![]() Litt om post og telefon i dalen
Post og telefon. Store hendingar vert i dag kjende verda over gjennom fjernsyn, radio, internett og telefonar. Då danskekongen gav bort Noreg til Sverige under Kielerfreden i 1814, tok det mange veker før det vart kjent i Noreg. For berre vel hundre år sidan måtte folk i Follestaddalen gå eller ri eller køyre hest i et par timar for å frette nytt, hente post, aviser eller blad. Det aller første sambandet med omverda var revolusjonerande i ei slik tid, nemleg at den første telefonlinja vart lagt opp i 1890, heilt fram til Kolåsen. Sambandet vart opna 9. oktober dette året, men i fleire år var det berre lokalsamband. Smått om senn vart det utvida til stendig vidare distrikt, og til rikstelefonen. Lenge var det også slik at det var berre ein telefon på kvar gard, og ikkje i kvart hus. Der det var telefon, var det òg såkalla talestasjon. Folk kunne gå dit og betale for bruk av telefonen, og dei vart bodsende om det kom telefon utanfrå. Rikstelefonstasjon i dalen med eige sentralbord vart det først i 1921, hjå ho Pål-Fia i Pål-garden på Myklebust. Det opna for nye informasjoner og dei første ”profesjonelle” og ferske vêrvarsla til dalen. Lauris ringte ofte til ho Pål-Fia for å høyre kva slags vêrmelding ho hadde fått. Før den tid måtte folk klare seg med dei gamle verteikna. Den første landpostruta gjennom Follestaddalen kom i 1904. Postkassa for klyngetunet på Øy var på Hans’Lars-buda. Før den tid måtte folk i dalen få nokon til å ta breva med til Ørstavik for å sende dei. Ein av lærarane på omgangsskulen skreiv mykje brev, og når han skulle sende, spurte han borna om dei visste om nokon som skulle ”ne te Vik” den dagen, og då fekk dei med seg brevet for å gå til den som skulle til Vik. Sjølv om både post og telefon var komne til dalen, var nok døra på ”Handeli” på Myklebust den viktigaste sambandskanalen i mange, mange år. Eit oppslag her nådde fort ut til heile dalen. På disken og på trappa var det også ein viktig møteplass, der ein fretta nyhende både med folk i dalen, mjølkekøyrarar, sjåførar frå Landhandeli og Samvirke, og andre køyrande frå Vik. Her er samtaleprisane i Follestaddalen i 1909 Ring telefonsentralen Ring skulen 9a Ring Nilsgarden 9b Ring Mjeltehauen 9c Ring Hans-Larsgarden 9d ![]() |