Ideen bak Flyktningeguideprosjektet er at vegen inn i samfunnet, vegen til eit aktivt liv, jobb og utdanning går gjennom folk som bur her. Som nyinnflytta kan det vere vanskeleg å kome i kontakt med lokalbefolkninga. Røde Kors samarbeidar derfor med kommunen for å opprette kontakt mellom flyktningane og lokalbefolkninga. Ideen som ligg til grunn er at integrering skjer gjennom personleg kontakt. Det å ha eit sosialt nettverk er avgjerande for å lære eit nytt språk, og skaffe seg jobb eller utdanning.

 

 Frivillige guidar er eit bindeledd mellom flyktningane i Bømlo Kommune og dei ulike aktivitetane og nettverk som finnast i lokalsamfunnet. Guiden og flyktningen møtast ein til to timar i veka over ein periode på 9 månadar. Prosjektet gjeld personar som har fått flyktningestatus. Det vil seie at vedkomande har rett til å bu og arbeide i Noreg. Dei som vert busett i Bømlo får hjelp frå kommunen til å innrette seg, men det er viktig at dei og møter folk som ikkje er tilsett for å hjelpe dei. For at dei skal kunne klare seg sjølve og ta ansvar for eiga framtid, treng dei meir informasjon og erfaring om korleis ting fungerer.

 

 Det er ein målsetnad med prosjektet at flyktningen får norsktrening og deltek i det norske samfunnet. Det er difor ingen krav om at guiden skal kunne andre språk enn norsk.

 

 Som flyktningeguide kan du gjere noko med den manglande kontakta mellom nye og etablerte innbyggjarar. Vi koplar flyktningar og guidar på bakgrunn av at dei har noko felles, anten det gjeld interesse, utdanning eller arbeidserfaring.

 

 Flyktningeguideprosjektet på Bømlo er leia av ein prosjektleiar tilsett av Hordaland Røde Kors. Prosjektet er finansiert av Røde Kors og Bømlo Kommune.

 

 Vil du vere guide, så ta kontakt med Flyktningeguideprosjektet på Bømlo på telefon 53 42 90 10 eller flyktningeguide.bomlo@c2i.net.

Vil du bruke litt av di tid – nokre timar kvar månad – til å gje menneske ein betre start i eit nytt land?

Du finn oss på Røde Kors Huset

(Sjå skilt vis a vis Rådhuset)

Adresse:

5430 Bremnes

 

Telefon:

53 42 90 10

 

E-post:

flyktningeguideprosjektet.bomlo@c2i.net