Kvifor vere medlem av NRFF og SFFK??

Mange stiller seg sjølv dette spørmålet. Kva utbytte har eg, som berre har nokre høns gåande i hagen, av å ta meg bryet med å vere medlem av ein organisert klubb? Her kjem svara:

1. Eg mottek "Hobbyfjørfe" og "Fjørfenytt" og kan halde meg oppdatert på kva som skjer på fjørfefronten både i lokalmiljøet og på landsbasis. T.d. på kva som skjer ang. sjukdommar, utstillingar, nye rasar/fargar, og anna info.

2. Eg får tilgang til annonser, oppdrettslister, utstillingskatalogar i fall eg vil utvida hønseflokken min.

3. Frå å vere åleine om ei interesse går eg inn i eit felleskap kor alle brenn like mykje for det same. Eg er omgitt av likesinna som har dei same interessene som meg. 

4. Dersom eg ein dag vil utvida hønsehaldet mitt, og byrja satse meir seriøst på utstillingar osb., har eg no stifta meg dei rette bekjentskapane og har eit glimrande grunnlag for framtidig arbeid med mine høns!

Er det framleis noko å lure på??