Agility

 

 

Ei veke etter at min nye eigar, Mette, overtok meg, tok ho meg med på agilitykurs. DET var jammen artig! Eg fekk hoppe og krype gjennom noko rørliknande greier,

Trur dei kalla det tunnel, og DET likar jo eg! Er det ein opning der det renn vatn, under ein veg der me går tur, og eg får lov hos matmor, fyk eg kjapt gjennom. Dette har eg drive med sidan eg var liten og budde hos Wenche og Bjarte,

Men no meir om agility: Her nokre bilder av meg på nokre av apparata:

 

 

Når eg hoppar satsar eg ALT!

Her kallar matmor meg inn over flere hopp + hjulet.

På full fart over stigen.

 

Eg trur eg har prøvd alle variantane av korleis ein kan hoppe hjulet: ved sidene, under og OVER, dvs. Mellom sjølve hjulet og ramma. Ja, det er faktisk plass til ein Weimaraner der. Det har jo eg testa ut. Trur "mor" + dei andre som såg det blei litt sjokkerte då dei såg kva eg dreiv med….

 

 

Her går eg slalom. DET var vanskele å skjønne det. Skjønar fremdeles ikkje poenget med dette "hinderet", men gøy er det, og da så….

Her er Frøya og Sissel. Dei deltar i klasse 2 og har altså komt mykje lenger enn meg og matmor, men dei har jo trent litt lenger så...

Her er Teitur og Audun i aksjon. Teitur er ein riktig "racer" i slalommen.


Våre første agility-konkurranse:

 

Vår første konkurranse var 17. august 2002, og det gjekk over all forventning: Me vann!
Det var totalt uventa og KJEMPEGØY! Då me kom heim skulle sjølvsagt "mor" ta bilde av meg og pokalen. Ho forstod visst ikkje at eg var trøtt etter dagens bragd, men det viser på bildet:

 

 

Bilder frå konkurransen:

(Fotograf: Gunnar Ro)


Eg og mor under konkurransen.

Siv og Olrick i aksjon.
Dei 3 beste i klasse 1 stor hund: Meg og matmor, Audun og Teitur (Islandsk Fårehund), og Kristian og Zexy (Schafer). Alle frå Nordhordland Hundeklubb og Bergen Agility Klubb!

Dei glade vinnarane!

 

RESULTATLISTA AG 1S
(henta frå
Norsk Agility Side )