Fjørfedag i september 2000 i Vårdal, Askvoll
Den 3 september 2000
skipa Sogn og Fjordane Fjørfeklubb i samarbeid med Helle og Vårdal Bygdelag,
fjørfedag med amatørutstilling og føredragshalding. Vêret
viste seg frå si beste side og dei 15 hønserasane (bl.a. brahma, sussex,
vorwerk, legbar), endene, gjessa, vaktlane, fasanane og kalkunane skein så
flott at kvar ein mann måtte bli freista til å byrje med fjørfehald. Bura vi
brukte til dyra var revebur og sauenetting.
Dagen vart godt dekka av ikkje mindre enn 4 aviser, og oppslutnaden var god.
Ikkje mindre enn 200 stykk tok turen til den vetle bygda denne flotte dagen i
september!

Føredraget
er i full gong!
Det
er utruleg å sjå kor mange nye medlemmar ein får på slike dagar og vi fann
ut at dette skulle bli ein årleg tredisjon, for på slike dagar får ein både
spreidd hobbyen og sjansen til å tene nokre kroner!
Fjørfedag på Hafslo juni 2001
Den
16. Juni hadde Sogn og Fjordane Fjørfeklubb nok ein gong gleda av å arrangere
fjørfedag. I år hadde vi valt oss ut ei sentral jordbruksbygd i Sogn, nemleg
Hafslo. Vi var så heldige og hadde alliert oss meg den lokale 4H klubben, noko
slikt er heilt naudsynt dersom ein skal ha ei slik tilstelling ein plass utan
fastbuande eldsjeler. 4H klubben sto også for kafè-drifta.
Kl.
12:00 opna "dørene" og store og små kom frå fjern og nær for å ta
dei flotte fjørfea i nærare augesyn. Desse rasane hadde vi stilt ut; Gul
Orpington, Svart Australorps, Svart og Blå Jersey Kjempe, Lys Sussex, Brun
Italienar, Kvit Brahma, Mørke Jærhøns, Gullhalsa og Legbarfarga Hollandsk
Dverg, Svart Orpington dverg, Kocin dverg i ymse fargar, Fotbefjøra Dverg
(mille fleur), Mørk og Lys Euro-vaktel, Viltfarga Rouen-and + masse kyllingar
og andungar.

"Gjett-vekta på hanen"
Planen
var også å halde eit lite foredrag om fjørfehald, men grunna det flotte været
og det at det var så mykje ungar der, avlyste vi det, folk fekk hjelp og svar på
spørsmåla sine likevel. Vi hadde eit bord ståande med ymse info om
klubben/foreininga og t-skjorte sal. Ei populær tidtrøyte var konkurransen
"gjett-vekta-på-hanen!". Her fekk vi inn ei god slump på
loddtakinga!

Både store og små koste seg,
sjølv
om nokre kyllingar kanskje fekk litt
vel hard medfart......
Oppmøtet på denne dagen var ikkje av det heilt store i forhold til Fjørfedagen vi hadde i Ytre Sunnfjord i fjor. Dette kan nok forklarast med at det i år var eit stort arrangement, Lærdals-marknaden, nokre mil unna. Dette "stal" nok litt besøkjande frå oss. Men likevel; været og stemninga var av alle beste sort. Likesinne prata seg tørre og folk fekk utveksla erfaringar. Meininga med ein slik dag er jo å samle fleire fjørfeinteresserte og det lykkast vi jo så absolutt i!