HAUSTFEST
FIRKLØVEREN 4H
2006
Det nærmar seg fort Haustfest, og me i styre ynskjer med dette skrivet å gje litt informasjon om kva som skjer før og under Haustfesten.
Torsdag 19. oktober
Alle stiller ut prosjektet sitt mellom klokka 15.00 og 19.00
Klokka 19.00 må alle medlemmane vera ferdige og ute av huset.
Dommarane startar sin jobb.
Fredag 20. oktober
Haustfesten startar klokka 19.00
Har de lyst å sjå på alle dei fl0tte utstillingane, kom tidleg.
Alle medlemmer tek med seg 1 fat mat og 1 kanne kaffi/te.
Generell informasjon
Utstillinga:
I utstillinga skal du ha med ferdig utfylt prosjektbok, ting du har laga i samband med prosjektet, materiell du har brukt, evt. bilete frå prosjektet. Kan vera fint med ein duk og.
På plakaten må du ha med namn, alder, kva for eit prosjekt du har, og om du er aspirant, junior eller senior. Dersom du vil kan du og ta med klubbens namn.
Er du aspirant kan foreldra hjelpa med utstillinga, men juniorar og seniorar må stilla ut utan hjelp, foreldra må forlate rommet. Dette for at medlemmane skal sjølv få bestemma korleis utstillinga skal vera.
Me håpar på mange flotte, fantasifulle utstillingar.
Me ber om at alle kler seg i fint antrekk sidan Haustfesten er ein festkveld, og høgdepunktet for 4H medlemmane.
Velkomne skal de vera.
Helsing
Styret i Firkløveren 4H