Kva er Sogn og Fjordane Fjørfeklubb?

Sogn og Fjordane Fjørfeklubb har som føremål:

1. Å samle fjørfeinteresserte i Sogn og Fjordane.

2. Å halde rasefjørfeet i fylket på eit høgt nivå.

3. Å vere kommunikasjonsorgan mellom medlemane og Norsk Rasefjørfe Forbund.

4. Å formidle informasjon om utstillingar og avlsarbeid.

5. Å halde interessen for rasefjørfe oppe.

Sogn og Fjordane hadde vore utan lokallag i 20 år då SFFK vart stifta ein haustkald novemberdag hjå Per-Steinar Myklebust på Nordfjordeid. Vi var elleve til bords og var klare til å samle fjørfeinteresserte i eit særs grunglete og grisgrendt fylke. Overnemnte punkt vart fastsatte, og ein ivrig gjeng gira på å ta fat på nye oppgåver forlot Per-Steinar seinare på dagen. 

Sidan den spede start i 98, har det gått jamnt oppover og vi overstig no 30 medlemmar, noko vi ser på som ei fin auke. Vi ligg som lokallag under NRFF, og driv etter deira lover og reglement. Vi prøver etter beste måte å samle heile fylke til eit fjørfemiljø, men den vanskelege geografien i fylket vårt gjer dette arbeidet vanskeleg. Framleis er det for få sogningar (ikkje at det er noko gale med fjordingar, bevare meg vel...) på møta våre, og så lengje situasjonen er den den er no, må dei få sogningane som møter nesten alltid reise veldig langt. Difor er det viktig at vi får med folk frå heile fylket, og dette er ein sakene vi kjempar hardt for! 

SFFK held medlemsmøter med jamne mellomrom (sjå klubbverksemd), og styremøter i samband med medlemsmøtene etter behov.