Den fyrste skulebrua i Follestaddalen

(Frå Møre-Nytt 29.02.52 Innsendt av Laurits Øie)

Avisutklipp frå Jon Øie Hornindal mars 2005
Tekstbehandla av Torill Nydal april 2005


For 60-70 år sidan då det var omgangsskule i Follestaddalen var det ofte tidspille og risiko med transporten av skuleborna over storelva. – Som oftast greidde borna dette sjølve. Når 12-15 åringane fekk sjøstøvlane til far eller bror på beina, tok dei minsteborna på ryggen og det vart gjerne ein kapping om kven som hadde høgaste støvlane og soleis kunne vasse djupaste straumen. Men oftå var elva så stor at vaksne karar måtte vere med borna og få dei over elva. Men av og til hende det at elva var so stor at verken støvlane eller karane var høge nok til å slå seg over. Under ein slik skuledag i Foldal vart elva så stor at han Hans-Syver kom ridande på merra for å få oss over elva. Jau dette tykte vi var moro det. Fyldal-gutane kom også springande ned til elva for å sjå på moroa. Vi var 4 stykke på ryggen av merra. Eg som var den minste framme og han Syver heldt meg fast inntil seg. Dei tvo andre gutane som var større sat bakpå, og skulle syte for å halde seg fast sjølve. – Komne midt i elva ”snåva” merra og gjekk på kne. Dermed rausa alle 4 fram over manken på merra og i elva. Eg som var den minste ”seilte” hjelpelaus med straumen, men Syver var snart på beina og innhenta meg før eg kom så langt. Dei 2 andre kameratane berga seg inn på ein grande ”grynne” i elva. Der stod dei trygt men ikkje turt. Det fyrste eg klaga over var at eg hadde mist huva mi. Men skuleprinsa, med a-b-c-boka i var berga, for ho hekk i ei reim over aksla. Då var det verre med dei tvo andre, som hadde skulelaupen i handa. Dei greidde ikkje å passe på desse og straumen for med dei. Men fyldalgutane fiska skulelaupane upp lenger nede i dalen, der dei kom so nær elvekanten at dei nådde dei. Merra som kvitta seg med karane på ryggens sette i gallop oppover til tunet og var den fyrste som bar bod om basket i elva. Men før dette bergingsmanskap kom var vi alle set på fast, turr grunn. Kanskje dette hendet også gjorde sitt til at tiltaket med skulebrua vart set i gang.

I ei dagbok hev far min, Lars L. Øie, skrive fylgjande utgreiding og rekenskap for arbeidet:

I 1887 gik oppsitterne i foldals skolekreds i gang og satte op en skolebro over storelven i Follestaddalen. Arbeidets utførelse er foregått således:

Lars Øie minering, steinkjøring, muring av brukar 6 dage, hest 1 dag
Nils Øie 6 ½ dage, hest 1 dag
Ola E. Øie 6 ½ dage, hest 1 dag
Peder Øie 5 ½ dage , hest 1 dag
Peder Øie 3 ½ dage, hest 1 dag
Elling Øie 6 ½ dage, hest 1 dag
Ola L. Øie 6 ½ dage, hest 1 dag
Elias Øiehaug 3 ¾ dage, hest 1 dag

På andre siden av elven er et tilsvarende arbeid utført av opsidderne på Foldal og Langstøl. Etter at broen var opført foretok vi en del forebygningsarbeide. I alt 118 dagsverk, som blev utført av opsidderne på Foldal, Langstøl, Øie og lidt fra Øiehaug.






Kontant utleg til skolebroen:

65 m ståkabel Kr. 65,00
ombordbringelse Kr. 2,00
fragt og ilandbringelse Kr. 2,75
porto og 3 bankobrev Kr. 0,90
krut og lunte Kr. 3,25
brugalv og 2” planker Kr. 23,36
i toms bord til rekverk Kr. 4,20
jærn til broen ca 180 kg. Kr. 28,31
ilandbringelse av jærn Kr. 0,40
kul og streng til rekkverk Kr. 8,95

til sammen Kr.139,12

Dertil 118 dagsverk til Kr. 1,50 = Kr. 177,00

Til dekning av det kontante utleg erholdt vi av skolskassen (kommunen) Kr. 80,00 – otti kroner. Resten betalt av opsidderne Foldal, Langstøl, Øie og Aarsæter. Øiehaug betalte Kr. 1,00



Navn



Telefon
Email






Du er besøkende nummer: