1. Hjørungavåg KFUM/KFUK

KFUM

Aktuelt | Bilete | Lenkjer | Turar | Gjestebok

KFUK

Informasjon

Speidar:
Oter

RR:
Rævglefs

 

HESTEMØKK

Namnet er det ingenting å seie på. Vi hadde loddtrekning, og fleirtalet ville ha namnet HESTEMØKK! Ettersom hausten har gått har vi blitt fleire og fleire medlemar, og vil fleire begynne, er det berre å møte opp! Alle er velkomne…. 
På Holesanden i år ,fekk vi løn for strevet, som vi har lagt bak oss denne hausten. 
Hestemøkk 2 vann sporløpet! Då hestemøkk har bikka 20 medlemar såg vi oss nøydde til å dele gruppa i 2. Skal vi skryte litt til, så må vi også få seie at HESTEMØKK 1 kom på andre plass …Dette er vi svært stolte av! Sniking høyrer Holesanden med, og Hestemøkk deltok, og gjorde ein meget respektabel innsats. På laurdagen hadde hestemøkk ansvaret for både frukost og middag. Vi trur det smakte! Hestemøkk kosa seg i alle fall på kjøkkenet, der anlegget til Ann- Helen sto på max volum. Dei fleste kan no dansen til The Ketchup Song. 
Delar av hestemøkk laga også ”spikarsuppe” til lunsj, laurdagen, då dei valde primimat som aktivitetsøkt. Elles kunne dei bl.a velje pionering, okseridning eller førstehjelp. Okseridning som Terje og Jostein hadde ansvaret for slo an, og vart nytta også etter at øktene var avslutta. 

Pf-ar er:
Ann- Helen Kjøde, Renate Kristin Liaset og Therese Indreflø.

Elles så består HESTEMØKK av:

Synnøve Kjøs

Merete H. Bjåstad

Henriette Lien 

Nora Kvemmen

Sandra Jøsokbakke

Mona Kvammen

Julie Pilskog

Ida Pria Reite

Ingvild Solmunde

Malene Thorsø

Sigrid Sellereite

Tove Liaset

Therese Svensen 

Ingeborg Liaset

Torhild Hjørungdal

Hege Lien

Marita Øvrelid 

Karen Marie Hjørungdal

Kristin Liavåg

Lovise Warholm


Vi køyrer eit tradisjonelt opplegg på møta, med enkelte endringar undervegs, om Pfane ser seg nøydde til det. Hittil i år, har vi lært knutar, kodar, litt førstehjelp og bibellære. Elles så har Holesanden stått i hovudet på oss, så HESTEMØKK var svært delaktige under leirbålet på Holesanden. Det var ikkje nok med at gruppa vart delt i 3, og kvar gruppe skulle ha kvar sine to program. Nei., gruppene kom med side på side med leikar,sketsjar og andre ting dei ville vise fram…Fantasien og oppfinnsomheita er det i alle fall ingenting å seie på!

Vi vonar og trur at dei fleste finn seg til rette i gruppa! Pfane har det i alle fall SKØY på speidarmøta…
Berre å ta kontakt om det skulle vere noko!    - Ann- Helen, Therese og Renate - 

 

Informasjon

Stifinnar/Vandrar:
Hestemøkk

RR:
Rævglefs

 

Sist oppdatert: 30.08.03 av Ole-Markus Pilskog

Copyright © 2002 1. Hjørungavåg KFUM/KFUK. All rights reserved.