Laurdag 8. august blei Mensen Ernst løpet i Fresvik avvikla i strålande ver. Det var liv og røre på Modig Stadion heile laurdagen. Ivrige trimmarar sto i kø for å starte på løypa då klokka nærma seg starttidspunktet klokka 11, og etterpå gjekk det slag i slag heile dagen.
Baneløp på 400 meter arrangert for born og unge mellom 0 og 14 år, gav konkurranse for dei som er for unge til å delta i Minneløpet i aktiv klasse, og det gjev god underhaldning for publikum.
Til liks med mange andre løp har også Mensen Ernst løpet ein periode slite med minkande tal deltakarar i aktiv klasse, men dei seinare åra har deltakartalet auka og stabilisert seg på rundt 25 aktive. Ein positiv trend er det også at det er eit aukande deltakartal i dei yngre klassane. Sjølv om arrangøren gjerne såg endå fleire deltakarar, ser ein på dette som eit godt grunnlag til å arrangere også det 20. løpet om to år.
Vinnaren av årets løp var Petter Moen frå Årdal. Han stilte til start for første gong i Mensen Ernst løpet, og han gjennomførte dei 10 kilometrane på 35,36,7. Moen var suveren og var 1,42 min. føre nestemann.
Anna M. Tråve vann også i år dameklassen med tida 39,02,0. Sidan sterke dameløparar stilte til start, hadde vi venta eit oppgjer mellom Tråve og Hilde Mæhlum frå Vik IL, men dette kom ikkje i dette løpet, Tråve var klar vinnar og ho innehar også løyperekorden, som ho sette i 2003, med tida 38,46
Premiane var også i år laga av kunsthandverkarar frå Fresvik. I år hadde ingen av 1. premiane lik utforming, og det er vel sjarmen med å vinne noko som er handlaga. Vi oppfatta også at dette var populært av mottakarane.
GB