Gamle postkort frå Kvam

 

Sida er lagt på nettet av  Olaug Steine 

Sida er sist oppdatert 23.05.09

Steinsdalsfossen Sandven/Mo  Sandven Sandven/Norheim   Longvotnofossen Tokagjelet    Kvamskogen    Vikøy prestegard Steinsdalen               Fossen Bratte Jonsokbrudlaup Øystese                Fyksesundbrua  Ålvik      Strandebarm

Dersom du har kommentarar å gi meg til denne sida så send gjerne ei melding til olau-st#online.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På denne sida har eg lagt ut ein del gamle postkort med motiv frå Kvam. Motivet på korta er bilete frå ei tidlegare tid - frå før alt var i fargar. 

Dei to lokale fotografane, Torstein Lofthus og Alfred Vikør, har begge produsert mange postkort frå Kvam. Men mange andre fotografar har også reist rundt i bygdene og teke fine bilete som har kome ut på postkort.

Eg veit ikkje kven som har teke alle bileta og når desse postkorta er laga, men eg har greidd  å finna fram til det meste.

Dersom du klikkar på bileta, så finn du biletet i eit større format,

Dersom du går til sida  http://www.kvam-sogelag.no kan du finne meir om lokal historie frå Kvam

Du kan gå til og finne linkar til fleire gamle og nye bilete frå Kvam.

Gamlebrua ved Fossen.jpg (267300 byte)
Den gamle brua over elva i Steinsdalen vart bygd i slutten av 1860-åra, og brua vart øydelagd av ei svær kjøve som tok ho med seg i 1903. Dette biletet er det truleg K.Knudsen som har teke. Postkortet er utgitt av F. Beyer Touristbureau. Dette kortet er poststempla i Norheimsund 17.6.1907 og sendt til Bergen 

Fossen.jpg (67047 byte)

På dette biletet frå Steinsdalsfossen ser ein også den gamle Fossastova som vart bygd i 1899.  Årstalet dette biletet er teke, kjenner eg ikkje til. Fotograf er K.Knudsen. Bergen. På biletteksten er det skrive "Stendalsfossen".

Smia ved fossen.jpg (59163 byte)

I Bygdebok for Kvam er dette motivet omtalt, og biletet skal vere frå 1886. Det viser smia til Olav Erlingson Mo (f. 1843) som låg på Øvsthus like ved Steinsdalsfossen. Smeden kan så vidt skimtast i halvmørket, i døra sit kona hans Ragna Olavsdtr, og elles er det fire av borna deira. 

Postkortet er produsert av Axel Eliassons Konstforlag, Stockholm

Sandven mot Kaldestad.jpg (149399 byte)

Dette postkortet er sendt frå Norheimsund til Sussex i England i 1921, og biletet viser Sandven og Norheim, sett frå Kaldestad.   Foto Skarbø, Stavanger har enerett. 

Gamle Norheimsund.jpg (247125 byte)
Her ser ein over Sundet og  mot Grova. Det er ikkje så mange store bygningar i sentrum, og hotellet ruver over dei gamle sjøbuene.  Den gamle Straumbrua (som vart erstatta med ny bru i 1909) er framleis i bruk, men eg veit ikkje kva år biletet er teke. Dette kortet er poststempla på Voss 4.6.1908 og er sendt til Odda. Kortet er utgitt av O. Svanøe i Bergen.
Haldeplassen - hestar og bilar.jpg (80654 byte)

Haldeplassen i Grova er fylt opp av hestar med vogner og attpåtil nokre moderne automobilar, og det ligg turistbåt ved kaien. Det skal vere turistkøyring - og det er pengar å tene. Straumen er komen til Grova ( den kom i 1913).

Enerett: Foto Skarpmoen, Oslo

Straumen m Grova.gif (386642 byte)

Dette er frå Straumen, og her ser ein Soldals-verkstaden nærast brua, og dei gamle nausta og bortover i Grova.

Eneret: Mittet & Co.

Norheim.jpg (69503 byte)

Dette kortet viser eit motiv frå Sandven og over mot Norheim. Skulehuset som ligg på Norheim vart teke i bruk i 1895. På dette kortet står det teksten "Norge, Noreimsund, Hardanger" (Det var ikkje noko h i Noreimsund - dette er truleg feiltrykk). Det er Oppi som har gitt ut dette kortet.

Norheim Grove.jpg (116685 byte)

Biletet er frå Norheim og sin ser over mot Grova og Sandven. Dette postkortet er teke før den "nye" Straumbrua kom i 1909. Det er utgitt av O. Svanøe Bergen, 1908.

Sandven-Mo.jpg (99411 byte)

Her ser ein frå Sandven og oppover Mo, til Steinsdalsfossen og vidare oppover Steinsdalen. Straumbrua som går over Straumen mellom Movatnet og fjorden vart bygd i 1909.

Kva årstal biletet er teke er ukjent, men på biletet kan ein sjå ungdomshuset, "Ungdomshallen", som vart oppført i 1920. (C M & S 300)  

Grova - gamalt bilde.gif (424137 byte)

Dette postkort har motiv frå Grova tidleg på 1900-talet.Hotellet og Sandvensbutikken er framleis å finne i Grova. Legg merke til dei tome var trohesjane som er står der det er sentrum i dag. 

Hulda Bentsens Forlag, Eneret.

Longvotno.jpg (61027 byte)

Postkortet har motiv frå Longvotno, ein støl på Kvamskogen som høyrer til gardane Øvsthus og Midthus i Steinsdalen. Stølen ligg fint til ved vatnet Longvotno. Fotograf er T. Lofthus, Øystese.

  Longvotnofossen.jpg (69029 byte)

Fotograf her er T. Lofthus, Øystese. Dette biletet er frå Longvotnofossen, og denne fossen ser ein rett ned i frå riksvegen ovanfor den øvste tunnelen i Tokagjelet.   

Tokagjelet.jpg (91092 byte)

Dette biletet er frå vegen i Tokagjelet , og ein ser ned til Neteland i Steinsdalen. Ein må inn på gamlevegen i Tokagjelet for å finna denne staden. Postkortet er utgitt av  Mittet & Co

Vegen gjennom Tokagjelet vart bygd i starten av 1900-talet,  og var ferdig til bruk ca 1907.

Fotograf Alfred Vikør, Norheimsund har teke dette biletet frå Tokagjelet, litt ovanfor Snauehaugen.  Her kan ein sjå ein gamal fin bil som er på venstre sida av vegen. Elles ser ein rett ned i elva og ned til Neteland

På dette biletet kan ein sjå Vikøy med Prestegarden og Framnes. Biletet er frå ca 1925? (C M & S 312)  

Framnes 1922.jpg (72281 byte)

Biletet frå Framnes ungdomsskule er frå tidleg på 1920-talet. Postkortet er poststempla Norheimsund i 1922. Ukjend fotograf.

Framneselevar 1921-22.jpg (92707 byte)

Framneselevane frå 1921-22 og tilsette på skulen er samla til fotografering. På verandaen i 1. etasje er det lærarar og kjøkkenpersonale som er oppstilte. Dei som var elevar i 1921-22 er no nær 100 år, og det er truleg ikkje mange av dei som lever att. Fotograf er Torstein Lofthus.

Dette er eit gamalt handkolorert fargekort av Steinsdalen, Norheimsund. Dette kortet er utgitt av F. Beyer's Touristbureau, Bergen". 

Kortet er sendt frå Trondheim til England og er poststempla 25.07.1908

Ovre Steinsdalen.jpg (96151 byte)

Her er utsyn over Øvre Steinsdalen. Nærast er Eikjehaugen og Løyning, elles ser ein Byrkjeland (på høgre sida) og nedover Steine.

Eneberettiget N. Sandven & Co, Norheimsund.

Kvamskogen.jpg (65704 byte)

Biletet frå Kvamskogen har tekst "Mellem Kvamshaug og Tokagjelet". Motivet er utsyn frå området der Wallemtunet ligg i dag. Dette er frå tida før hyttebygginga tok overhand på Kvamskogen. Biletet er utgitt av Mittet & Co.

Sandvenseter hotel.JPG (118063 byte)

Ved Sandvenseter hotel som ligg på Teigaberget ved Eikedalsvatnet var det hotelldrift frå tidleg på 1900-talet. Hotellet vart starta av Andreas Tveiterås og vart overteke av Anna og Joakim Sæther i 1915. I 1948 overtok Olav Sandven (som også dreiv Sandven Hotel i Norheimsund) hotellet, og det blei drive hotelldrift til todleg i 1970-åra. Fotograf er K. Nordahl, og biletet er frå 1950-åra.

  FossenBratte.jpg (106112 byte)

Dette biletet har fått namnet Eikedalsfoss, Hardanger, men fossen er meir kjend under namnet Fossen Bratte. Denne fossen ligg i Samnanger og ikkje i Kvam, men kvemmingane reknar dette som noko som høyrer til oss, ikkje minst med tanke på det som hende her under krigshendingane i 1940. Postkortet er utgitt av Mittet & Co. 

jonsokbryllaup.jpg (128523 byte)

Her er bilete frå eit jonsokbrudlaup på Kvamskogen. Det er i alt tre brurpar i brudlaupet. Jentene som er brur og brudlaupsgjestene er pynta i Hardangerbunad, medan gutan som er brudgom er kledde i flosshatt og med dress.  Fotograf er Alfred Vikør.

Oystese1.jpg (41133 byte)

Motiv frå Øistese frå tidleg på 1900-talet.  Skulehuset som ligg ovanfor kyrkja vart teke i bruk  i 1894. Dampskipskaien, handelsverksemda og hotellet låg på Øysteselandet (til høgre for kyrkja).Det som no er omgjort til sentrumsområde i Øystese var den gong eit område der det var gardsbruk. Biletet er utgitt av Oppi.
Oystese hotel.jpg (150378 byte)
Det gamle Øystese hotell er motiv på dette kortet. som er skrive 26.3.1910 og er sendt frå Øystese til Tyskland. Det er Torstein Lofthus som har einerett til dette biletet.  Ved innkøyringa til hotellet står det fleire personar som kanskje er gjester på hotellet. Til høgre for hotellet kan ein sjå taka på fleire sjøhus/naust.

lOsen-pensjonat.jpg (85755 byte)

Motivet er frå Vikelandet i Øystese tidleg på 1900-talet, med Osen pensjonat midt på biletet.  Det er Torstein Lofthus som er fotograf. Dette postkortet er poststempla i Øystese i 1915.

Oystese2.jpg (70624 byte)

På dette biletet  ser ein litt av Nedre Vik og mot den gamle dampskipskaien og handelsstaden på Øysteselandet. Dette kortet med motiv frå Øystese er postlagt der i 1926.  
Fotograf er Torstein Lofthus frå Øystese.

Begravelse ved Oistese kirke.jpg (92901 byte)

"En Begravelse ved Østensø kirke" er tittel på dette gamle biletet som er gitt ut som postkort tidleg på 1900-talet. Legg merke til at kvinnene er kledde i kvite skaut og svarte drakter i begravelsen.
Fotograf og utgjevar er ukjent. 

Aalvik.jpg (93744 byte)

Dette postkortet med "parti fra Aalvik" er poststempla i 1946. Her ligg "by-husa" nede ved fjorden men framleis ligg og dei gamle gardshusa. I 1946 var det ca 400 mann som hadde sitt arbeid ved Bjølvefossen i Ålvik (Kjelde: Bygdejol 1946). Kortet er produsert av Chr. Andersens Forst. Anstalt, Aalborg i Danmark. 

Handelsstaden Brunnen.gif (466451 byte)

Dette kortet med "parti fra Fiksen i Hardanger" viser handelsstaden Brunnen på Fykse i byrjinga av 1900-talet. Det var handelsstad i Brunnen frå 1874. Bygningane i Brunnen står framleis, men handelen har stilna.
Postkortet er  produsert av Steinkopf Wold, Stavanger.

Fyksesund 2.jpg (171841 byte)

Fyksesundbrua vart opna av kronprins Olav i 1937, og var då omtala som Nord-Europas si lengste hengjebru. Fyksesund bru er her avbilda på postkort av K.Knudsen, Bergen. Brua er framleis ein del av riksvegsambandet i Kvam, men den er no lysregulert med berre eitt køyrefelt.

Fyksesund Klyve.jpg (115358 byte)

Dette postkortet med motiv frå Fyksesundet er å finne på framsida av "Bygdejol" i 1956.  Garden Klyve ligg til høgre i biletet

Einerett Torstein Lofthus, Øystese.

 

Strandebarm-kirkebygden.jpg (118120 byte)

Motivet er frå Kirkebygden, Strandebarm. Dette postkortet er poststempla i 1905. Strandebarm var ikkje del av Kvam i den tida, men i dag høyrer Strandebarm til Kvam.

Postkortet er produsert av F Beyers Tourist Bureau, Bergen.