Møteverksemd i klubben
Sogn og Fjordane Fjørfeklubb held møter som er opne for alle medlemmane (medlemsmøter) med jamne mellomrom (ca. annakvar månad) rundt i kring i fylket. Om vinteren når føret og været som regel ikkje viser seg frå si beste side, har vi base i kantina til Firda Billag i Førde, ein sentral plass i fylket i rimeleg køyreavstand frå dei fleste plassar. Elles i året likar vi oss best rundt hjå andre fjørfefolk der vi kan kikke på mykje flott fjørfe samstundes som ein plukkar opp flust i nyttige tips og triks.
På møta våre har vi mange spanande programpostar. Vi har faste postar som "Dagen rase", kor eit av medlemma tek med seg "sin" rase, viser den fram og fortell litt generelt om rasen og dens eigenskapar. Det treng ikkje berre vere høns men også ender, gjess, kalkunar, vaktel, fasan osb. Utover dette varierar postane mykje etter sesongen; på våren er det mykje prat om kyllingar og om hausten er det tilsvarande mykje om utstillingar. Kvar gong har også mange av medlemane med seg mykje god mat, nok ein god grunn til å gå på møte hjå SFFK!
Ein gong i året arrangerar
vi "Fjørfedag". Meininga med ein fjørfedag er å verve nye medlemmar,
samle dei fjørfeinteresserte i fylket, få inn nokre kroner i klubbkassa og
ikkje minst kanskje få nokre fleire intereserte i fjørfe.
Fjørfedagane blir arrangerte ymse plassar rundt i fylket, helst på litt
sentrale plassar kor det er ein del folk. Vi riggar til ei utstilling kor vi
viser fram helst så mange sortar fjørfe som mogeleg. Dette er ei utstilling
på amatørbasis utan bedømming, så det blir vel riktigare og kalle det ei
visning. Dersom det høver seg held vi også eit lite føredrag som omhandlar
dei heilt generelle delane ved fjørfehald (fôring, stell, hus osb.). Vi delar
også ut gamle medlemsblad, info om Norsk Rasefjørfe Forbund, anna nyttig info
og sjølvsagt er det salg av SFFK sine effektar (foreløpig berre t-skjorte med
SFFK sin logo).

Medlemsmøte
heime hjå Oddrun, eller skal vi sei grillfest??
Fjørfedagen på Hafslo 2001!