Framside Nyheiter Terminliste Klubbfakta Lenker Resultat Bilder Gjestebok
Kontakt:
Torbjørn Ylvisåker: tylvisaaker@hotmail.com (web/lagleiar) Rolf Vidar Hansen: roffe112@hotmail.com ("altmulegmann")
Rune Førde: rune222@hotmail.com (media &
marked)
Sogn Futsal vart til i 2004 då IFS lanserte futsal elite konseptet. Laget
var eit utspring frå dei to SIS laga Ørjan og Obelix, som i fleire år hadde
vore med å prega løkkecupen i Bønes Racketsenter. Obelix bestod stort sett av sogndøler med Helge Resaland i spissen, medan
Ørjan stamma
frå gamalostbygda Vik i Sogn. Frå 2004 er det i dag tre
spelarar igjen; Stig Roar, Torbjørn og Thomas.
Høgdepunktet for Sogn Futsal var den noko overraskande 2.plassen under NM i
Kristiansand i 2005. Tapet mot Indre Agder i finalen (0-2) var
av det sure
slaget, då kampen var jamn heile vegen heilt til Agder avgjorde med sitt andre mål
like før slutt. I 2007 tok me også endeleg ein
velfortjent regionstittel i
Bergensavdelinga, knepent framfor Bergenhus. I 2004 vart det tredjeplass, i 2005 kom me på andre,
medan
2006-sesongen enda med fjerdeplass. I 2007 noterte Arild Underdal seg for 16 mål og vart med det toppscorar i Bergensavdelinga. Me var også
eitt av
ti lag som i 2007 vart tekne ut i ein nasjonal eliteserie under IFS. Men denne
eliten vart det dessverre aldri noko av.
Laget vårt er jamnt besatt både framme og bak med ein solid keeper bakerst
i Stig Roar Hovland. Stig Roar er den einaste Sogn Futsal spelaren
med landskampar. Bankfunksjonæren frå Vik har vore med på EM i Spania og Kviterussland, samt VM i Paraguay. I
tillegg til Stig Roar har me
Bjarte som back up, også han ein solid keeper som
er like god med beina som mange utespelarar. Bjarte har faktisk vokta buret i 9 kampar for
oss utan å
sleppe inn mål!!!!
Ein stor takk til årets sponsorar, som er Artic Personal, Esso Skei og Dvergsdal & Sunde Bygg
AS. I tillegg må me takke Adidas,
TrimX og
MX Sport for gode avtaler på utstyr og trykking.
Resultat:
2004: nr 3 i Futsal Elite IFS
2005: nr 2 i Futsal Elite IFS og nr 2 i SM (Skandinavisk Mesterskap)
2006: nr 4 i Futsal Elite IFS og tap 1-2 i kvartfinale i SM mot vinnaren
Haugerud
2007: nr 1 i Futsal Elite IFS og tap i åttendedels mot finalist Horten
Obelix har turneringsseier i april 2002, og sølv i februar 2001 og mars 2003. I tillegg ein haug med semi- og kvartfinalar. Sjå meir her
Ørjan vart mester i april 2003 og har ein semifinale fra mai 2003. Pluss ein del kvartfinalar. Meir info her