Ingebrikt Myklebust si militærteneste i 1933


Ingebrikt Myklebust som 23 åring i 1933

I forbindelse med innsamling av livsminne har far Ingebrikt i 1995 skrive om si militærteneste i Trondheim.
Teksta var sendt til Ørsta Sogelag v/Oddmund Breiteig


Militærteneste 1933

I september 1933 vart eg endeleg innkalla til militærteneste. Eg var då 23 år, den vanlege eksisalder var 21 år, men den tida hadde forsvaret meir folk enn dei kunne ta imot etterkvart. Eg skulle møte på Underoffiserskulen i Munkegata 6 i Trondheim ilag med ein jamaldring, Hans Nupen, frå Ørsta. Då me møttes på kaia i Vik sa han at ”det vert gale med meg fordi eg er så sjøsjuk”. Sjøsjuk vart han også.

Me vart plasserte i Kaserna oppe ved Kristiansten festning. Der var to sunnmøringar før som hadde teneste. Eg skulle vere ordonans på Befalskulen, dei andre var på kjøkkenet på Kaserna. Alle elevane på Befalskulen og dei som gjekk vakter ved Divisjonskontoret og ved Kongsgarden, hadde mat og seng i Kaserna. Dei som gjekk vakt, hadde vore inne i vanleg militærteneste i 48 dagar og fekk 24 dagar med slik vakt i tillegg. Dei og me fekk 20 øre dag i løn + mat og klede.
Mitt arbeid var å vere til hjelp for offiserane ved skulen, skreddaren og andre tenestefolk. Eg fekk låne sykkel, og den hadde eg om søndagane også. Det hadde eg mykje nytte av og på den måten gjorde eg meg kjend i byen og omlandet.
Det var Stortingsval den hausten, og Arbeiderpartiet gjorde stor framgang med slagordet ”hele folket i arbeid”. N.S (Nasjonal samling) var med i sitt første val og Vidkunn Qvisling tala ein kveld att med Olav Tryggvason- statua. Då var det kalla inn meir politifolk enn eg trudde fantes i heile landet.
Då Arbeiderpartiet gjorde så stor framgang, vart befalskuleelevane modalause. Dei trudde at då vart heile militærvesenet nedlagt, og det vart ikkje arbeid for dei. Eg gjekk inn på eit høgrekontor og røysta ved Stortingsvalet, men eg røysta med Bondepartiet.
Det var stor arbeidsløyse i Trondheim og omland denne tida. Mange stod klare til å ta dei militære vakter som vart ledige. Det var ein ”hornblåsar” frå Namdalen mellom oss. Han sa at i Namdalen var ein tikroning og alle visste til kvar tid kvar den tikroningen var.

Det var eit Sunnmørslag i byen og me var der nokre kveldar, men nivået var ikkje høgt. Ein redaktør Jakob Skylstad i Nasjonalbladet var der og tala, ein gong tala han om Petter Dass og ein gong om Rooseveltplanane i USA.
”Småberjan” var ein liten park ikkje langt frå Kaserna. Der held ymse lause fuglar til, og det hende me gjekk forbi ein og annan kveld. I Kaserna var ein lesesal med mykje aviser. Ein elev, sunnmøring, påtala at eg las aviser utan å betale for dei. På Befalskulen var også ein lesesal og eg fekk også påtale for at eg held meg for mykje der i ledige stunder.
Å helse når me møtte nokon i uniform, er det einaste eg hugsar at dei prøvde å lære oss. Det einaste våpen me fekk utlevert, var bajonett. Me kjende såleis lite til krig då me vart mobiliserte 11. april 1940.
Ein gong eg hadde søkt om løyve til å få permisjon, hadde eg ikkje ført opp kva eg ville. Løytnant Jørum sa då at det var fest i Bondeungdomslaget denne kvelden og eg kunne gå dit. Då eg kom dit var den same Jørum festleiar. Eg fekk vite at Klara Semb held på med leikkurs i Bondeungdomslaget, og eg vart med der nokre kveldar. Eg kjende meg som ein frammand fugl, fordi dei som var ilag med meg i militæret brydde seg ikkje om slikt. Tida mi i Trondheim var likevel snart ute.
Bondeungdomslaget hadde nyleg tapt striden om namnet Nidaros på byen, difor sa dei ”Byen ved Nidaros” i staden.
Eg var pasifist og antimilitarist då eg kom dit, men eg fann ut at Befalskulen var ein billeg og god skule. Med ein god landbruksskule kunne eg kome inn der om eg hadde greidd opptaksprøva. Løytnanten som førde reknskapen sa at eg tente minst av alle ved skulen, dernest skomakaren og skreddaren. Dei var kommunistar begge to.
Den dagen eg slutta fekk eg grov kjeft av ein gammal offiser som budde i same huset, fordi eg held meg til skreddaren og skomakaren og ikkje saga nok ved til han. Av gymnastikk-fenriken fekk eg kjeft fordi eg forsømde å vaske bjelkane i ekserhuset.
Likevel var det ei opplevingsrik tid i livet.