|
|
Kilde:
All tekst er hentet fra Gards- og Ættesoge for Bjelland, Kultursoga for Bjelland og Grindheim og boka Det var ei tid.
Så er sagt at Trygsland har vore hovdingsete i dei tider småkongane rådde i landet. Ein av desse hovdingane blei lagt i haug på garden, og der fekk han og dronninga kvile i fred i mange hundre år. Men så ein junidag i 1821 støytte Ole Olson Trygsland på ei stor steinkiste ute på jordet då han grov etter sand. Han skunda seg til prestegarden der sokneprest Fleischer lydde spent til det han fortalde om funnet. Presten skreiv ned det han høyrde, og sende det i brev til venen sin, stiftsprost H. Engelhardt. Brevet er dagsett Bjelland 1. november 1821.
Kva namnet Trygsland kjem av er ikkje godt å slå fast. Skrivemåten har vore: 1551: Trixland. 1594: Trysland. 1612: Thrysland. 1619: Thrygsland og Trysland. 1668: Trytzland og i 1723: Trygsland. I bygda uttalar ein namnet Trygslann og Try’kslann. Om namnet segjer O. Rygh at det truleg kan kome av mannsnamnet Trygger, som ikkje var sjeldan i Norge frå 1400-åra Han nemner og namnet Pryrekr som også var nytta på sa
me tid. Dei som er kjende på staden trur namnet kjem av trøyse, dvs. trekt. Står ein på sørsida av Kyrkjeåsen og ser sørover liknar dalen ei trekt. Det kan såleis ha same tyding som Try i Søgne, Tryland i Vigmostad og Trydal i Bykle. Naturen på alle desse stadene er nokså eins.
Før det store jordskiftet på Trygsland i 1841, låg alle husi på garden på sør- og vest-sida av fjellknatten attmed skulehuset. Etter jordsktiftet blei husi spreidd, kvar til sin eigedom, og kvar bonde fekk si heimemark samla, og gd. Blei då slik som ein no ser han.
Vestre Trygsland var i eldgamle dagar skysstasjon, omt. Alt i 1606. Det var i dei tider største ferdsla gjekk over heiane. Frå vest-gardane gjekk kyrkjevegen til Trygsland om Fidjane, og her var kvilestad. Her på «Husfaddan» kunne ein sjå til gards, her skulle ferdafolk kvila; og på ein stein sette dei då alltid likkista frå seg. Like vestanfor er ein høg,
Kvass stein, «Liksteinen», dei kallar, der ein mann rende imot på ski, og drap seg.
Trygsland som lensmannsgård.
På Trygsland har det budd tri lensmenn. Den fyrste var Ole Olson Trygsland, som fekk lensmannsposten e. John Knudson Foss i l841. Han var konstituert lensmann, men blei seinare fast tilsett, — «i hvilken hen seende han haver med orden, nøyagtighed og redelighed, at udføre de forretninger der i denne bestilling pålegges ham efter loven og anordninger og som af hans foresatte øvrighed overdrages, til hvilken han og har at stille saadan sikkerhed som ansees tilstrekkelig for de oppe hørsler som måtte blive ham anbetroende.» Som garantistar fekk han Søren Larson Skjeggestad og Torkel Olson
Bjerland. Husi i Langdølæ der lensmannen budde, var bygd i 1811, men ombygd i 1860—70-åra. Her blei det halde ting i austre stova. Skrivaren budde på loftet, og futen hadde romet bak tingstova. Desse roma kallar ein enno «skrivarloftet» og «futekammerset».
Etter Ole Olson blei John Olson Foss lensmann, og etter han sonen Knut Johnson Foss. John og Knut budde i «Leite», der det før hadde vore landhandel. Her blei no lensmannsarrest. I deira lensmannstid for Det mange reisande (fantar) etter vegane, og når dei kom til lensmanns garden fekk dei gjerne med seg ei lita fjøl før dei for vidare. Denne
Garden fekk dei gjerne med seg ei lita fjøl før dei for vidare. Denne skulle dei visa til neste husbonde dei gjekk til, og som skulle hysa dei. På det viset skiftast bøndene med å gjesta på fantane, noko som kunne vera nokså byrdefullt, så skipnaden med «fjøla» varde ikkje lenge. Ofte hende det at fantane blei tekne inn i arresten når dei kom. Men her blei dei stelt vel med. Ein son til lensmannen, Torje, tok seg gjerne av fanteungane, klypte dei og gav dei betre klede. Folk synte i det heile stort hjartelag for fantane, og andre reisande, og tykte moro når dei korn til gards. Men dei var ikkje truande, så mange laut låsa ned verdisakene.
Alle husi på Trygsland stod samla på ei tomt, «Der heima», eit stykke austanfor klokkar-garden og inn mot fjellknausen. Frå fyrst av nemnest berre garden som Trygsland, men blei så ei tid nemnt som «Vestergården» og «Østergården». I denne tida var også husi samla på ei tomt. Men då husi blei flytt ut, fekk bruka serskilde namn, og garden blei då berre omtala og skriven for Trygsland.
|

|
B r. Nr. l — ”Der heima”
Av minnestader på bruket nemnest «Wraalsteinen» i elva, oppkalla etter Wraal Torgiusson som budde på garden. Han rodde ein kveld på elva og rende mot steinen og blei verande der til morgonen etter.
Tett ved nedgongen til kjellaren «Der Heima» står ein stein som kan nyttast til stol, og her er innhogge O. P. S. T. 1861 (Ole Pederson Trygsland).
Det var brennevinsbrenneri på bruket i farne tider, men så blei det sett forbod mot dette, og futen og folka hans kom og tok med seg eller øydela apparata. Ein stor koparkjele som blei nytta til dette og som tok 75 liter er enno på garden, men futen tok med seg loket og slo ned kanten på kjelen, så han ikkje kunne nyttast.
Det er på denne garden gravhaugane ligg.
|

|
B r. N r. 2 og 3 — ”I Leite”
Etter Ole Olson blei John Olson Foss lensmann, og etter han sonen Knut Johnson Foss. John og Knut budde i «Leite», der det før hadde vore landhandel. Her blei no lensmannsarrest. I deira lensmannstid for det mange reisande (fantar) etter vegane, og når dei kom til lensmannsgarden fekk dei gjerne med seg ei lita fjøl før dei for vidare. Denne skulle dei visa til neste husbonde dei gjekk til, og som skulle hysa dei. På det viset skiftast bøndene med å gjesta på fantane, noko som kunne vera nokså byrdefullt, så skipnaden med «fjøla» varde ikkje lenge. Ofte hende det at fantane blei tekne inn i arresten når dei kom.
|

|
B r. Nr. 4 — ”Klokkargarden”
Det var i året 1864 at «skolekommision» og «herredsbesty reisen» i Bjelland bestemte at heradet skulle kjøpe en «parasell» av Guttorm Salvesen Trygsland, og legge det ut som småbruk for klokkeren i Bjelland. Men klokkeren måte og ha husrom, og så blei fløygen til veinstre på bilæte me ser bygd til bustad. Det gjekk 10 år. Då kom bøndene i Trygsland krins på den tanken at krinsen burde få ei skulestove. «Skolekommisijon» blei på nytt kobla inn i bilæte og gjekk med på å løyva nokre dalar. Men bøndene i krinsen ville sjølv løyva resten. Dei fleste av desse var godt økonomisk stille. Det stend til og med i gamalt gulna papir at «de må ansees for å være suffesante». I 1874 vedtok så krinsmøte å bygge eit skulehus, «10 alen bredt». Skulestova blei teken i bruk hausten 1875, og det var det fyrste skulehuset som blei bygd i Bjelland. Det gjorde då tenest som skulestova i over 75 år, så her har mange fenge sin fyrste livsvisdom.
|

|
B r. N r. 5 — “Vollen“
Stovenamnet er «Vollen», avdi husa tidlegare stod i Vollen, men blei flytta til Teigan, og ber derfor også dette stovenamnet. Til bruket høyrer tvo utløer, ei på Fidjan og ei på austsida av elva. Her var tidlegare også sumarfjøs.
|

|
B r. Nr. 6 — ”Langdølæ”
Bruksnamnet er Langdøla, oppkalla etter ei lang døl frå gd. Mot elva. I mange år var Langdøla lensmannsgard, og her var tingstove.
Husi i Langdølæ der lensmannen budde, var bygd i 1811, men ombygd i 1860—70-åra. Her blei det halde ting i austre stova. Skrivaren budde på loftet, og futen hadde romet bak tingstova. Desse roma kallar ein enno «skrivarloftet» og «futekammerset».
|

|
B r. N r. 9 — ”Bitemonen”
Fram til 1910 hadde ikkje Bjelland noko kommunalt bygg, der det kunne vera møter og samlingar. Dei lengde seg då inn i private hus, snart hos den eine, og snart hos den andre. Ein av desse plassane var på «Bitemoen», som høyrer til garden Trygsland. Her hadde «Kommunebestyrelsen», «Fattigkommisjon» og «Skolekommisijon» sine møter i mange år. I same huset hadde det vore landhandel, og seinare kom det postopneri her.
|
|