Heim
Kappa Nova
Siste nytt
Galleri
Gjestebok
Litt av kvart
Lenkjer

Fakta om laget og kvar einskild spelar

Laget vart opphavleg stifta i 1997, men då under namnet Chicago No Hope. Med på det laget var det ein gjeng med kompisar frå Stranda sin '81 årgong. Ein kan nemne barnestjerner i fleng; Geir Ivar Dalen, Frode Haugstveit, Odd Utgård. Men det var nok ikkje godt nok for å oppnå resultat med dei store gutane. Det blei to år på rad utan å kome seg til sluttspelet. Moro hadde vi det vel uansett...

Etter to år med dårlege reslutat bestemte den harde kjerna seg for å starte eit nytt lag som skulle vise seg å bli så mykje betre, nemleg Kappa Nova. På dette laget vart det tatt med utanfråbygdingar, for ein klarte ikkje å oppdrive gode nok spelarar til å fylle heile laget med berre strandarar. Kappa Nova debuterte med nye drakter og godt mot i Sunnmørs-hallen under Nordvest-mesterskapet. Der gjekk det så mykje betre enn det hadde gjort tidlegare. Utslått i kvartfinalen...

Men endeleg kom Nattcup '99, og laget håpte på ein revansje for dei tidlegare resultata. Men nei da, laget kom seg heller ikkje dette året vidare til sluttspelet. Det skal leggjast til at det var små marginar som stoppa draumane denne gongen.

Etterkvart som åra har gått har laget stadig vekk blitt betre og betre, og i 2003 kunne dei endeleg få lyfte pokalen over hovudet og la gledestårene fosse. Vegen til finalen var lang og slitsom, men etter å ha slått ut den eine favoritten etter den andre var det berre eit hinder som stod igjen, Shadwell. Dei vart bokstavlegtalt spelt ut over sidelinja. 6-1 i finalen er vel ikkje daglegdags. Takka vere ein målkåt Knut Erik "Mål-Aal" spaserte vi inn i draumeland.

Etter den prestasjonen må vi vel tilstå at vi ikkje har gjort det så bra som vi har håpa på, men kvart år kjem vi til Nattcup og har forventningar til oss sjølv. Vi likar å tru at dei andre laga forventar seg litt av oss også. Kanskje vi ein dag skal få lov til å felle sigerstårer når vi lyfter pokalen igjen? Satsinga er det ikkje noko å seie på; nye drakter og forsterkningar på spelarfronten er dømer på dette. Kvart år fossar tekstmeldingane inn fra gode og mindre gode spelarar som ønskjer å få vere med på laget, men så sant det ikkje er naud i laget så prøver vi å halde oss til den rette kjerna.

Dersom du ønskjer å sjå Nattcup-historia i tal, er det berre å ta seg ein titt på maratontabellen.

Les meir om kvar einskild spelar i stallen:


Tiltoppen
teller
LE Helstad © 2005