![]() |
Aktivitetar |
|
|
Baneløp
400 m baneløp for gutar og jenter mellom 11 og 12 år. For dei under 11 år vert det ein runde rundt bana (ca 350m) utan tidtaking.
Løpa går som fellesstart. Startpengar
kr 25,-. Alle som deltek på baneløpet får ein premie.
Natursti
Trimgruppa har lagt ut ulike postar i løypa, slik at alle deltakarar i
Trimklassen kan vera med på ein uhøgtidleg "Natursti-konkurranse" samstundes
som dei gjennomfører løpet. Det blir premiering også her.
Sal:Kiosk
Det blir open kiosk under heile løpet, der ein kan få kjøpe mat, drikke
og andre kioskvarer. "Mensen Ernst"-kiosken er vorten berømt for den gode heimelaga betasuppen. Slik betasuppe blir det også å få kjøpt i år. Ta middagen på idrettsbana denne dagen!
Me kan ikkje garantere at me ikkje går tom, for suppen er populær!
Mensen Ernst t-skjorter
I tillegg har vi i år fått laga nye Mensen Ernst T-skjorter. Desse vil vere i sal både på kaien fredag og på bana på laurdagen.
Dans:
Om kvelden skipar IL Modig si festnemnd til dans. Det vert sal av kioskvarer. Inngong kr 150.
Fjelltur:
Dagen etter blir det skipa til to turar. Begge startar frå Skard kl 10.30. Du kan velje mellom ein fin familietur eller ein litt lengre fjelltur.
Møt opp og ha ein triveleg fjelltur som avslutning på "Mensen Ernst"-helga! Sjå elles www.fresvik.net.
|