Hella's Inca

 

 

 

 

 

 

 

Eg heiter Hella's Inca og er født 25. Juni 1997 i Ytre Enebakk. Mora mi er Banjo Otti og faren min heiter Austr. CH Bromhund American Express, men blei til vanleg kalla "Ziggy".

Mine første 2 månader budde eg hos Eva og Kent Pedersen i Ytre Enebakk saman med mange andre slike grå som meg. Eg flytta så til Bergen til Bjarte og Wenche. Der blei eg kjendt med fleire firbeinte grå. Me pleidde nemleg å møtast ein søndag i månaden for å gå tur eller trene. Det var artig, sjølv om eg var yngst og fint måtte tilpasse meg dei andre. Ei av tispene som var ivrig til å oppdra meg var Shana. Ho tlhøyrde Mette som eg no bur hos. Shana ble dessverre sjuk og lever nok ikkje lenger. Eg saknar henne masse. Me hadde mykje moro saman sjølvom ho alltid bestemte.
Bjarte og Wenche fekk ein liten tobeint baby mens eg budde der. Han heiter Simen og han og eg koste oss og masse saman. Eg saknar han og masse. Heldigvis ser eg han innimellom, og då får eg gjerne ein smakebit av juicen hans… med sugerør!

Nye Venner:

Eg har fått mange nye venner her eg no bur, både to- og firbeinte (sjå bilder ). Ei eg leikte mykje med var Josefine. Ho er ein australsk terrier og flink til å "finte" og stele maten min. Dessverre flytta ho til Østlandet i mai. Saknar henne kjempemasse; snufs, snufs. Heldigvis har eg fortsatt Ihra, Odin, Kerbo, Kelly, Bajass, Tina, Teitur, Zexy og Eir å leike og trene med!

Mine favorittar blandt dei tobeinte er nok Helene (8) og Heime (6). Dei ber meg gjere kunster og så får eg godbitar. Det er gøy!

 

Spesielle særtrekk:

Noko som er typisk meg er å "sutte" på teppet mitt. Eg pleier lage det til ein "tut" som står opp og så puttar eg heile denne i munnen mens eg "suttar" og lar frampotene bevege seg att og fram akkurat som ein pusekatt som kosar seg. Trur matmor synes eg er litt rar når eg startar med dette, men ho synes visst eg er litt søt og fordi ho har jo tross alt tatt bilder av meg med "suttekluten" min.



Ellers er eg ein ivrig Brannsupportar. Heldigvis klarte Brann seg slik at dei fortsatt blir å finne i tippeligaen! (Eg har faktisk dribla ball nede på grusbana ved Stadion, og eg var ganske god synes eg sjølv....).