|
Kilde:
All tekst er hentet fra Gards- og Ættesoge for Bjelland, Kultursoga for Bjelland og Grindheim og boka Det var ei tid.
Hesså er ein mykje gamal gard, truleg ein av dei eldste i Bjelland. Eit elvenamn Hesja, men hevdar elles at «det er tænkeligt, at Hess kan være oppstået af Heiðs en afledning af heiðr f., Hei ligesom det er antaget at Fin(n)s er afledet av finn n., Vildmark. Paa samme Maade har Profossor Sophus Bugge forklaret Elvenavnet Heiaasen i Bygland».
Gamle segn fortel at det budde ein herse på garden, og at namnet kom av dette. Andre segn fortel at garden er oppkalla etter ei dronning Hesja. Ho budde der på same tid som kong Roe regjerte på Roland.
Det mest rimelege er å tru at garden er oppkalla etter elva som renn ut i Storåna. I gamal tid kalla dei denne Storåna for Morn, d.v.s. den brusande. Elva som kjem frå heiane i vest er «hås i låten». Det same er Tvøråna som kjem frå austheiane ned mot garden.
I bygda kallar ein garden Hæsså og Hésså, og det skulle tyda på at den siste tolking av gardsnamnet har mykje for seg.
Gjennom åra har garden vore skriven slik: 1515 a Hessaa, 194: Heeβaa, 1612, Heβtaa, 1668: Hessaa, 1723: Hesaa.
At garden er gamal segjer også den ting at det er funne eit stykke av ei steinøks der.
Vats ting 24/10 1794. «Fremstod oppsidderne af gaarden Hæsaae, Søren Hæsaae, Thomas ibid., Bærent Olsen ibid., Peder ibid., enken Todne og enken Tora samt Anders Olsen ibid. der høyst beklagelig tilkiendegav den ulykkelige ildebrand som den 5. juli sidste opkom paa deres paaboende gaard Hæsaae af 4 huders skyld og saa voldeligen og rasende toeg overhaand at all menneskelig hielp ikke kunde standse dens vedvarende rasenhed hvorved ikke aleneste alle comp. sæde- og udhuse som af smaat og stort var 52 blev lagt i aske, men endog den største deel af disses indehavende boeskab, ligesom skov og mark forbrænte da ilden uslukende vedblev fulde 14 dage forinden den kunde blive slukt endskiønt nogle 100 mennesker daglig tilkommende hielp forinden den allerhøyeste hielp med tilkommende regnveir stansede dens videre udvidelse.»
Ved folketellingen i 1801 budde det 27 menneske på gd., av dei 7 born. Den eldste i flokken var Todne Wraalsdtr., 64 år.
Etter gamle dokument er det fastlege at Hesså og Ytre Homme ein gong høyrde til same familie, og det heiter at det er «fulkommen opplysning» om dette. (Sjå gardssoga for Ytre Homme).
|

|
B r. N r. 1 — «Der veste »
Til bruket høyrer 1026 mål, og av dette ikr. 600 mål prod. Skog og 24 mål dyrka mark.
Tidlegare var det tri utløer til bruket, ei på Lille-Hesså, ei på Langemyr og ei ved Bustjønn. I Sollia var kolmile, og her var Per Hesså ofte og brende kol, for han var smed. I Tjoveskaret er ei steinrøys i bytet med Trygsland, og her heldt det seg ein tjuv langt tilbake i tida.
|

|
B r. N r. 2 — « Bakkan».
|
|
|
B r. N r. 4 — «Grovan»
I 1792 fekk Torkild Ånenson Haugenes skj. På l eng. jordgods i ei slåtte kalla Grovan, som han i 1809 seide att til Ole Sørenson Hesså og kona Karen Olsdtr. For 76 rd. Femti år seinare finn ein Ole Knudson, g. M. Targier Christensdtr. Som husmann i Grovan. Dei fekk borni: Nils, f. 1862 (d. Året etter) og Anna, f. 8/1 1864.
Den gamle byvegen til Kristiansand gjekk framom plassen, og her var det ølhandel. Helvig Tversland var ei av dei som handla med øl her. Plassen har vore avfolka sidan 1920-åra. Etter sagnet var det tanken å byggja den fyrste kyrkja i Bjelland like ved Grovan. Dei hadde grave tufta og køyrt fram matrialen, men om natta blei den flytt til Bjelland gard, og der blei så kyrkja bygd.
|

|
Br. Nr. 5 — «Der nede»
Bruket har vore avfolka sidan 1945. Straks nedanfor huset er ein stad dei kallar «Moldfallet». Her gjekk vegen i gamal tid under eit høgt fjell. Ein gong losna ein stor steinblokk og fall ned og drap tvo hjuringar. I fjellet kan ein enno sjå der steinblokka rasa ut og havna i elva. Dette bruket ligg i dag under Br. Nr. 10
|

|
Br. Nr. 7 — «På Haugen»
|

|
Br. Nr. 8 — «Derute»
Dyrka mark 15 mål. Skogvidde 500 mål. Bruket har vore avfolka sidan 1946. Då den gamle byvegen gjekk frå Hesså til Mandflå hadde Søren O. Hesså gjestgiveri her. I huset er ei stove på 16 X 16 fot, og her hadde dei den fyrste flyttbare amtskulen i Bjelland.
Til bruket høyre reit skogstykke, tidlegare slåttemark, millom Grovan og Hommekilen, og her er tvo gravhaugar.
|

|
Br. Nr. 10 — «Monen»
Det låg tidlegare ein husmannsplass «Brattero» til bruket der ein ennå kan finna tufta, ikr. 100 meter sør for husi på «Monen». Heia sørvest for Hesså-garden heiter Florhei, og på ei lita myr er ein gravplass. Det hende i den tida då alle husa på gd. Stod «Der heima» at folk der merka det kom bort mat frå stabburet om nettene. Ei måneljos natt dei vakta gd. Fekk dei sjå ein mann som stemde mot stabburet. Dei sette etter han, slog han i hjel og grov han ned i den vesle myra. Seinare oppdaga folk på gd. At tjuven hadde havt tilhald i steinrøysa i Tjuiveskaret i lengere tid. Dei fann lægret og eldstaden i ei hole i røysa som blei kalla «Fantehola».
|
|
B r. N r. 11 — «Derheima »
På dette bruket har truleg alle husa på Hesså stade i gamal tid, men no står det berre att ei løe på bruket.
I dag er denne løa også borte, det er kun muran som kan ses der løa sto.
Ute ved elva ligg «Risesteinen» som har denne segna:
Det budde ein rise med kona si i fjellet på austsida av dalen. På vestsida budde og ein rise, men han hadde ingi kone. Så ein dag risen på austheia hadde vore ute og kom heim att var reiret tomt. Risen på vestheia hadde vore der og røva kona og teke henne med seg. Så blei risen på austheia så sint at han tok ein kjempestein og kasta etter dei, men den nådde så vidt over elva, og der ligg han den dag i dag.
|

|
B r. Nr. 12 — «Vestheim»
Til bruket høyre reit skogstykke i Kjerringneset. Her var ein gong ei lita verksemd der dei laga dei fyrste takstein som blei nytta i dalen. Skogstykket høyrde den gongen til Ytre Homme, men kom seinare over til Hesså på den måten at ei gjente frå Homme som blei gift til Hesså fekk skogstykket i brudlaupsgåve av faren. Homme-folka prøvde seinare å få skogstykket tilbake til Homme, med den grunngjeving at det fyrst var i brudlaupet gåva blei gjeven, og at det ikkje var godt å vite kva stemning dei hadde vore i då. Men det lukkast ikkje å få skogstykket tilbake.
Stykket høyrer i dag til Homme garden.
|
|