Gamlekoret

Eit notat etter bestefar (I.N.K. 1870-1964), funne i "slektsboka, nedskrive av I.N.K. f.1932.


Frå Follestaddalen

Songkoret "gamlekoret" høgtidar 20 og 50 års jubileum på same tid.

Sundag 16de januar sist, hadde songkoret ein av sine tradisjonsrike samkomer på skulehuset i Follestaddalen. Festen tok til alt kl. 3 em. og heldt fram til langt på kvelden, som viste seg å verte altfor kort for alle dei verdfulle innlegg ved dette særhøvet.
Til åpning av festen song den store møtelyden, unge og gamle, saman den kjende salmen: "Herre, jeg hjertelig ønsker å fremme din ære." Deretter steig den kjende bonden Knut Foldal på talarstolen og heldt ein tankerik tale yver den velkjende teksta om dei ti spillsjuke, som kom til Jesus i si naud, ropande på forbarmelse, og korleis dei vart reine på Jesu ord. Soleis er me og ureine for Gud og treng syndeforlating og nåde i Jesu Kristi forsoningsblod.
Etter denne talen stellte koret opp og song fleire songar som dei og hadde sunge for 50 år sidan. I og for seg er dette koret ein "originalitet" kanskje likeso mykje å sjå til, som å høyre på. Framandfolk, som før inkje hev sett dette kor, dreg gjerne på smilebandet med den merknad: "Kan dette vere songkor, det er no til vanleg helst ungdom og korsong, som høyrer saman?" Her i dette koret er det slik, at umlag halvparten av songarane er besteforeldre frå 50 til 70 år, men inkje nokon av dei er endå gamle folk. Den andre halva er er berre foreldre, ungdomar i 30 - 50 årsalderen. Alle er bondekonor og menn. Dei hev i dei gjengne år sunge seg saman til ein systkinflokk, som ein av songarane hev uttrykt det for ei tid sidan. Dei hev sine gilde stunder når dei einhenda kvardags eller helgakveld kan få leggje tilside kvardagsyrkjet og pliktene for å synge i kor, syngja salmar og lovsong til hans pris, som kjøpte oss til Gud med sitt blod.
Men attende til festen.
Som festtalar hadde festnemnda tinga vår kjære prest Nordervall, han heldt ein av sine fine, tankevekkande talar, særleg om songen og dens innverknad på menneskjet. Songen må få ein meir framskoten plass i heim, skule, og kyrkje. Salmar og lovsong og åndelege viser må konkurere ut, må fortrengje all den utidige jass og dansemusikk som for det meste vert brukt i tenest for det vonde, dreg menneskje-tanke og sinn ned i smuss og fordervelse. Menneskja hev fått songens gåva for å prise sin skapar og hans verk likeeins som småfuglane kvidra om våren.
Etter denne talen fekk festlyden matykt. Ja, det var berre blide anlet når der vart frambore og bode m.a. potetkakor, vaffler og lefser, som smakte framifrå. Etterpå takka møtelyden for maten med eit bordvers.
Etterpå steig den gjæve bondekona Guri Myklebust på talarstol og gav ei forvitneleg utgreiding om korsongen og om songarane i dei siste tjuge åra. Ho nemnde den fyrste gongen i 1914 då ein nyst heimattkomen Amerikanar, som hadde vore med tidlegare i kor her, tok til å sanka saman restane av dette songkoret ifrå 80-90 åra. Det synte seg då, at av dei 20-30 songarane i 80-90 åra var att eller møtte fram 8 stk som allereide fyrste ykta repeterte nokre av dei gamle songane. Vidare nemnde ho på namn dei som døydde i denne mellomtid. Kor vemodsfuldt å sjå tomromet etter dei. Noko av deira siste helsing til songkoret var: Haldt fram og syng! Ho takka for kva dei var og gav. Ho nemnde og dei som hadde vore med, men som seinare flytte burt or bygda.
Fleire Prologar og telegram vart upplesne, likeeins ein revy med ein komplemang til kvareinaste songar ferkk ein helder kraftig applaus.
Deretter fekk me ei utgreiding om korsongen i forrige hundreår. Den fyrste som tok til med firstemmig song i Ørsta var klokkar og lærar Hans Velle. Koret hans song sine fyrste no (nr) på ein missionsbasar på Velle skule trettande dag i jul 1880 "til overraskelse for basarfolkjet". I 1883 sto songeksperten P.J. Moe (Myklebust) fram. Han fekk saman nokre ungdomar i ei bonde-stove på Myklebust og innøvde nokre songar av Sions Harpe. Songane var seinare sungne på uppbyggingsmøter i stovone i grendi og ein, som høyrde på ropte:"Dette var himmelsk!" I siste halva av 80-åra var korsongen livlig over heile Ørsta og Volda. Dei som leidde dei mange kor i Ørsta då var lærarane P.J.Moe, Elias Moe, P.J.Lied, L.Rørvik og V.Grytten.
I.K. (bestefar sjøl) gav so eit yversyn yver korsongens fyrste dager på Sunnmør. Det vart nemnt at eit lite songarstemne, det fyrste på søre Sunnmør, var halde på bedehuset i Volda i 1887. Ett kor frå Ørsta men fleire frå Volda. Men berre songarane fyllte mest bedehuset so dei som høyrde på laut stå utfor glaså.
Den unge, ihuga presten Barstad lova då å prøva få åpne kyrkja for eit songarstemne neste gong. Det lukkast. I 1888 vart so halde det fyrste store songstemne i Voldakyrkja. Der møtte 14 kor frå Volda og Ørsta med mange hundrede songara. Dei song ei tvo einskilde no dei ymse kor og tilsist tvo samsongar. Kora laut stå på flate golvet. Kordøri var "Tabu" sa kyrkjeverja.
Då det so tok til å lide på kveld vart festlyden noko uroleg meddi sume måtte gå. Gamlekoret gav so nokre songnummer og ein av songarane avslutta den framifrå gilde jubileumsfesten med nokre velvalde ord om korsongen, og so bøn. Festlyden røyste seg og song: Å tenk når engang samles skal.
Festen laut so slutte uten at på langt nær alle fek høve å bere fram det som låg dei på hjerte.

Meldar (Det kjem føre meg at MELDAR må vere bestefar sjøl)
1938


Her fylgjer noko som også har samanheng med korsongen og Gamlekoret. Det er skrive av bestefar, og ser ut til å vere del av eit intervju som Synneve Vinsrygg (?) har gjort med bestefar og bestemor. Starten må vere vekk-komen, for intervjuet er som fylgjer:
(Synneve Vinsrygg, f.1945, dotter av Solveig (Kolås) og Reidar Vinsrygg, og dotterdotter av Ingebrigt N.)

Sp. - Der sto no ei kyrkje tett attmed. Kvifor inkje ta inn der?
Sv. - Rettnok, men i den høgkyrkjelege tid som rådde då, var det ulovleg å ta inn i kyrkjer
med korsong. Presten Barstad, som var so glad i song, tykte dette var ei lei afere (affære)
og lova då å søkje løyve hjå Kyrkjedepartementet for slike stemne i kyrkja i Volda.
Dette lukkast forsovitt at songarane inkje kom innum kordøra. Kyrkjeverja skulle stå
vakt for det. Året etter baud soleis Presten inn til ordinert songarstemne i Volda kyrkje.
Sp. - Møtte der mange songkor då?
Sv. - Der møtte i alt 10 kor. 6 frå Volda og 4 frå Ørsta. Songkora stilte opp der dei sto so tett
som sild i tynne på flate golva og i gangane og son kvar sine 2 No. Tilslutt 2 sam.no. med
Per Myklebust som dirigent ståande på eit borf mitt i korskyrkja. Kyrkja var ellest so
fullsett av folk som råd var og mange slapp inkje inn. Umlag soleis minnest gamle folk
det fyrste songarstemne på Sunnmør.
Sp. - Men no i seinare tid då?
Sv. - Gamlekoret si soge dei siste 20-30 åra kan ha krav på eit kapitel for seg.
Sp. - Kva slags songar hev De sunge frama igjenom tidene?
Sv. - Etter ei samrøystes tilråding i 1920 åra vart det vedteke å syngja berre salmar å songar å åndelege viser, å so nasjonalsongar.
Sp. - Kvar er det songkoret ellest hev havt sitt meste virke?
Sv. - Først og fremst i heimegrendi, i lyd og lag ved festar, møter, stemnor og ved gravferder.
Koret hev desutan i sumartid gjesta dei fleste kyrkjor og forsamlingshus i dei nermast
bygder under store missionsmøter og stemnor.













Du er besøkende nummer: