26. mars 2005: Nye bilete av "Tippy" (Modellert av Marschner Rolfe) Sjå her> |
|
Velkomne til Kjellarstova Handverk si heimeside |
|
Mange på Sandane og ellers i Nordfjord har fått med seg at Turi kan med å modellere. Ho har helde kurs her på Sandane, i Førde, på Skei i Jølster, Nordfjordeid og Lote. Etter eit innslag på Norge Rundt 18. desember 2003 tok det av for alvor. Folk ringar frå nært og fjernt for å skaffe seg dei ettertrakta nissane ho har spesialisert seg på. Turi sine traisjonelle "fjøsnissar" har heilt klart sine tilhengarar. Og for å bruke Turi sine eigne ord: "Amerikanissane passar liksom ikkje heilt her med oss!" |
![]() |
|
|
|
|
| Nissar Nissane til Turi har kvar og ein sitt eige særpreg. Ingen er heilt like, og dei kjem i eit utal størrelsar og fargar (Jada. Blånissar og) Størrelsane variar frå 50 cm - 70 cm i høgd, og kjem både som nissefar og nissemor. Ta ein tur innom galleriet for å bli betre kjent med nissefamiliane! Til galleri> |
Dukker Dukkene til Turi har alt blitt premierte. Dette er resultat av at ho opp igjenom åra har hatt ansvar for både barneklede og bunadar til den næraste familien. Når ho i tillegg tilegna seg kunnskap kring keramikk og porselensmodellering, vart resultatet sjølvsagt dukker med perfekt handsydd bekledning. Sjå meir her> |
| KursTuri held- og deltek på kurs. Her kan ein lese referat og sjå på bilete teke i forbindelse med kursa. Meir> |
Kontaktinfo Har du noko å spørje om? Vil du vite meir om modellering av dukker? Eller vil du berre slå av ein prat? Kontaktinfo> |
|
|


