|
|
Historier frå kvardagen min |
|
Apport av eple!
Mandag 24. mars skulle Anita, Odin, mor og eg på tur og kose oss. Odin og eg fekk vere litt laus og kose oss sidan stien me gjekk på er ein "hundesti" så det var liten sjanse for å treffe på andre enn hundefolk. Me koste oss skikkeleg. Eg tøffa meg litt overfor Odin for å vere sikker på at han huska på at eg fortsatt er "sjefen". Plutseleg forsvant Odin i full fart. Eg prøvde å følgje han, men fann ut det var best å vende tilbake til mor. Odin hadde fått fert av fugl og då var jo han i sitt ess!
Etter ei stund tok me oss ein kvil og mor og Anita koste seg med kakao, sjokolade og kjeks. Mor klarte sjølvsagt å velte sekken sin slik at alt innhaldet fall ut og rulla nedover "fjellsida". Dermed fekk eg i oppgave å
hente "saker og ting".
Trur ho var ganske imponert der eg kjapt for av stad og apporterte eplet korrekt og UTAN bitemerke! Då fekk eg endeleg godbit og masse skryt. Eg likar jo eple, så eg kunne jo ha tatt meg ein jafs eller to av det, men sidan eg antok at mor hadde noko godt hundesnacks å by på fann eg ut eg ville imponere henne litt. Etterpå henta eg 1.5 literflaska med brus. Dette kan eg jo no sidan eg har lært å hente brus i kjøleskapet heime så det var jo ingen kunst....
Tur med Tone og TinaMe har no vore fleire turar saman med Tone og Tina. Tone er ho eg var på kennel hos då ho dreiv Alvøen Kennel. Der koste eg meg skikkeleg. Fekk gå masse tur (gjerne 3.5 time kvar dag). Det var fordi Tone sa at eg var så grei. Det blei ikkje noko tull når eg var med. Det var derfor KJEMPEKJEKT på denne kennelen. Synd at den ikkje eksisterer lenger... Tina er Tones sambuars Vorsteher tispe på 11 år! Det skulle ein ikkje tru når ein ser henne i "aksjon". Ho jobbar og søker uavbrutt, mens ungdommen meg helst heldt meg nær matmor og Tone. "Kvifor stresse rundt dersom ein kan ta det meir med ro?" Det er kjekt å gå tur med Tone og Tina. Det som var mindre kjekt var at matmor absolutt skulle trene til utstilling med meg. Ho ville og ta bilder av meg når eg stod oppstilt. Dette blei berre meir og meir kjedeleg og DET gadd eg ikkje skjule....Møte med PlutoTone har fått seg ny hund. Han heiter Pluto, og er av den edle rasen Pointer. Då eg traff han var han 11 veker og kjempeskjønn, men og ein liten tøffing. Han turde faktisk å ta tak i stokken eg gnagde på endå eg tydeleg viste at den var min. Men han var no mest grei då. Eit lite knurr frå meg gjorde at han slapp. Då han fekk mat hos Tone sat eg fint og venta i håp om at det blei noko på meg og.... og det blei det. Trur Tone synes eg var ganske flink som lot Pluto få ha maten sin i fred utan at eg skulle markere meg som den "dronninga" eg jo er.... Tina var jo ute på søk så Pluto fekk god tid på seg til å få i seg nistematen sin.... Eg gler meg allereie til neste gong eg skal treffe Pluto. Då er han nok blitt større ja. Me fuglehundar veks kjempefort som kvalpar...Spesialutstilling og samling på FagernesI pinsehelga skal me til Fagernes på spesialutstilling for Weimaraner og samling med klubben. Det blir spennande. Me skal reise saman med Anita, Odin, Siv og Volo. Korleis dette gjekk, kjem snart her... |
|