Korleis vert eg medlem av Sogn og Fjordane Fjørfeklubb??

Dersom du har lyst å bli medlem av SFFK, kan du kontakte nokre av oss i styret. Då sender vi deg ein påmeldingsblankett til Norsk Rasefefjørfe Forbund. Eller du kan gjere det sjølv (sjå framgongsmåte på framsida).

Men vert eg medlem av SFFK då?
Ja! Når du får påmeldingsblanketten/giroen som du skal levere inn i banken, må du hugse å krysse av under "Sogn og Fjordane Fjørfeklubb". Då støttar du opp om klubben din samstundes som du mottar alt vi sender ut ("Fjørfenytt" og info om medlemsmøter), i tillegg til alt du får frå landsplan ("Hobbyfjørfe" og anna info).

Dette høyres jo heilt fantastisk ut! Kostar ikkje det mykje å vere medlem av SFFK?
Nei! Når du betalar avgifta til NRFF, har du betalt alt du skal! Det er gratis å stå knytta opp til ein lokalklubb.  

Men eg er allereie medlem av NRFF, korleis vert eg medlem av SFFK då?
Då må du vente til årsavgifta skal betalast inn, og hugse å krysse av under "SFFK" på påmeldingblanketten/giroen!

 

VELKOMMEN TIL OSS SOM MEDLEM!!