Det er no klart at
Fjørfedagen 2002 vil verta avholdt i "skatehallen" i
Førdehuset i Førde by! Dette har vi no fått bekrefta frå Førde
Kommune. Bura vi kjem til å nytte, er innlånte utstillingsbur frå våre
naboar i sør, Hordaland Rasefjørfeklubb.
Etter alt å døme vil dagen arrangerast laurdag 25 mai eller laurdag. Dagen i år
har det same føremålet som føregåande år; å skape blest om vår felles
hobby, samla fjørfeinteresserte i fylket og tene nokre kroner i klubbkassa. Vi
vil i år leggje lista høgt og prøve å stille meir dyr enn vi har gjort før,
difor er det viktig at vi får med oss medlemmane. Vi i
”Utstillingskomiteen” vil gjerne vite kor mykje fjørfe det vert i Førde
denne dagen, og håpar difor på så stor respons som mogeleg. I utgangspunktet
vil vi stille ut trioar evt. par av kvar rase, men dersom du berre har einskild
dyr av ein rase er også dette interessant. Dagen gjeld ikkje berre for høns og
dverghøns, men også gjess, ender, fasanar, kalkun og anna fjørfe som er å
oppdrive i Sogn og Fjordane. Det er gratis å stille ut dyra sine, og
utstillarar har gratis tilgong til utstillinga heile dagen. Vi gjer oppmerksam på
at dette er ei høgast ”uoffisiell” utstilling, og bedømming av dyr vil
ikkje førekomme. Reglar som gjeld for ”ordentlege” utstillingar som krav om
fotring osb. gjeld ikkje her. Likevel kan det kome på tale at kvar einskild
utstillar må stille med helseattest, dette kjem vi tilbake til.
Ta kontakt med Tage Nondal på tlf; 99 22 74 17, slik at vi veit kor stoda er for dei enkelte medlemane. Det er særs viktig at kvart enkelt medlem viser interesse, slik at dagen vert så vellukka som mogeleg. Ta kontakt snarast råd, sjølv om du evt. har vore kontakta ang. Fjørfedagen 2002 før. Jo tidlegare du tek kontakt jo betre!