VEDTEKTER FOR LIADALSBYGDA GRENDALAG


$ 1 Føremål
Grendalaget har som føremål å arbeide for å ivareta kulturelle verdiar, som er og har vore særmerkt for Liadalsbygda, samt å kombinere dette med trivselsfremjande tiltak for barn og vaksne. Kulturkveldar og grendevandring må gjerne gå føre seg i nært samarbeid med Liadal skule. Ein del av føremålet er å få fram att "far" etter tidlegare aktivitet, som har vore tilknytt kvar av dei 6 gardane som representerer bygda.

Noko av bygda sine identitet gjenom tidene er til dømes:

I tillegg til dette vil grendalaget jobbe framtidsretta, med tanke på at kommunen legg til rette for eit levande bygdesamfunn, med tilbod som bustadområde, skule og barnehage.


$ 2 Medlemar

Alle innbyggjarar som teiknar seg som medlem får orientering om kva føremål grendalaget har. (Kulturelle og trivselsfremjande tiltak). Samtlege medlemar som har betalt medlemskontigent for inneverande år har stemmerett. Medlemsskap krev sjølvsagt lojalitet til grendalaget og det laget står for.


$ 3 Styret

Årsmøtet vel eit styre som består av 6 medlemar - samt 1 varamedlem. Styret kan berre veljast blant grendalaget sine medlemar, og det kan ikkje veljast meir enn eitt styremedlem frå same husstand. Styret sin leiar, nestleiar, skrivar, kasserar og dei to styremedlemane vert valde for to år om gongen. Varamedlem vert og vald for to år. Alle val skal vere skriftleg dersom det stiller fleire kandidatar.


$ 4 Styremøte

Styret må ha minst fire godt planlagde styremøter i året - minst to på vårhalvåret og to på hausthalvåret.


$ 5 Årsmøte

Årsmøtet skal haldast innan februar kvart år. Det skal kunngjerast fjorten dagar i førevegen, og føreleggast medlemane seinast sju dagar før årsmøtet. Årsmøtet kan ikkje med bindande verknad for medlemane treffe vedtak som er i strid med grendalaget sin føremålsparagraf ($ 1). Alle vedtak skal gjerast med vanleg fleirtal. Ved stemmelikskap har leiaren ( evt. nestleiaren) dobbeltstemme.

Årsmøtet skal:

  • Velje møteleiar
  • Godkjenne innkalling og sakliste
  • Behandle og godkjenne rekneskapet
  • Velje revisor ( for to år)
  • Fastsette kontingent
  • Behandle saker nemnt i innkallinga



$ 6 Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte kan haldast når styret finn grunn til det. Slikt årsmøte innkallast skriftleg av styret, etter same reglar som for ordinært årsmøte. Årsmøtet skal då haldast innan fem veker etter kravet om ekstraordinært årsmøte er fastsett.