i marka der det var blautt. Eg skjøna straks at her hadde vore udyr på ferde. Eg hauk og ropte ned i garden etter folk. Så gjekk eg lenger heim etter garden, og fann eit ”rak” til. Og då eg kom heim til Øyagjeldet, låg den tredje kalven ihjelreven. Så fekk eg høyre noko som ynka nedanfor garden. Og der låg ein kalv og blødde frå eit stort sår på ”herdatoppane” etter bjørnklørne. I redsla hadde han greidd å bykse over vedagarden, og på den måten berga han livet. Denne kalven bar dei heimatt, og han fekk leve opp. Han vart kalla Bjønnen all sin dag.”



Seterdrift heile sumaren.

Vi veit lite om når dei starta med seterbruk i Follestaddalen, men at Øyasetra har vore i bruk i hundrer av år må vere ganske sikkert. Øyasetra er klart eldst av dei to setrane i Øyadalen, og også Myklebustsetra vart kalla Likkje-Øyasetra eller Likkje-Øyastøylen heilt fram til midten av 1800-talet. Øyasetra har også vore flytta ein gong, fordi dei første sela vart tekne av snøfonn. Spora etter dei gamle sela er synlege nede i Brautå på heimsida, der den gamle køyrevegen kom opp. Det er ikkje funna opplysningar om når denne hendinga skal ha funne stad.
Medan det var ulv og bjørn i dalen, måtte dyra gjetast. Asbjørn Øye fortel at ein gong Gjetl-Ola gjette sauene oppe ved Tuene på Heidane, hadde han sovna. Og medan han sov, kom bjørnen og jaga alle Øya-sauene utfor ”Saude-dauden”, eit høgt og bratt svaberg.
På Øy drog dei til seters normalt siste veka i mai, og gjerne på fødselsdagen til storebror Lars, som var 28. mai. I 1920-åra var det 8-10 kyr, og som skulle mjølkast morgon og kveld. Om natta sto kyrne oftast inne i fjøset, under selgolvet. Mjølka måtte dei bære unna bakkane ned til setrevegen, der Øyasetra fra 1890 hadde eit mjølkehus bygd over ei oppkome , for å halde mjølka mest mogleg avkjøla. Mjølka vart boren i trommertar med hissetre og kunne vere på 30 liter. Melkekøyraren kom med hest og vogn om kvelden, og drog til sumarmeieriet på Årsetra om morgonen.
For at beitene rundt Øyasetra skulle få litt kvile midt på sumaren, flytte dei ei tre vekers tid til andre beiter. Dei første 14 dagane var det til Heidane (Øya-heidane). Der var det enklare hytter utan fjøs under golvet, fordi det var så varmt midtsumars , og dei skulle vere der så kort tid. Også på Heidane vart første seterhusa tatt av fonn. Gamleheida-setra ligg lenger oppe enn dei hyttene vi ser i dag. Alle Heida-hyttene hadde humoristiske namn. Hans’Lars-hytta heiter Dunderhoff, men ingen har forklart kvifor. Vidianna er navnet på Ola-hytta, Hans-garden hadde Smia, og dei andre gardane hadde Viktoria saman.
Det var ikkje råd å køyre opp på Heidane med hest og vogn for å hente mjølka. Då måtte seterjentene bera mjølka ned til dei møtte karane frå Øy som møtte dei. Det vart lettare frå 1909, så løypestrengen frå Heidane til setrevegen nedanfor Høgkolåsen kom opp. For at melkespanna ikkje skulle få for stor fart, brukte dei greiner frå lauvtre på spanna, for å bremse farta. Opphavleg freista dei å få løypestreng heilt ned til Øyane; teigane som låg heimst i setermarka, ned mot Kolåsskiftet. Det gjekk ikkje, for mjølkespanna ville ikkje gå så langt.
Den siste av dei tre sumarvekene hadde dei kyrne ned i den heimste delen av setermarka, med mjølkeplass i Holå, ovafor Øyehaug. Der kunne det vere samla over 100 kyr frå Øyagardene når det skulle mjølkast. Då kom gjerne karfolket som skulle henta mjølka, både for å sjå på dyra og prate. Dette vart ein møtesplass der dei kunne frette nytt og samsnakkast.
Deretter bar det fram på Øyasetra igjen, til ein gong i september.
Det kunne vera mange harde tak i samband med setringa, for unge jenter heilt ned i konfirmasjonsalderen. Ein gong oppdaga to unge seterjenter at ei ku hadde kalva ved Langhammaren på Heidane. Då tok dei kalven og bar han heilt heim til Øy.
Det var ein del seterdrift også i åra etter 2. verdskrigen, men stort slett var det slutt omkring 1950.


Nært og fjernt på fiske.

I Ørsta – og ikkje minst på dalane – var det i lange tider på 1700 og 1800-talet eit slangs kombinasjonsbruk på gardane, med fiske som attåtnæring til gardbruket. ”Fisketida”, sa dei om dei vintervekene dei var borte, og då var det uråd å samle nok karar i Volda og Ørsta til å halde heradstyremøte. Unge gutar var knapt konfirmerte før dei både ville og måtte på fiske. Det var ei skam for ein kar å gå heime i fisketida – det var berre ungar og gammalt kårfolk som gjorde det…
Ørstingene heldt gjerne til på Furkenholmen ved Godøya når dei ”rodde fiske” etter torsken. Å ”ro fiske” sa dei også når dei sigla, og etter at motoren kom. Mesteparten av fangsten vart seld, men når dei kunne, tok dei salta fisk med heim, saman med fiskehovud, rogn og tran. Det var kanskje dette sambandet mellom bønder og fiske ute i øyene som også skapte ordninga med ”foderkyr” – dalakyr som var på vinterbeite ute i øyene. Ofte kom det også tjenestetauser frå øyene til gardane i Ørsta.
Også på Øy var det mange på torsk- og sildefiske på sunnmørskysten, og ofte kom det folk bort. I 1775 omkom fire Øy-karar og ein frå Fyldal.
Seinare vart det også populært å dra på fiske og tranarbeid i Lofoten og elles i Nord-Norge. Mange i Follestaddalen dreiv med dette, også bestefar Lauris.
Fisk var viktig føde gardbrukarane. Dei gjekk gjerne langt for å få fisk: Ei dotter til han dei kalla Hans’Lars (Lars Ivarson); Ingeborg Merete Øy (1797-1860), gifta seg i 1829 med Carl Andersson Kornberg (1808-1899) i Volda. Yngste dottar deira, Pernille, skal ha vore flink til å fiske. Ein morgon Pernille og ei syster hadde drege mykje fin sei, kom mor Ingeborg ned i støa og fekk sjå all fisken. Då braut ho ut:
- Å, hadde berre bestefar på Øi hatt noko av denne fisken, for han er ikkje bra i magen.
- Det kan vel bli ei råd med det, sa Pernille, og så laga ho ei god fiskehank, tok båten og rodde frå Kornberg over Voldsfjorden til Ekset, og derifrå gikk ho fram til Øy for å gje fisken til bestefaren sin i Hans’Lars-garden. Dette skal ha hendt ein gong på 1840-talet.
Etter at kona Ingeborg døydde, gifte Carl seg opp att i 1862 med ei yngre syster, Berte Larsine Øy (1813-????), som vart enke på Ekset i 1853. Sonesonen Karl Andreassen Kornberg (1898 1980) vart fotograf i Volda, gift med dottera til Paul Mork. Han var på Øy i mellomkrigstida og tok då fleire bilete rundt i dalen. Fotograf Lasse Kornberg, som tok biletet på slektsstevnet i 2002 var også ein etterkomar, med tippoldemor frå Hans’Larsgarden.
Eit anna døme på lang ”fiskeveg” er fortalt om Jon Nilsson Øy (1803-56) i Nils-garden, som bar tre voger – 54 kilo fisk – frå Standal og heim til Øy, og gjekk heile vegen på truger.



”Storevassfløda” i 1881.

Storevassfløda er namnet på ein storflaum som skjedde i mars 1881. Det som skjedde var at Storelva hadde lagt seg full fram ved Årsetra, og vatnet tok seg over mot Øyehaug, slik at mesteparten av Storelva rann heim gjennom Øyagarden.
Han oldefar Lars Larsson i Hans’Lars-garden skreiv slik om orsaka i dagboka si:
”Den 18. mars inntraf en stor vanflom. På grund af den store snemasse som var nedlagt frem igjenom vinteren og en masse is i elvene, blev mange store ødeleggelser forevoldt af vassflommen. Under isfarten blev elveløpet tilstoppet ved store bygningar ”gjerdingar” 1 kilometer framum Øie. Vannmassene sprengte denne aldeles i 30 alens lengde, og hele vassmassen brøt sei vei hjemover våre marker. Og igjenom tun-bebyggelsen. Slik at det såg frygtelig ut her.
---
Sne- og ismassene som stoppet elveløpet, var 60 alen langt og 6 til 7 alen høyt. Den 19. mars måtte vi med hjelp fra flere gårder hugge og skuffe en veite igjennem nevnte sne og ismasser som var nedlagt frem igjennem vinteren. Og derved få elven tilbake i sit oprindelige løp.”
Også Berte Kanutte Moe, gift Øye i Nilsgarden, noko å fortelja om denne hendinga:
”Det var ein retteleg fimbulvinter med mykje snø og gnallefrost. Då det lei ut i mars, ljosna det med mildvêr og regn. Alle elvefar var tilfrosne med tjukk is slik at vatnet ikkje fann avløp. Eg og dei to smågutane til morbror låg på fjøshellen, og om morgonen høyrde eg plaskinga av eit ofseleg regnver. Då eg flytte gjennom eit glas som var i fjøsramen, såg eg at snøen var blå av elvevatn. Eg gjorde meg ferdig med fjøsstellet, men då synte det seg at det var uråd å kome seg nedatt til stova. Morbror la då fjøler over snørunen og me gjekk på desse fjølene slik at me kom oss i hus. Så var det å berge merra og sauene opp i kufjøsen, for både stallen og smalefjøsen stod fulle av vatn. I løa stod vatnet ein meter opp i høy- og halmstålet. Der var ein stor bryggeså i løa, og den brukte smågutane som båt og ”rodde” rundt inne i løa. Då me sag ned gjennom luka i golvet i stova, stod vatnet jamt med låsen i kjellardøra og mesteparten av potetene sto under vatn. Han gamle Jo-Lars på Fremstebøen hadde fått merra heim i huset. Men jentene som låg i fjøsen kom seg ikkje heimatt, slik at dei måtte ride fram til dei med mat. Dei måtte også ride for å hente mat frå stabburet.”


Frå Øy til Natal i Afrika

Den 14. juli 1882 reiste 233 sunnmøringar til Natal i Afrika. Av desse var 25 frå Ørsta og 14 frå Follestaddalen. Berre frå Øy reiste det 11 personar delt på to familiar:
Nils Jonson Øye (1838-1923) frå Nils-garden, med kona Anne Malene Jakobsdotter (1841-1926) og borna Jon (1868-1918), Guttorm (1870-1910), Kanutte (1873-1967), Ingeborg (1875-1952) og Kornelia (1877-1946), og systra til Nils, Johanne Jonsdotter Øye (1850-????) var med som tenestejente. Nils vart kalla ”Afrika-Nils”.
Jon Larsson Øye (1848-1891) frå Jo-garden og kona Karn Paulsdotter Myklebust (1850-1889), med eit spebarn. Dei var gifte to år før dei drog. Jon vart kalla ”Afrika-Jo”.
Det har vore drøfta om dei vonlause tidene i dalen på den tida, med uår og flaum, var medverkande orsak til at dei to Øyakarane reiste frå Follestaddalen til ukjent land i Afrika. Og det kan vel hende at dette var medverkande, men for begge gjaldt at dei var sterkt misjonsinteresserte, og vona å kunne gjere ein innsats for Guds ord i eit land som dei utvilsamt hadde høyrt mykje om frå misjonærar og lese mykje om i misjonsblada.
Vonbrota sto i kø for utvandrarane:
Afrika-Jo og kona miste spebarnet sitt alt under båtferda sørover med ”Lapland”. Barnet vart seinka i Atlanterhavet utanfor Kap Horn. Begge vart sjuke og døydde i Natal etter nokre få år. Berre ei dotter, Anne som var fem år då foreldra vart borte, var igjen av denne familien. Ho kom heim til Noreg og vart gift her.
Då dei kom til Natal var lite som dei var lova. Dei som møtte dei, var innfødte med krigsdans i slik ei form at sunnmøringane trudde deira siste time var komen. Husvera var stråhytter med gras på golvet, det var mengder av slangar og termittar – og det var ikkje ein åkerflekk som var broten. Husdyr fanst ikkje.
Afrika-Nils bygde seg ein verkstad og starte med å lage hjul og vogner samtidig som han braut opp land til farm, men vonbrotet over at han ikkje fekk verke som misjonær, tok han svært tungt. Han gjorde likevel ein stor innsats for misjonsstasjonar i Zululand. Det var han som tok initiativet til at Ørsta menighet samlet inn midler til den prekestol som Nils Brekke laget til Eshowe kirke. Det vert sagt at han lengta tilbake til Follestaddalen i all si tid, og til sist sa han at ”Afrika er ikkje for kvite”, gav alt han eigde til misjonen og flytte tilbake til Skudesnes, der andre kona hans kom frå, saman med tre av borna. Nokre av borna vart att. Ein son, Guttorm, stifta familie i det som då heitte Rhodesia, medan to døtre – Ingeborg og Cornelie - gifte seg i Natal, og har framleis etterkomarar i Sør-Afrika.
Johanne Jonsdotter Øye gifta seg med O. J. Brautaseth i Eshowe kirke i Zululand, men dei busette seg i Marburg i Natal saman med de andre sunnmøringane og dreiv farm der. Dei har også mange etterkomarar der, blant andre Arne Brauteseth, som framleis steller med den norske kyrkja og ei minneutstilling der over innvandrarane.

”Du namnen min”
Afrika-Nils skreiv ein del brev heim medan han var i Natal. Mellom anna skreiv han med minsteguten i Hans’Lars-garden, Nils Larsson Øie (1884-1916). Vesle Nils var fødd tre år etter at Afrika-Nils reiste, men vart døypt etter han. Difor skreiv dei til kvarandre, og Afrika-Nils tiltala ni-åringen heime i Follestaddalen i eit brev frå 1893 med ”Du namnen min”, og skriv mellom anna nokre ”alvorsord” til han :
”Paa skula e vel du svær mee aa ska skrive Norsk. E hekje noki tid likt aa forlate den Dansken. Vel fordi e he mottike so mange gode intryk i de spraake, so man no kalla so haanli klokkardansk, dei so seije so. Likavel, inke korke Klokkar elle Prest, men e trur at du namne min vil høire vel etter ka deis eie, begge två. Dei laake dagane kjøme, ska seije, de behaga me inke. Kjære lile veni min, e spøker inke, verken e el du live inke meir el en gaang. Aa om du verte so gammal so e, so vil du haa ette dei gongane du va uhøfli el ulydi naa far elle mene mor. Naar du ska vere mee aa begrave dei om inke før. Nu vel, e vil jerne tru at du tee til ettetaanke de dei seije alle som stee i Guds sted, aa de he du vell allereide oftere haurt af mor og far. Din far fortele at han he to smaa drenge. Ja, men e he ingi e, bere nokre ville kaffere. Naar du verte stor saa maa du leite ette namni din, om han live. E haaper vi ska kome vel ut af dee. Du maa helse dei Nilsgutane at de ogsaa maa skrive. E seije dei at dei maa live vel.”



Hardverssundagen i 1884.

Hardverssundagen har dei på Øy kalla sundagen 20. januar 1884. Igjen er det Berte O. Øye som har fortalt, til Asbjørn Øye, om heimturen frå kyrkja, då det tok til å blåse opp :
”Då vi kom fram til Jakobsplassen , såg vi at det var ”laust ljos” fram i Fyldalen, og det i slikt ver! Det synte seg å vere berre ei skorsteinspipe som brann av, ein pipebrann. Vi køyrde opp i Fyldalgarden, og Nils bar inn henne Ane, som var giktbrota. Då kom det ei vindflage og tok kjerresetet og hivde det inn under buda, så det vart knust. Det var vår lukke, for då fekk vi setje oss ned i kjerrebotnen da vi skulle over Fyldalvadet og bort til Øy. Når dei verste vindflagene kom, vart vatnet i Storelva blåst opp i lufta, så elva var mest turr. Då vi kom framatt i Nils-garden, såg der ikkje rart ut. Det hadde dreve inn vatn, så heile golvet var vått. Vinden hade slengt ei glasrute inn i inste veggen. Dei hadde ikkje tora leggje i omnen, så det var kaldt. Ein skreppehandlar møtte vi i kjellardøra, for han torde ikkje vere oppe i stova. Han Nils spente frå kjerra, men ville ikkje ha ho under buda som vanleg, då han var redd ho ville blåse ned. Men så med eitt såg vi at vinden tok kjerra fram over markane som eit lyn, og knasa henne til pinneved. Det var berre hjula som var heile. Så bles taket av løa. Vinden tok så den store hella på skorsteinen, sjølv om det låg ein liten slipestein på ho. Hella vart kasta ned på marka og vart ståande på kant ned i jorda”, fortalde Berte.
Kyrkjefolket mista både huer og hattar som blåste vekk. Ho Hans’Lars’Ingeborg (1841-1898) – mor til bestefar Lauris – var også på heimveg frå kyrkja. Lenger fram enn ”heim på Holane” kom ho ikkje:
”Der måtte ho legge seg ned på marka og halde seg fast i ein bytestein på Hans-Teigen ei heile stund.”
I 1889 tok stormen tak i stabburet i Nils-garden og stabburet i Ellinggarden og reiv dei ned frå solane , medan ei svær skorsteinshelle på hovudhuset i Nilsgarden vart kasta 30-40 meter framover markene.


Ver og uver, flaum.

Mange har sagt og skrive mykje om ver og vind og flaumar og fonner og andre ulukker i Follestaddalen. Ei gamal segn fortel at folket i dalen hadde bestemt seg for å flytte derifrå, på grunn av vanskelege forhold - men at dei "møtte våren" på vegen, og snudde igjen. Det er diskutert om dette kan ha noko med Storvassflødet i 1881 og utvandringa til Afrika å gjere, men det er heilt klårt at dersom det i det heile tatt finst noko historisk opphav til segna, må det vere noko som ligg langt lenger tilbake i tida.
Men Follestaddalen som andre stader i Noreg har hatt sine krisetider. Uåret 1812 merkte folk mest over heile landet, med dei såkalla borkabrødtidene. Stort betre var det ikkje året etter på disse kantar, og det vart sagt at folk slakta hopper og folar for å ha mat nok.
Poteta var enno lite kjend på Møre, trass i at ein Nils Hansson Myklebust i 1813 hadde fått premie av Sognelaget fordi han brukte ”potetesebler” i brødmjølet. Poteter kom visstnok første gang til Noreg i 1770-åra, men fekk skikkeleg spreiing på våre kantar først i åra 1820-1835. Den hadde stor verknad på næringa i landet, og saman betre helsestell gav den grunnlag for større vekst i folketalet frametter 1800-talet.
Mangel på fór, eller ”lodaløyse” som det heitte, var det stadig vekk. Jon Nilsson Øy (1803-56) i Nils-garden sat og skov rognebark i Trolldalsbakkane i setremarka ein heil dag i 1855. Han fekk lungebetennelse i seg, og døydde året etter.
Etter storflaumen i 1881 vart det stor mangel på fór på Øy. Oldefar Lars fortel i dagboka si korleis dei henta heim rognetre for barking frå Øyadalen:
"22. april kjørte vi firingsstrengen fram under Trolldalsbakkene, strakte den over elven til Langåsnobben. Da begynte vi at hugge rogn så langt som nogen fantes. Drog den på kjelke til strengen og firte den over til andre siden av elven, der veien går. I alt kjørte vi hjem 80 lass fordelt på hele garden (7 bruk)."
Det var stadig flaumproblem i Storelva. Under storflødet i 1881 vart åkrar øydelagde frå Årsetra og Øy heim til Ivershaugen på Follestad. Det var stadig planar om å gjere meir enn å bygge bolverk der kvennhusvatnet vart teke inn, men det tok si tid. Først etter andre verdskrig vart Storelva beinka (retta ut og steinsett). Det kosta i alt 600.000 kroner, der grunneigarane sjølve skulle dekke 200.000. Asbjørn Øye meiner at dette er det største prosjekt som follestaddalingane har teke på seg. Arbeidet vart ferdig i 1948-49, men gjorde så store endringar av åkrar og teigar attmed elva, at det førte til utskifting. 50 grunneigarar var med, og utskiftinga var først ferdig i 1953.
Også Asbjørn Øye meiner at Follestaddalen er særs utsett for ”rare” vêrlag, og mellom anna nemner han at i 1923 fraus potetriset tre gonger, men det var det verste året på 1900-talet, skriv han.


Gamle far og nye vegar.

På den tid då folk flest måtte bruke beina for å kome frå eine staden til den andre, eller sat til hest eller i hestevogn, var det ikkje rart med vegar og bruer i Follestaddalen. Der folk og dyr gjekk vart det etter kvart stiar og tråkk, men utetter 1700-talet kom det meir plan i arbeid med samferdsla. Det var postføringa som dreiv fram betre vegar då.
For dei som måtte bruke Apostlane sine hestar frå Øy til Vik tok turen to timar. Dei som budde i Follestaddalen måtte ofte gå denne vegen, eller vere glade om dei fekk sitje på med ei hestevogn av og til. Men det gjekk ikkje så mykje fortare, med lass brukte hesten også fort to timar på denne strekninga. Ungdom i dalen måtte elles gå langt når dei skulle lese for presten . På oldefars tid (Lars Larsson, fødd 1839) måtte han og venene hans gå heilt til presten i Volda, via Åmåsen, Haugen og Krøveleidet. Det var ein tur på rundt to mil kvar veg. Først omkring 1885 kunne follestaddalingane få lese for presten i Ørsta kyrkje. Presten på oldefars tid var elles ein underleg skrue. Han brukte preikestolen til å fortelje at han hadde grisungar til sals, og kunne også etterlyse fór frå preikestolen når han trengte det.
Det var elles ikkje sjeldsynt at folk gjekk lange vegar, ofte for å spare svært lite. På slutten av 1800-tallet kom kunstige fargemiddel i handelen, og ei jente frå fremste Follestaddalen gjekk då til Volda for å kjøpe slike ”litapakkar” som dei vart kalla, for i Volda var dei to øre billegare enn nede i Vik...
Frå gamalt av var det vegen på Barstadsida som var best i stand i dalen. Det har vel samband med at det i si tid var lettare å kome fram med ein slags veg der. Frå 1733 var vegen ein del av den gamle postvegen mellom Bergen og Trondheim. Den kom via Bjørkedalen frå Nordfjord, gjekk med båt over Voldsfjorden til Rotset, over Krøvelseidet, opp Follestaddalen og Øyadalen til Standal. Så gjekk posten med båt til Hundeidvik i Sykkylven, og vidare mot Trondheim. Vegen frå Volda via Follestaddalen til Standal vart prioritert på nytt som hovudveg av amtstinget i 1862, men dette vart omgjort i 1872 etter at dampskipa etter kvart tok seg av posttransport både langs kysten og i fjordane. Men då var ein god del av Standalvegen bygd, på Kolåssida. Denne gamlevegen kan ein framleis godt sjå i terrenget, og kjem inn på noverande setreveg framanfor hytta til Aslaug og Einar Øye rett under Høgkolåsen. Setervegen i Romedalen vart bygd i åra1888-89.
Ei synfaring i 1838 viste at vegen på Barstadsida hadde godkjend standard berre fram til ”Romedal elv”, men i 1845 var vegen til Kolås i god stand og i 1846 i kjørbar stand med hjulvogn.
Vegen på Follestadsida var opphavleg berre gardsvegar og gangvegar utan bruer mellom gardane , men vart litt om senn utbetra. (Sjå gamalt kart på innsida av omslaget bak i heftet.) Mellom Øy og Myklebust vart vegen bygd i slutten av 1860-åra. I 1880-åra vart det bygd veg mellom Høgebrua til Moane og Follestad , og resten av vegen på denne sida rusta opp slik at vegen kom på vedlikehaldlistene til det offentlege. Den vart då kalla ”vegen mellom Høgebru og Øiehaug” (før det var bygd bru over Steindøla). Ein del av vegane i Folledstaddalen vart bygd om i 1930-åra. I 1937 vedtok heradstyret at vegen Høgebru-Kolås skulle pukksetjast.


Vad og bruer over elvane.

Før bruene kom, måtte folk og fe ta seg over elvane der det var mogleg. Vad kalla dei slike plassar. I Storelva i Follestaddalen var det tre-fire slike vad som var mykje brukte, og som ein kunne køyre over når elva ikkje var for stor: Mosvadet ved Barstad, Follestad-vadet, Myklebustvadet/Rebbestadvadet og Øya-vadet/Fyldal-vadet. I dei mindre elvane var det ofte lagt steingonge, det var steinar som var lagt slik at ein kunne hoppe tørrskodd over elva.
Før det kom bruer kunne det såleis vere vanskeleg å kome over elvene når det var flaum. Laurits N. Myklebust fortel at han skulle på den såkalla Aftenskulen for dei som var over 15 år, som då vart halden på Årsetra , ein gong det var flaum i elva. Dei måtte gå frå Myklebust og heilt framom setrebrua i Øyadalen, før dei kom seg heimover att til Årsetra.
Den aller første brua i vårt område i ordets rette meining var Høgebrua, men kva år den aller første vart bygd er det ingen som veit. Vi veit at dei bygde ei stor trebru i 1773-74, for det er skildra i boka ”Tids-Register” av Rasmus J. Vassbotn, som var omgangsskulelærar i Ørsta på den tida, og følgde nøye med i arbeidet. Ei ny bru i stein, ei nydeleg såkalla kvelvingsbru vart bygd 1841-44. Dette var truleg største brua på Sunnmøre heilt til Skodjebrua vart bygd i 1920. Brua vart riven etter at ei ny støypt bru vart reist 1919.
Både før og etter at Ørsta herad var organisert som eige herad i 1883, var vegar og bruer støtt og stadig til handsaming i heradstyret. Og sjølv om fylkesstyremakta hadde prioritert ned vegen gjennom dalen til Standal, vart det gjort arbeid der både før og etter. Det vart bygd ei bru ved Myklebustsetra, ei bru ved ”Øyestøl” (Setrebrua) og ei ved Kolåsen (Årseterbrua over Romedalselva), og Nils Kolås måtte kjøpe alle tre då han ville løyse inn brua ved Kolås. Den siste sto til dei bygde ny kvelvingsbru i 1900, og om lag på same tid bygde dei bru over Steindøla ved Kolåsskiftet. Denne brua kom etter krav frå folket på Øy, Kolås, Årseter og Myklebust, då dei skipa meieri i dalen i 1896, for at mjølka skulle kunne køyrast frå setrane i Øyadalen til sommarmeieriet på Årsetra. Standalfolket sjølve gjorde mykje arbeid på si side i åra 1889-92, fram til Ørsta-grensa.
På første heradstyremøtet i 1898 vart det meldt at brudekket på ”Øie Bro” var rote. Mest truleg er dette brua som er kalla Hans-brua, like ved klyngetunet på Øy. Også frå oppsitjarane i Kolåsen kom det bøn om utbetring av bru, og det må vel helst vere brua over Romedalselva. Begge søknadane vart utsett. Heradstyret meinte at det ikkje var heldig å utbetre bruene midt på vinteren. Ei tilsvarende klage om bruproblem kom vinteren 1901 frå Bendik Rebbestad. Eit brukar hadde ramla ned, slik at elva skifte retning og han var redd for skade på eigedomen sin. Også dette må gjelde ei mindre, lokal bru. Han fekk inga hjelp. Samrøystes sa kommunestyret nei til tilskot, enda fire follestaddalingar var medlemar av styret.
Oppsitjarane på Årsetra og Kolåsen vart bønnhøyrde i heradstyret i 1899. ”Til Kolaas Bro, der har været Træbro og nu er falleferdig” løyvde heradstyret 425 kroner på vilkår om at brua skulle oppførast som kvelvingsbru.
Den første skulebrua over Storelva vart bygd i samband med bygging av Follestaddalen skule i 1901-02. Desse byggearbeida var oppe i kommunestyret våren 1898, og det vart gitt kommunalt bidrag til bru og veg på vilkår av at det vart gjeve fri veggrunn, og at folket i krinsen sjølve skulle stå for vedlikehald av bru og veg. Byggeplanane vart sist godkjende i kommunestyret i møte 28. januar 1901. Dette var ei trebru med to brukar midt i elva, slik at det vart tre vasslaup. Brua var til stor nytte ikkje berre for trafikk til og frå skulen, men også for mjølkekøyring og samband elles i dalen. (Det var ei slags ”skulebru” før òg, sjå nedanfor.)
I same kommunestyre handsama dei eit skriv frå ”samtlige Intreserede for Broen over Follestaddalselven ved Bytingsgrov” , om å få eit forskott på 200 kroner, og dette vart imøtekome med eit atterhald som kunne vere like aktuelt i dag: ”Naar Herredskassens Stilling tillader der.”
I 1906 var vegane ved Kolås-skiftet og mot Standal oppe i heradstyret. Det vart gjeve tilskot til vegen frå ”Øiehaug til Kolaas Skoglade”, til ”Tunveien til Kolaas” og til 800 meter av ”Standaleidvegen frå Myklebustsætren og bortover”.



Skulegang og skulehus.

Før det første, faste skulehuset og skulebrua vart bygd midt i dalen i 1901 var det såkalla omgangsskule i Follestaddalen. Då var det to skulekrinsar, ein på kvar side av Storelva. Namnet på skulekrinsane vart skifta ein del, men på Follestadsida var det gjerne Follestad og Myklebust som var krinsnamn. På Barstad-sida var det Rebbestad og Fyldal som var krinsnamn. Som omgrepet tydar på, var omgangsskulen på ”omgang”. Bøndene hadde plikt til å halde skulerom og husvere til lærar. Hadde dei ikkje rom nok, vart det leigd ei ledig stove hos grannen. Dei siste ti-åra før dei bygde fast skulehus gjekk borna frå Øy-gardane på skule i Fyldal krins, og det vart kalla Fyldals skule, sjølv om den gjekk på omgang i gardane.
Mellom lærarane på denne tida var nokre av dei mest namngjetne menn i si samtid, som Ivar Aasen som var lærar her 1832-33, Sivert Aarflot (1759-1817) som var lærar i dalen i åra 1778-93, og Rasmus Jakobsson Vassbotn (1749-1821) som var lærar her på slutten av 1700-talet.
Laurits N. Myklebust (1866-1947) fortel at han tok til på skulen i 1874, og då var det tre skulekrinsar i dalen: Foldal krins hadde born frå Foldal, Langstøyl, Årseter, Kolås og Øy, og dei to andre krinsane var Barstad og Myklebust. Før den tid var dei to siste krinsane i lag. Han fortel at i hans tid var det 23 born i alderen 8 til 15 år som fekk undervisning samstundes.
Lina Foldal Engeset (1884-1975) har fortalt om sine skuleminne frå omgangsskulen, på byrjinga av 1890-talet . Ho hadde første skuledagen sin i Pestova i Fyldalen, der Matias Kolås hadde småborna i ei krå. Det var borna frå Kolås, Årseter, Langstøyl, Fyldal, Øy og Øyehaug som då skula i Fyldal krins. Omgangsskulen vart halden ein månad på kvar gard, og kvar gong dei skulle skifte, vart dei påspandert middag av gardkona.
Det første skulehuset var nokså lite. Skulen var to-delt og då var det nok med eitt skulerom. Det hadde tre glasvindauge som vende mot sør. Inngangen var frå nord, med eit lite overbygg over inngangsdøra til skulegangen og lærarkjøkenet. I austre enden var det eit lite husvære til læraren. Forutan eit lite kjøken var det ei lita stove med kammers og eit loftsrom. Skulestova vart varma opp med ein stor rund vedomn, som ofte var raudglødande. Skulerommet vart også brukt til basarar og julefestar, og i kjellaren var eit lite umåla kjellarrom der det vart heldt mange slags møter: Ungdomslagsmøte, religiøse møte, meierimøte, hestemøte osb. Her var det også sløyd for gutane.
I 1920 vart skulen bygd på, slik at det vart to klasserom med dobbeldør imellom. Ved festlege høve kunne dei opnast, og ein fekk ein større sal enn før. Også møteromet i kjellaren vart større og fekk måling. Midt på 1950-talet vart skulen påbygd og restaurert, men først midt i 1980-åra var det slutt på den gamle skulebygninga, og dalen fekk dagens moderne barneskule.


”Meget god flid”

En av dem som gikk på ”Fyldals skule” var Nils Johannes Larsen Øie (1884-1916). Han var yngste broren til bestefar Lauris . Han gjekk på ”Ørstens folkeskole i Voldens prestegjeld ved Fyldals skole”, i åra 1890 til 1899. Dette siste året avla han ”afgangsprøve”, og fekk utskreve ”Afgangsvidnesbyrd” underteikna av lærar Ole P. Berli. Der står det at skulen hadde fylgjande fag, og karakterane han fekk:
Kristendomskundskab 1
Norsk mundtlig 1
Norsk skriftlig 1
Historie 1
Jordbeskrivelse 1
Naturkundskab 1
Regning skriftlig 1
Regning mundtlig 1,5
Skrivning 1,5
Tegning 1
Haandarbeide
Sang 1,5
Legemsøvelser
Hovudkarakter 1,13


Skuleborna måtte over elva.
Borna frå Øy måtte over Storelva dei siste tiåra før den faste skulen vart bygd i 1901. Då gjekk dei skule i Fyldal. Bestefar Lauris har fortalt om strabasar med å kome over elva, og om eit uhell han var med på som kanskje gjorde sitt til at bru-arbeidet kom i gong:
”For 60-70 år sidan då det var omgangsskule i Follestaddalen var det ofte tidsspille og risiko med transporten av skuleborna over storelva. Som oftast greidde borna dette sjølve. Når 12-15-åringane fekk sjøstøvlane til far eller bror på beina, tok dei minsteborna på ryggen og det vart gjerne ei kapping om kven som hadde høgaste støvlane og soleis kunne vasse djupaste straumen. Men ofte var elva so stor at vaksne karar måtte vere med borna og få dei over elva.”

Over elva på hesteryggen.
Ofte var elva så stor at korkje støvlar eller karar var store nok:
”Under ein slik skuledag i Foldal vart elva so stor at han Hans-Syver kom ridande på merra for å få oss over elva. Jau, dette tykte vi var moro, det. Fyldal-gutane kom ogso springande ned til elva for å sjå moroa. Vi var 4 stykke på ryggen av merra. Eg som var den minste framme, og han Syver heldt meg fast inntil seg. Dei tvo andre gutane som var større sat bakpå, og skulle syte for å halde seg fast sjølve.
Komne midt ut i elva ”snåva” merra og gjekk på kne. Dermed rausa alle 4 fram over manken på merra og i elva. Eg som var den minste ”seilte” hjelpelaus med straumen, men Syver var snart på beina og innhenta meg før eg kom så langt. Dei 2 andre kameratane berga seg inn på ei grande (grynne) i elva. Der sto dei trygt, men ikkje turt.
Det fyrste eg klaga over, var at eg hadde mist huva mi. Men skuleprinsa , med abc-boka i var berga, for ho hekk i ei reim over aksla. Då var det verre med dei tvo andre, som hadde skulelaupen i handa. Dei greidde ikkje å passe på desse, og straumen for med dei. Men fyldalgutane fiska skulelaupane upp lenger nede i dalen, der dei kom so nær elvekanten at du kunne nå dei. Merra som kvitta seg med karane på ryggen sette i gallop oppover til tunet, og var den fyrste som var bod om basket i elva. Men før bergingsmannskap kom, var vi alle sett på fast, turr grunn. Kanskje dette hendet ogso gjorde sitt til at tiltaket med skulebrua vart sett i gang”, skreiv bestefar Lauris. Denne hendinga fann truleg stad ein gong i 1885-86, då Lauris var 8-10 år gamal.

Hengebru vart bygd i 1887.
Eit år eller to etter bygde karane på Øy, Fyldal og Langstøyl – med litt bistand frå Øyehaug og Årseter - ei bru like heimanfor vadet. Heradstyret løyvde 80 kroner , og resten av pengane og arbeidet tok dei ansvar for sjølve. Dette var altså ei smal gangbru, basert på plankar over to kablar med feste på kvar side av elva. Hengebru eller strengebru, vart det kalla.
Oldefar Lars I. Øie (1839-1910) skreiv dagbok om brubygginga. På Øy-sida var det sju karar frå Øy og ein frå Øyehaug som gjorde arbeidet. Stort sett arbeide dei seks dagar kvar, og alle stilte med hest ein dag. Det var Lars som sto for minering, steinkøyring og muring av brukar på på Øyasida. Reine kostnader på brua var 139 kroner og 12 øre, der 68 meter stålkabel var største utlegget, til 65 kroner. ”Krut og lunte” kosta kroner 3,25 og kroner 28,31 gjekk med til ca 180 kilo ”jærn til broen”.
Det er fortalt at både born og vaksne hadde moro av å ”sveie seg” på strengbrua, slik at ho til sist hang lågare enn før. Og ein vinter reiste elva med heile brua, og ho vart aldri sett opp att. Det er ikkje sagt noko om når elva tok hengebrua. Sjølve skulebrua kom altså først i 1901.


Den første bilen.

Når den første bilen kom køyrande gjennom dalen vei vi ikkje, men det skal ha vore ein ekte follestaddaling som køyrde første bilen på setrevegane. Odelsguten i Olagarden på Follestad omkring førre hundreårskiftet heitte Elling Olsson Follestad (1882-1967). Men jorda ville han ikkje ha: ”Jord og krøtter er som ein pest for meg”, sa han. Nei, det var teknikk og maskiner som var alt for han. Han var tidleg ute med sykkel. Den første av dette slaget vart sett i Ørsta i 1880-åra, men sykkelen vart ikkje vanleg før et tid ut på 1900-talet . Elling var den fødde reparatør av slike ”maskiner”. Det same gjaldt då bilar og motorsyklar kom på bygdene kring første verdskrigen. I 1915 kom første søknad til heradstyret om rutekøyring med bil, og det gjaldt mellom anna rute i Follestaddalen. Elling Follestad var saman med P. E. Øie i Vik (kom frå Ellinggarden på Øy) og Ragnvald Moe om å søke løyve til bilkøyring i 1920. Han skal ha vore den første som køyrde Vartdalstranda med bil, og han var også den første med bil på Steinstøylen og på Myklebustsetra, fortel Einar Aambakk.
Den mest kjende bilen i Follestaddalen i si tid må likevel ha vore bilen til Nils I. Aarsæther (1897-1987), som budde på Myklebust etter at han gifte seg. Han starta mellom anna med rutekøyring, og den første tida skjedde det med ein lastebil med ei bud bakpå lasteplanet. På folkemunne vart bilen kalla ”Bondegledå”.
I første del av 20-åra var det strenge restriksjonar for bilkøyring. Etter kl 22.00 om kvelden var bilkøyring forbode. Seinare gjaldt forbodet mellom kl 23.00 og 06.00 om morgonen. Etter 1926 måtte ein framleis ha løyve, men elles var det fri trafikk med like vilkår for alle.
Biltrafikken førde med seg behov for meir brøyting av vegane. Før den tid gjekk det bra med hest og slede vinterstid, og litt plogkøyring med hesten slik at dei gåande kunne kome fram. Etter kvart som trafikken auka måtte det meir brøyting til, og då vart ansvaret for dette fordelt på gardane etter roter – kvar gard hadde sin del av vegen, slik dei tidlegare også hadde hatt vedlikehaldsansvar på vegen. Den første brøyting med kommunal bil rundt Follestaddalen skjedde i 1931.
Dei første mekaniske landbruksmaskinene vart dregne med hestar før traktorane kom, og fleire slike maskiner kom omkring år 1900. Hans’Lars-garden var første ute med McCormick slåmaskin i 1901.



Meieridrift i Follestaddalen.

I 1880-åra var det enkelte bønder i dalen som sende mjølka si til meieri i Ålesund. Dette måtte sjølvsagt vere tungvint, og etter kvart kom det initiativ til å drive meieri her. Det er uklart kven som var aller først, men ein Per Thue frå Vanylven skal ha hatt meieri i Follestaddalen i 1889-90. Ikkje lenge etterpå kom Ørstens Landhandel (seinare populært kalla berre ØL). Den var skipa av Anders A. Welle og L. P. Ose i 1891. Dette var ein handel med stor verksemd i mange bygder, også i Nord-Norge. ØL starta òg meieri i Follestaddalen, og mellom anna skal dei ha prøvd seg med setermeieri på Øyasetra i 1891.
Frå 1896 kom bøndene sjølve i gong med eige meieri. Follestaddalen Meierisamlag vart skipa 5. oktober 1896. I åra 1901-02 vart det bygd ei meieribygning på Myklebust som vart brukt i vintermånadane, og eit sumar-meieri som sto på Årsetra. Begge desse meieria var smørmeieri, og gardbrukarane fekk då separert mjøl tilbake til garden. Begge meieria vart drevne med vasskraft første åra . Elektrisk straum fekk Follestaddalen først i åra 1931-33. Nokre år seinare, i 1937, vart bøndene i meierilaga i Follestaddalen, Åmdalen og i Ørsta samde om å gå saman i eitt stort Ørsta Meieri.
Meieribygningane vart selde i slutten av 30-åra; den eine står som Anders Øyehaug si hytte i Øyadalen og den andre som hus i Ellinggarden på Øy.


Naturalhushold – og handel.

Naturalhusholdning har prega bygde-Norge langt opp i det 20. hundreåret. I Follestaddalen som i andre bygdelag var pengar lite i bruk på 1800-talet, auka noko i første halvdel av 1900-talet – men på gardane gjekk det mykje i bytehandel heilt opp mot andre verdskrigen.
Når bøndene leverte slakt, skinn, egg og andre varer til handelslag i Vik, fekk dei andre varer i byte. Ofte kunne det bli meir kjøpevarer enn dei hadde egne varer å levere for. Ofte vart det kanskje slik fordi det var handelsfolket som sette prisen på både det dei tok i mot, og det dei selde. Det førde til at bøndene i Follestaddalen ville ha sin eigen handel. Det gjekk ikkje lenge frå idé til handling:
Follestaddalens Handelslag starta i 1908 i buda i Kolbigarden på Myklebust, der Johan I. Myklebust (1880-1917) dreiv handelen første åra. Seinare var den ei tid i kjellaren i Kolbigarden, og eiga handelsbud vart bygd på Myklebust i 1911. ”Handeli” var det populære namnet på butikken i dalen i alle år. Handelslaget vart overteke av Ørsta Samvirkelag i 1948. Ingeborg (Bolla, gift Karlsbakk) var ei av dei som arbeidde ei tid på ”Handeli”.
Det kom godt med når gardsbruka etter kvart gav noko kontantar i inntekt, slik som sal av smør frå setra, sal av mjølk til meieria, og sal av egg. Med dette salet fekk dei omgrep som smørpengar, mjølkepengar, eggpengar på gardane.
Sparsemda i dei tider gav seg utslag på så mange måtar, både når det gjaldt å ta vare på alt som kunne brukast, og ikkje søle bort pengar på ting som ikkje var til nytte. For eksempel var det slik at det ikkje skulle brukast såpe i oppvasken, for oppvaskvatnet skulle ikkje kastast. Der var det mykje god næring, så det skulle kyrne ha.
Sjølv om dei fekk høner, vart dei ikkje bortskjemde med egg til maten. Egg skulle seljast, og eggpengane trengte dei. Difor vart skikken slik at når borna hadde fødselsdag, då fekk den som hadde dagen sin, eit egg. Dette var stor stas, og det vart smurt tynt, tynt lag frå egget på brødskiva. Då kunne ein også spare kanskje halvparten av egget, og gøyme til seinare. Men ofte vart gøymestaden gløymt, og det kunne gå lange tider før dei av og til fant opne egg med muggent innhald langt inne i eit skap.


Post og telefon.

Store hendingar vert i dag kjende verda over gjennom fjernsyn, radio, internett og telefonar. Då danskekongen gav bort Noreg til Sverige under Kielerfreden i 1814, tok det mange veker før det vart kjent i Noreg. For berre vel hundre år sidan måtte folk i Follestaddalen gå eller ri eller køyre hest i et par timar for å frette nytt, hente post, aviser eller blad.
Det aller første sambandet med omverda var revolusjonerande i ei slik tid, nemleg at den første telefonlinja vart lagt opp i 1890, heilt fram til Kolåsen. Sambandet vart opna 9. oktober dette året, men i fleire år var det berre lokalsamband. Smått om senn vart det utvida til stendig vidare distrikt, og til rikstelefonen. Lenge var det også slik at det var berre ein telefon på kvar gard, og ikkje i kvart hus. Der det var telefon, var det òg såkalla talestasjon. Folk kunne gå dit og betale for bruk av telefonen, og dei vart bodsende om det kom telefon utanfrå.
Rikstelefonstasjon i dalen med eige sentralbord vart det først i 1921, hjå ho Pål-Fia i Pål-garden på Myklebust. Det opna for nye informasjoner og dei første ”profesjonelle” og ferske vêrvarsla til dalen. Lauris ringte ofte til ho Pål-Fia for å høyre kva slags vêrmelding ho hadde fått. Før den tid måtte folk klare seg med dei gamle verteikna.
Den første landpostruta gjennom Follestaddalen kom i 1904. Postkassa for klyngetunet på Øy var på Hans’Lars-buda. Før den tid måtte folk i dalen få nokon til å ta breva med til Ørstavik for å sende dei. Ein av lærarane på omgangsskulen skreiv mykje brev, og når han skulle sende, spurte han borna om dei visste om nokon som skulle ”ne te Vik” den dagen, og då fekk dei med seg brevet for å gå til den som skulle til Vik.
Sjølv om både post og telefon var komne til dalen, var nok døra på ”Handeli” på Myklebust den viktigaste sambandskanalen i mange, mange år. Eit oppslag her nådde fort ut til heile dalen. På disken og på trappa var det også ein viktig møteplass, der ein fretta nyhende både med folk i dalen, mjølkekøyrarar, sjåførar frå Landhandeli og Samvirke, og andre køyrande frå Vik.


Møter og festar i stovene.

Før skulen vart bygd i 1901 fanst det ikkje noko forsamlingshus i Follestaddalen. Skulle ein halde møte, og det var nok ein del religiøse møte som vart haldne før den tid, så måtte det skje heime i stovene hos folk. Asbjørn Øye nemner at der det var romslege stover, vart det halde slik møter. Han nemner at barnefestar vart haldne i Lars-stova i Fyldalen og i Hans’Lars-stova på Øy. Follestaddalens Ungdomslag vart skipa i 1895 og må altså ha byrja med møter i heimane, og det er fortalt at laget heldt festar både i Kolbistova på Myklebust og i Ellingestova på Øy . Det var truleg ungdomslaget som byrja med boksamling, omkring år 1900. Follestaddalen var ein av stadane i Ørsta som hadde lang tradisjon med boksamling og sjølvstendig utlån . Ni år seinare fekk boksamlinga i Follestaddalen 12 kroner frå heradstyret i tilskot, skreiv Søndmøre Avis i januar 1909.
Frå 1880-åra av kom det mange skyttarlag rundt i landet, i samband med striden med Sverige og forsvaret for grunnlovsverket frå Eidsvold. Follestaddal Skyttarlag vart likevel skipa så seint som i 1904, med 12 medlemar og to rifler. Det var vel noko seint, ettersom løysinga kom i 1905. Skyttarlaget vart då også nedlagt i 1910.
Det har alltid vore stort og omfattande foreiningsliv i Follestaddalen. Asbjørn Øye meiner at ein skal takke lærarane for det, fordi dei engasjerte seg i alt slags foreiningsliv og samfunnsliv. Her er skipingsår for fleire foreiningar:
Follestaddalen Hestetrygdlag var skipa før 1913, Det såkalla Gamlekoret i Follestaddalen vart skipa i 1917, Sundagsskulen i dalen kom i gang i 1918, Follestadalen Egglag vart skipa i 1923, Follestaddalen Sanitetslag i 1924, Follestaddalen Hornmusikk kom i gang 1944.


Ordførar-dalen.

Kanskje er det lærarane og foreiningslivet ein også skal takke for det store politiske engasjementet som har vore hjå follestaddalingane. Svært mange frå dalen har vore aktive i det politiske liv, i skule- og heradstyre – og lenge var det fast at ordføraren kom frå Follestaddalen. I første halvdel av 1900-talet vart dalen kalla Ordførar-dalen . Det skuldast at då Otto N. Øye la ned vervet i protest mot NS-styresmaktene i 1942, då hadde Follestaddalen hatt ordførarane i 34 av dei 42 åra som var gått sidan hundreårskiftet. Otto var ordførar 1935-1942, og i 1945. Dei to andre ordførarane frå dalen var Laurits Myklebust 1917-34 (sat 12 periodar i heradstyret), og oldefar Lars A. Rebbestad som var ordførar 1902-1910.
Også Hans’Lars-garden har hatt sin politikar:
Lars Larsson Øye (1839-1910), far til bestefar Lauris, var medlem av dei første to heradstyra som vart valt etter at Ørsta vart eige herad. Delinga av gamle Volden herad skjedde i 1883, men då hadde follestaddalingar og andre ørstingar kjempa for dette i alle fall i 35 år – eller nesten like lenge som vi hadde hatt kommunalt sjølvstyre.
Utan at det må ha noko samband, bør det vel nemnast at Ørsta – og ikkje minst dalane – var nærast landskjend for ”stemmebyte”, eit system der familiar og kjente lova å stemme på kvarandre, eller på folk som ”stemmebytarane” skulle ha inn i heradstyret. Ørstingen Arthur Klæbo (1908-85), journalist, mangeårig NRK-kåsør og forfattar, skreiv talrike karikaturar av bygdelivet på Vestlandet, og ikkje sjeldan var Ørsta i alle fall ”litt modell”. Her er eit lite klipp frå Klæbo om stemmebyting og bygdemakt:
”Matias byrja si karriere som bukkehandlar i Krokedalen, sette pengane i ei sjøbu og ein landhandel i Alstadbygda, og hadde etter nokre år så mange røysteføre i bøkene sine at han sikre seg livsvarig plass i heradstyret og avgjerdsprosessen, til Scheikomiteen okkuperte Alstadbygda og isolerte alt framtidsretta initiativ. Ordførarstillinga makeskifta han til seg frå Myrset bonde for fjellstølen i Krokedalen og då han vart banksjef, overlet han landhandelen til eldste dottera si, Helga, gift Johnsen. Den same Johnsen var kommunekasserar, forturnar og revisor i sparebanken.”


Misjonen og religionen.

Religion og misjon spela ei viktig rolle rundt på gardane i Follestaddalen. Også her vart det mange foreiningar, til misjonsformål over heile verda. Truleg var misjonsblada den største postmengda i dalen – kanskje ved sidan av vanlege aviser og landbruksblad.
Engasjementet var stort, men sjølvsagt litt ulikt på dei forskjellige gardane. Ofte gjekk det store vekkingar gjennom bygdene, ikkje minst i 1870 til 1890-åra, i tida før og etter utvandringa til Afrika. Den største på våre kantar av slike vekkingar var nok den såkalla ”Sandstormen”, som fekk namn etter ein predikant som heitte Sand. Han trakk fulle hus overalt han kom.
Det var ikkje uvanleg at gardane hadde øyremerkja avlingar til kyrkje og misjon. Fleire stader hadde dei teigar som vart kalla ”Syndene”. I Nils-garden hadde dei ein teig som dei kalla ”Misjonsattelegå”. På fiske hadde dei ofte eit garn der fangsten eller del av den skulle gå til misjonsformål, og det var ofte og slik at eit lam eller anna husdyr vart øyremerka til misjonsforeining eller andre religiøse formål. ”Misjonslamb” var eit omgrep over heile Ørsta frå 1879, då misjonsforeininga i Ørsta byrja med årlege basarar. Ein av desse basarane var ”lambebasaren” i oktober. Det var gjerne kvinner rundt på gardar i heile bygda som ala opp lamma, og sende dei til auksjonen.


Den store familien.

Det var mange born i alle familiar i gamle dagar. Det hadde nok både med ukunnskap og med tradisjon å gjera, men dels var det vel også ”alderstrygd” slik det i dag er i u-land. Besten og besta på Øy hadde ti born, men fostra opp elleve. Oldeforeldra på Øy hadde åtte born, men som det kjem fram nedanfor var det to som døydde alt som born.
Borna som vaks opp saman med Lauris og Susanne fekk såleis ei stor familie, og mange dei skulle kalla onkel og tante, og mange som skulle bli søskenborn.
Søskena til bestefar Lauris – sjølv fødd i 1876 - var
· Marte (1865-69)
· Anne Marie (1868-1948) som gifte seg med Knut Larsson Foldal (1867-1967). Dei fekk åtte born.
· Marte Larine (1871-1906) som gifte seg med Anders A. Welle (1870-1962), ein av grunnleggjarane av Ørstens Landhandel (ØL). Dei fekk fire born.
· Laurits (1874-75)
· Ingebrigt (1879-1927) – onkel Ingebrigt i Gudbrandsdalen - lærar og gardbrukar. Han gifte seg med Ragna Olsdotter Oden (1886-1980) i Sør-Fron. Dei fekk ni born.
· Sivert (1882-1963) – onkel Syver på Årsetra – som vart gift med Oluffa Andersdatter (1884-1962). Dei fekk fire born.
· Nils Johannes (1884-1916) som flytte til Ørstavik for å få seg arbeid, men gifte seg med nabotausa, Marie Johanne (Malla) Ivarsdotter frå Kolbi-garden på Myklebust (1888-1950). Dei fekk tre born, deriblant Aslaug som fekk vekse opp hos Susanne og Lauris fordi faren Nils døydde då ho var fem år.

Dei 11 i Hans’Lars-garden.
Borna til bestefar Lauris og dei to konene hans, Sofie og Susanne, vaks opp over eit langt tidsrom. Eldstebarnet var fødd eitt år før 1900-talet kom, nemlig i 1899. Den yngste var fødd 26 år seinare i 1925. Oppveksttida for desse borna i Hans’Lars-garden varte altså i nærare førti år – heilt opp mot andre verdskrigen, då minstetausa Johanne nådde konfirmasjonsalderen.
Som vi har sett var det fast skule frå 1901 i Follestaddalen, det var bygd nokolunde med vegar og bruer – men det fanst ikkje elektrisk straum i dalen før storparten av ungeflokken var ferdig med folkeskulen, nemlig i 1933. Før den tid brukte dei talglys og petroleumslampar, det siste var ganske vanleg frå 1880-åra. Juletre før 1910 var ein staur med hol i, til greiner som var satt fast i den, seinare var det eine og gran.
Mangt og mykje måtte dei altså laga sjølve, både av mat, klede og glede. Ikkje var det rart med radio og ikkje var det fjernsyn, knapt var det med anna lesestoff enn misjonsblad, og noko pengar til snop og anna godteri fekk ungane ikkje særleg ofte. Mor Aslaug har fortalt at dei ofte vevde tøy til klede sjølve. Dei var glade når dei fekk mjøl i sekkar, for tøyet i mjølsekkane frå mylna i Ørstavik var særdeles sterkt og brukande til mykje – som laken (to mjølsekkar), putevar, handkle, vaskeklut og også til klede.
- Et ”snop” eg hugsar er kjøsil eller kjøsel. Det var laga av surmjølk, som vart varma opp og sprengt. Det var knadd saman, var stort som eit eple og seigt. Eg fekk det av ho gommerssyste , ho Syvrina Kolås, ho hadde kjøselklumpar i forkle sitt. Det var vel nesten som tyggegummi. Men særleg godt var det ikkje, fortel Aslaug.

”Ho Søvrina Øy”
Ho fekk forresten eit eige dikt etter seg, ho Søvrina, laga av sjølvaste ishavsbiskopen. Monrad Norderval, som var prest i Ørsta då ho døydde. Her er diktet :

Ho låg på sitt siste, ho Søvrina Øy
og stridde med livet og lengta å døy.
Og presten han kom for å gi henne trøyst
men so var det ho som var frigjort og løyst.

Han tok hennar hand so vemodig i sin.
Nei, kjære Søvrina, no vert du skrinn!
Då log ho så smått og det gavst ikke gru:
Ja, e'kje det nok åt makkane, du?

Og presten han falt for den gamle ned,
han ba henne lyse Guds signing og fred.
Å kjære mi Søvrina, var eg som du,
so uredd i døden, so trygg i mi tru.

Veslesysta Johanne.
Det var slik i Hans’Lars-garden som det gjerne vert over alt: Det er mykje stas med ”likkjesystå”. Her var det til overmål to av dei, Marta og Johanne.
Den aller minste var uheldig og miste fingrar i ei halmkuttemaskin i 1929, då ho var fire år. Lauris tok ho med seg ned til Vik, til doktor Øvre. Han heldt til i den gamle distriktslegebustaden, som låg der Odd Fellow-bygninga står i Ørstavik i dag. Johanne gret naturleg nok mykje og særleg når dokteren skulle leke såra så godt som ho kunne. Då sa Lauris at dei skulle vitje ho Aslaug etterpå. Då var ho Aslaug ansatt i butikken til Bakar Hansen. Kva godt som venta der, visste Johanne så inderleg vel. Så det vart brått slutt på gråten…
Ein gong Johanne var på vitjing hjå Aslaug i heimen hos ho Malla i Ørstavik. Dei skulle baka, og mangla noko mjøl. Aslaug bad ho Johanne ”stikke ut til ho Mathilde”, som hadde kolonialforretning 50 meter ut i Vikegata. Då vart Johanne storøygd, og stotra fram:
- Ja, men, ej klare no’kje å bære en heile mjølsekk!
Fram på Øy var ho ikkje van med mjøl i ”laus vekt”.

”Mange born i Øyagardane”
Hausten 1921 kom det ein ”framandkar” til klyngetunet på Øy. Det var Petrine og Lars i Nilsgarden som hadde vore hjå familien hennar Petrine på Vatne i Åmdalen og ”lånt” seg ein gut. Dette var ikkje uvanleg innafor familien i gamle dagar, og slett ikkje når eit par såg ut til å verte bornlause. Slik var det med Petrine og Lars, og dermed kom fire år gamle Matias Vatne til Øy. Han har fortalt om med møtet med klyngetunet slik:
”Dei fire Øyagardane låg i den tida svært nær einannan. Og vegen gjekk mellom gardane, så det var lett å fylgje med kven som for heimover eller framover. Folk køyrde eller dei gjekk, og både skuleborn og andre stogga og prata med oss når vi leika på den store steinhella som låg mellom vedahuset og vegen. (…) Brua over elva var delt i fleire løp. Nils og eg låg ofte på brua og kika ned etter krede. På den andre sida, like ved vegen til Støylane, var røykeriet. Karane hadde grave ei veite som var dekt med heller og jord, og når dei fyrte med eine og sagflis, kom røyken ut langt oppe i bakken, og der hengte dei spekemat, mòr og sild som fekk den fine røyksmaken. I alle Øyagardane var det mange born, og mange gutar kring vår alder. (…) I Hans’Lars-garden var Ivar, Sverre og Nils, og så ei jente, Aslaug, som var nedanfrå Vik.”
Matias kom heim til sine eigne i Åmdalen ganske fort. Som fem-åring var han på Vatne for å sjå nyesøstra si, som nett var fødd. Syskena hans ville då ikkje gje slepp på han, og dermed vart det åmdaling av han likevel.



Skisport og fotball.

Det var yngstegutane Leif (fødd 1920) og Nils (fødd 1917) som skulle verte idrottsatletane i syskenflokken i Hans’Lars-garden. Begge gjorde det etter kvart skarpt både på ski og i fotball. Etter det eg veit, var det ikkje noko eige idrottslag i Follestaddalen, slik at dei to starta for Ørsta Idrottslag, som var skipa i 1928. Inspirasjon fekk dei snart, for Fyldalheida var ein av dei stadane som vart brukt til både langrenn og hopprenn i 1930-åra. Nils var den som ifølge idrottslaget si 50 års historiebok utmerkte seg først, som skihoppar. I 1934 fekk han sine første premiar i klassen 15-18 år, og året etter fekk han ”damepokalen som beste hopparen” i Ørstarennet. Då var Nils 18 år. Leif utmerkt seg i bakken same året, som 15-åring. Før 2. verdskrigen vart det halde skirenn også i Løkabakken på Årsetra og på Standaleidet, før idrottsstreiken stogga idrottsarbeidet. Etter krigen var Nils og Leif med nokre få år, og i desse åra var det ofte renn på Årsetra. Så seint som i 1960-åra skal det ha vore hopprenn der.
Skisporten var elles ikkje så gamal då Nils og Leif konkurrerte i hoppbakken. Ålesund Skiklubb, skipa i 1908, hadde skirenn på Standaleidet frå omkring 1910. Ålesundarane kom anten til Kolås laurdag og overnatta der, eller med ekstrabåt til Standal sundags morgonen. Nokre av jentene på Myklebust byrja å selje kaffi i sela på Myklebustsetra til byfolket, men i 1912 bygde nokre Myklebustkarar ei hytte dei kalla ”Gluggen”, med kaffiservering. Seinare bygde skiklubben sjølve ei større overnattingshytte under Bjønnanakken; ”Standalhytta”, 380 meter over havet. Dette er vel det næraste ein kjem serveringsbedrift i dalen før vi fekk ”Solhøgda” på åsen nedafor Kolåsen. Den vart start av Jorunn og Jon Årseter, var i drift ein del av 1950-talet og mykje populær særleg blant helgeturistar på ski i dalen.
I Ørsta skal det første skirennet ha vore omkring 1919. Dei fleste hadde nok heimelaga ski då, men kort tid før rennet skreiv ein ørsting til Gresvig Sportsforretning i Oslo og bestilte seg ”hikoriski”. Den kvelden skiene kom til Ørsta, skal det ha vore stort frammøte av ungdomar som ville sjå på stasen…
Like før og etter verdskrigen vart det fotballen som tok over interessa for Nils og Leif. Begge vart faste på Ørsta sitt A-lag, og frå 1948 spela Leif òg mange kampar på krinslaga på Sunnmøre.
Storebror Sverre var elles medlem av styret i idrottslaget i 1948, og det same var Leif i fleire år på 1950-talet.
Då ”Besta” var 70.
Då Bestemor Susanna var 70 år den 6. august 1952, kom Petrina og Lars frå Nils-garden med dette ”Dikt til Susanne Øy i Hans’Lars-garden på hennes 70 års dag”:

Me helsa vil Susanna paa hennar store dag,
og ynskje millom anna, ”Til lukke med dit lag”.
I dag du hev ikring deg ein barneflokk so stor,
og svigerborn og borneborn som takka ”bestemor”.

Men ser me lit attende, det var kje alltidt blitt,
for tidt det kunde hende at helsa ho slo klikk.
Og barneflokken auka og burte var han far.
Og daa det røynde modst(?) paa ho som heime var.

Ein kunne kanskje vente at du vart tung og stur.
Men aldri kan me minnast at me hev mødt deg sur.
Og altid var du reide um ein deg trengde til,
so aldrig var det tverking, men altid god og snild.

Um heimen krevde mykje, langt meir enn du vann på,
so stod han alltid open, naar nokon inn vilde sjaa.
Og andre born dei hygde seg som om dei heime var
og mange gjilde minne fraa denne tid dei har.

Og saag du innom stova, du stod der blid og god,
me slopp aa vera rædde, naar du i døra stod.
For stikkord eller ovund me alle sparde var
og ingen kunne mærka, du os paa bygda bar.

Di hjelp og trøst du søkte hjaa ”Han” so hjelpa kan,
og i ”Hans” klaare kjelda, du styrkedrikken fann.
Og tidt du raadde andre, aa gaa den same veg.
Før det og mykje anna me takka deg i dag.

På dalen som i byen.

Etter andre verdskrigen vart livet i dalen meir og meir likt livet i bygdebyen. Fleire og fleire fekk bilar, fleire og fleire arbeidde på fabrikk ved sidan av gardsbruket.
Arthur Klæbo har skreve om dette på sitt særeigne vis:
”Den utviklingsglade sivilisasjonen frå det industrialiserte Europa og Amerika kom som ein influensasmitte inn i bondestovene, sette mott og makk i framskap og langbord og skam på ølbollar og sengjamatkorger. Bondestova vart umoderne og avleggs, møblar og matskikk kasta ut, stundom mål og meiningar òg, og vi fekk bestestova i staden, med kommode og golv-til-takspeil, rundebord og pidestall. Rett nok, sumt av det gamle skrotet frå stove og stabbur enda sine dagar på naftalin-osande bygdemuseum, og ingen har sett det meir, men mykje gjekk i kjerrene til antikvitetshaiane, som framleis fer rundt på dødsbuauksjonar i bygdene og kjøper opp kultur-fossilar til rotlause byfolk, så dei òg kan få seg ein verdig historisk bakgrunn i livet, og litt styrkjemedisin for si vaklande identitetskrise.”
I dag er det stille eller stillare på dei fleste gardane i dalen. Det bur ikkje lenger tre generasjonar og ein stor ungeflokk på kvar ein gard. Bilane og møblane er like fine som nede i Vik, og nyhendene om flyangrep på New York og resultatar frå fotball-VM kjem like fort til skjermane i Follestaddalen som i Oslo. Tor kan prate ”live” og ”online” med kollegene i NRK på skjerm, mest som om han sat i sjølve Kantina med stor K på Marienlyst.
Men av og til kjem det vitjing. Vi låner auge til Arthur Klæbo-tekst igjen, med denne replikken som han legg i munnen til ”ei av damene på saniteten”:
”Det har vorte så moderne å leite opp slektsrøtene sine, at bysnobben må hit på bygda, anten dei vil eller ei.”

”Me skal koma”
Kanskje har vi som har røter her i dalen likevel lært noko av omgangsskulelærar Ivar Aasen. Til dømes det han skriv i diktet ”Me skal koma, um inkje so braadt”, siste to versa:
Lat oss inkje Forfederne gløyma,
under alt, som me venda og snu;
for dei gav oss ein Arv til aa gøyma,
han er større, en mange vil tru.
Lat det merkjast i meir en i Ordi,
at me halda den Arven i Stand,
at naar Federne sjaa att paa Jordi,
dei kann kjenna sitt Folk og sitt land.

***
(Merknad:
Eg ser at nummera på Nils Øy sine viktige kjeldehenvisningar har forsvunne ved utlegging på internett. Skal sjå kva eg skal gjere med det etterkvart. Men sidan henvisningane står der, legg eg det ut. Helsing Tor Øye)

Ivar Myklebust: Ørsta, utgjeva 1933, side 7.
”Veidefolk”, som hovudsakleg levde av fangst og fiske, og som ikkje var bufaste.
Boka ”Fra de første fotefar. Sunnmøres forhistorie”, Sunnmørspostens Forlag 1984, fortel levande om dei første sunnmøringar, men ikkje noko konkret om busetjinga i Follestaddalen.
Myklebust si Ørstabok, side 20.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, Stend 1983, side 12.
Myklebust si Ørstabok, side 206 ff.
Ørstingar II, Ættebok for Ørsta 1900-1998. Med åtte bruk er medrekna Øyehaug.
Segna er trykt i Ørstaminne 1988, side 17.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 96.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 101.
Myklebust si Ørstabok, side 205.
Asbjørn Øye (1902-1998) var rektor på Stend Jordbruksskule, og kom frå Nilsgarden på Øy. Han har skreve mykje om lokalminne frå Follestaddalen. Om gardsnamnet, sjå skriftet ”Follestaddalen i Ørsta. Litt om naturvilkår og arbeidslivet gjennom året”, datert 1974, side 2 og 6.
Norsk Stadnamnleksikon, 4. utgåva, Det Norske Samlaget, Oslo 1997.
På Statistisk Sentralbyrå si heimeside kan du få vite kor mange som heiter det same som deg. Tala gjeld for 1. januar 2002. Nettadressa er http://www.ssb.no/navn/
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 94.
Den som skriv seg for Øye vil då finnast under ”YE”, og tilsvarende ”IE” for Øie.
Etter folketellinga i 1865 var det 50 personar og i 1875 heile 59 personer busett på Øy.
Ivar Grøvik, ”Ørsta gjennom 100 år”, Ørsta 1982, side 36.
Myklebust si Ørstabok, side 91.
”Greiner frå Jakobsætta på Bjørkedalen i Volda, Sunnmøre”, av Rasmus P. Mork, Stranda 1950.
”Tids-Register” utgjeven av Volda Bygdeboknemnd 1980.
Rasmus J. Vassbotn var omgangsskulelærar i Ørsta på slutten av 1700-talet. (”Follestaddalen i farne dagar”, side 141.)
”Erindringer fra Krigsaarene 1807-1814”, utgjeven av Volda Bygdeboknemnd 1982.
Volda og Ørsta var én kommune (Volden) fra formannskapslovene kom 1837, til Ørsta vart eiga kommune i 1883.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 62-63.
Eit hissetre er eit trestykke lagt ”over magen” og med rem rundt skuldrane, til å bære vass- eller mjølkebytter. Når eit liknande trestykke ligg over skuldrane, heiter det åk.
Johannes Buset ”Vartdalssoga”, gards- og ættesoge, første bandet, Vartdal 1954, side 585.
Lina Foldal Engeset, som vaks opp i Kolåsen, har også fortalt om ulv og bjørn i markane der i hennar barndom. Ho fortalde at om morgonane kunde dei sjå ”far etter både bjønn og ulv kring fehusa”. Sjå Ørstaminne 2001, side 38.
”Gamalt frå Follestaddalen” av Otto N. Øye, Ørstaminne 1992, side 33.
Asbjørn Øye, ”Follestaddalen i Ørsta”, manus 1974, side 63.
Asbjørn Øye, ”Follestaddalen i Ørsta”, manus 1974, side 64.
Asbjørn Øye, ”Follestaddalen i Ørsta”, manuskript 1974, side 28.
Asbjørn Øye, ”Follestaddalen i Ørsta”, manuskript 1974, side 27.
Aslaug Øy (1911-) har fortalt at heimebeite var dårleg på Øy, og at Øyafolkje var ”tidligst på setra, og seinast heim”.
Asbjørn Øye, ” Follestaddalen i Ørsta”, manuskript 1974, side 31.
Det var ikkje alltid like varmt. Mor mi Aslaug, som er fødd 26. juni, fortel at i hennar ungdom opplevde dei stort snøfall på fødselsdagen hennar. Heile Øyasetra var snølagt og det var is på søylene. Dei måtte då ta kyrne heim til skogløa nede ved Kolåsskiftet. Gamle Petrine sa då til Aslaug, at ”dette vert nok å fortelje til borneborna”.
Asbjørn Øye, ” Follestaddalen i Ørsta”, manuskript 1974, side 29.
Asbjørn Øye, ” Follestaddalen i Ørsta”, manuskript 1974, side 30.
Ivar Grøvik: ”Ørsta gjennom 100 år”, Ørsta 1983, side 41.
Asbjørn Øye skriv om follestaddalingar på fiske i ”Follestaddalen i farne dagar”, side 147 ff.
Fortalt av sonen til Pernille, den kjende ishavsskipperen Anders Johannes Olsen Lillebø på Brandal, i sitt minneskrift ”Minner og oplevelser gjennem 83 år”, side 6, trykt i Aarflots Prenteverk, Volda (u.å.). Historien er også gjengitt i en artikkel i Møre-Nytt omkring år 2000. Strekninga frå Kornberg ved Dalsfjorden og over Voldsfjorden til Ekset er ei halv mil, og frå Ekset til Øy i Follestaddalen er det om lag fire mil fram og tilbake.
Asbjørn Øye i artikkel i Møre-Nytt, februar 1982.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 90, og Otto N. Øye ”Gamalt frå Follestaddalen”, i Ørstaminne 1992, side 36. Det var her også eit bolverk sett opp for å hindre at vatnet, særleg frå Romedalselva, skulle trenge inn på Øyamarkene gjennom den vasskanalen dei hadde til kvennhusa sine.
Asbjørn Øye, ” Follestaddalen i Ørsta”, manus 1974, side 6.
Avsnittet er skreve på grunnlag av Asbjørn Øyes ” Follestaddalen i Ørsta”, manuskript 1974, side 56 og ”Follestaddalen i Ørsta”, side 164, og ”jubileumsboka” ”Norsk Nybyggerliv i Natal. 1882-1932”.
”Norsk Nybyggarliv i Natal”, side 97 og opplysningar frå Gunnar Gran som vitja Marburg i mars 2002.
Det er mogleg at eg gjer ”Afrika-Nils” urett når det gjeld skriveferdigheit. Eg har freista å gje att brevet presist slik det er skreve, men skrifta er vanskeleg og brevet er gamalt, så eg kan ha mistydd ein del av orda.
Brev frå Nils Øie i Natal, datert oktober 1893, til Nils Øie, Follestaddalen.
Asbjørn Øye, ”Follestaddalen i Ørsta”, side 64.
Husmannsplass på Likkjesetra.
Steinstablar som stabburet – eller ”buda” som det heiter på sunnmørsk – står på.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 42.
Det norske Landboblad 1813 nr 13, utgitt på Ekset.
Asbjørn Øye i artikkel i Møre-Nytt februar 1982.
Firingsstrengen er løypestreng.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 136.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 44.
Konfirmasjonsførebuing.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i Ørsta”, manuskript 1974, side 55.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i Ørsta”, manuskript 1974, side 51.
Vegen på Barstad-sida var bygd før 1838. Vegane i bygda vart registrert dette året, i samband med skipinga av herad (kommuner) etter formannskapslovene som tok til då. Sjå Ivar Grøvik: ”Ørsta gjennom 100 år”, Ørsta 1983, side 80.
”Frå eit langt liv”, av Per Aarviknes, Volda Bygdeboknemnd u.å., side 30.
Ivar Grøvik: ”Ørsta gjennom 100 år”, Ørsta 1983, side 83.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 146.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 142.
Laurits N. Myklebust fortel at det i 1870-åra berre var ein skrøpeleg gangveg utan bruer, og heller ikkje var det bru over Stoerelva nokon stad, i artikkelen ”Om skuletilhøva i mi oppveksttid”, Ørstaminne 2000 side 73.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 141
Ivar Grøvik: ”Ørsta gjennom 100 år”, Ørsta 1983, side 88.
Ivar Grøvik: ”Ørsta gjennom 100 år”, Ørsta 1983, side 87.
Myklebust si Ørstabok, side 75, og Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 142.
På Øy var ”Steingòngp” over Likkjelva til Nilskvernhuset, skriv Asbjørn Øye ”Stadnamn i Ørsta”, side 32.
Kveldsskulen måtte haldast på den garden der omgangsskulen nett då heldt til.
Laurits N. Myklebust: ”Om skuletilhøva i mi oppveksttid”, Ørstaminne 2000, side 75.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 143.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 145. Han meiner at Steindølbrua vart bygd i 1902.
Ivar Grøvik: ”Ørsta gjennom 100 år”, Ørsta 1983, side 83.
Frå ”Hundreårsminne” i Møre Nytt 30. desember 1998.
Frå Ørstaminne 1999, side 31.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne tider”, Stend 1983, side 9 og side 173.
Frå ”Hundreårsminne” i Møre Nytt 28. desember 2001. Dette gjaldt neppe bru over Storelva, men over elva ”Bytingsgrov”, som er grensa mellom Rebbestad og Fyldal.
Møre Nytt 13. oktober 2001, side 6.
Han var lensmann i Volden/Ørsten, grunnlag Norges første prenteverk på landsbygda i lensmannsgarden på Ekset i Volda, var skribent og utga fleire aviser og bøker.
Forfattar av ”Tids-Register”.
Laurits N. Myklebust i artikkelen ”Om skuletilhøva i mi oppveksttid”, Ørstaminne 2000, side 73.
Ørstaminne 2001, side 35.
Nils Johannes Larsen Øie var den eigentlege bestefar til artikkelforfattaren. Då han døydde i Ørstavik berre 32 år gamal, var mor mi – Aslaug - berre fem år. Så budde ho hjå mormora i Kolbigarden på Myklebust, som var enke. Ho døydde i Spanskesyken i 1918 medan bestefar Lauris på vitjing i Kolbigarden. Då sa han til sju år gamle Aslaug: ”Har du lyst til å bo hjå oss?”. Aslaug skal ha svart ja med ein gong, og slik vart ho ein del av syskenflokken i Hans’Lars-garden.
Haandarbeide og legemsøvelser er strokne over i vitnemålet.
Kan best forklares med ”skuleransel”, ei taske dei hadde i reim over skuldra.
Laup var matøskje i tre, som dei hadde maten i. Det var mange slag laupar, som skulelaup, markalaup, kyrkjelaup, alt etter kva han skulle brukast til. Dei største var heil- og halvelaupar som gjerne var til heile lefser og flatbrød.
Møre-Nytt, førstesiden, 29. februar 1952.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 173.
Bestefar Lauris skreiv også om bruregnskapet i Møre-Nytt, henta frå dagboka.
Asbjørn Øye i ”Follestaddalen i farne dagar”, side 173. Han fortel nokså dramatisk om at ”elva tok” han Lauris, men at ein eldre kamerat fekk ”snart tak i han, og berga han”. Lauris si eiga forteljing høyrest ikkje fullt så dramatisk ut.
Ivar Grøvik: ”Ørsta gjennom 100 år”, Ørsta 1983, side 93. Mor Aslaug, fødd 1911, trudde at ho aldri skulle få eige noko så gjevt som ein sykkel, då ho vaks opp fram på Øy.
”Lørdag Efterm. Overraskedes man ved at en Automobil kjørte frem og tilbake i Ørstenvik”, sto det i Søndmøre Avis 22. mai 1914.
Ivar Grøvik: ”Ørsta gjennom 100 år”, Ørsta 1983, side 94.
Einar Aambakk ”Tidt eg minnest –”, Ørsta 1979.
Aslaug Øy har fortalt om ”Bondegledå”, men hugsar ikkje kva det kjem av. Kanskje var det ironi frå folk i Vik?
Ivar Grøvik: ”Ørsta gjennom 75 år”, Ørsta 1958, side 45.
Asbjørn Øye, ”Follestaddalen i Ørsta”, manuskript 1974, side 22.
Ivar Grøvik: ”Ørsta gjennom 100 år”, Ørsta 1983, side 43.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dager”, side 189.
Ørstaminne 2001, side 36.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dager”, side 189.
Fortalt av Anders Øyehaug 2001. Han og Aslaug og Einar Øye var dei første som bygde hytter i Øyadalen.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 191.
Berre Jo-garden (Fremstebøen) hadde høner så seint som 1905. Asbjørn Øye meiner at det først i 1910 var vanleg med høns. (Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 193.)
Om oppvaskvatn og fødselsdagsegg er fortalt av mor mi, Aslaug (1911-) 2001.
Ivar Grøvik: ”Ørsta gjennom 75 år”, Ørsta 1958, side 54.
Enno i 1935 var det berre 102 telefonapparater i heile Ørstavik (Ørsta gjennom 100 år, side 98).
Mor Aslaug har fortalt at ho som lita jente gjekk telefonbod. Ein gong gjekk ho til Øyehaug, men hadde heilt gløymt at ho skulle seie at det var møte med emissær på skulen. Ho meiner å hugse at ho sa misjonær, og det var visstnok stor forskjell på det i Follestaddalen i dei tider.
Fortalt av mor mi, Aslaug (1911-), 2002.
Ivar Grøvik: ”Ørsta gjennom 75 år”, Ørsta 1958, side 53.
Lina Foldal Engeset i Ørstaminne 2001, side 35.
Bedehuset i Follestaddalen sto ferdig 1960, og Samfunnshuset vart teke i bruk 1961.
Ivar Grøvik, ”Ørsta gjennom 75 år”, Ørsta 1958, side 111.
Asbjørn Øye, ”Follestaddalen i Ørsta”, manuskript 1974, side 57.
Jubileumsskriftet Ørsta Folkebibliotek 1797-1997.
Per Straumsheim, ”Skyttarlaga i Ørsta”, Ørstaminne, 1992 side 58, der det også heiter at dette er alt ein veit om skyttarlaget i Follestaddalen.
Meir om hestetrygdlaget i Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 192.
Bestefar Lauris var med i Gamlekoret. Du kan lese meir om Gamlekoret og korsongen elles i Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 198.
Ivar Grøvik, ”Ørsta gjennom 75 år”, Ørsta 1958, side 107.
Meir om egglaget i Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 193.
Ivar Grøvik, ”Ørsta gjennom 75 år”, Ørsta 1958, side 103. Yngre kvinners sanitet vart skipa i 1944.
Ivar Grøvik, ”Ørsta gjennom 75 år”, Ørsta 1958, side 110.
Asbjørn Øye ”Follestaddalen i farne dagar”, side 183.
Lars A. Rebbestad var far til ”bestemor Susanne”, og altså bestefar til dei ni borna til Susanne og Lauris i Hans’Lars-garden.
Ivar Grøvik, ”Ørsta gjennom 75 år”, Ørsta 1958, side 12-15.
Fanejunker Jon Follestad foreslo deling i 1848, og det vart nedsett ei felles nemnd som greidde ut saka. Fanejunker var fram til 1927 den høgste underoffisersgrad i Norge.
Klæbo var fødd i Ålesund, men budde så lenge og så mykje i Ørsta at han lærde bygda godt å kjenne.
Arthur Klæbo ”Balladen i Alstadbygda”, Gyldendal, Oslo 1978, side 15.
Eit misjonsblad i Hans’Lars-garden var ”Det lille trøsteblad”, som bestemor Susanne var meir glad i enn dei blada bestefar las.
Ivar Grøvik, ”Ørsta gjennom 100 år”, Ørsta 1983, side 118.
Asbjørn Øye, ”Follestaddalen i Ørsta”, manuskript 1972, side 8.
Ivar Grøvik, ”Ørsta gjennom 100 år”, Ørsta 1983, side 118.
Asbjørn Øye ” Follestaddalen i Ørsta”, manus 1974, side 62.
Mor Aslaug fortel at det var stor stas då dei så vidt kunne høyre ein låt i ei radiokasse, men ho hugsar ikkje når radio vart vanleg i dalen. Eit lokalt kringkastingsselskap hadde prøvesendinger i Ålesund i 1924, men kunne neppe høyrast i Follestaddalen. NRK ble startet i 1933, og det tok ikke lang tid før det var ein sendar på Vigra som sendte lokalprogram. Først i 1937-38 kom riksprogram over Vigra-sendaren.
Severine Ingebrigtsdotter Kolås (1846-1938) var enke då ho i 1897 gifte seg med Elling Larsson Øye (1846-1928) frå Ellinggarden. Dei busette seg på Vinjevoll i Ørstavik. ”Ho Søvrina” var altså gommerssyste (søster til Aslaugs farmor i Hans’Lars-garden Ingeborg Ingebrigtsdotter Kolås (1846-1938), og tilfellet ville at Aslaug skulle verta gift med han som skulle kalle Søvrina for ste-farmor, nemleg Einar Bergsvein Øye (1910-).
Henta frå Monrad Nordervals bok ”Kommandobro eller prestesliperi”, side 96.
Matias Vatne: ”Åmdalingen som skulle verte follestaddaling”, Ørstaminne 1998, side 55.
Opplysningane er henta frå boka ”Ørsta IL, 50 år”, 1978.
Arthur Klæbo ”Fest i vest”, Gyldendal, Oslo 1984, side 41.













Du er besøkende nummer: