Innhald:
Nye avdelingar
Frå
nytt barnehageår startar barnehagen opp ei gruppe for dei eldste
barna.Denne gruppa skal ha natur og fysisk aktivitet, som satsingsområde.
Det er Ann Britt Ålen, som skal vere pedagogisk leiar,
og den skal ha base i nye lokaler i det som no er garasjer under
barnehagen. Gruppa skal heite Tarzan.
Ei
anna gruppe, som skal starte opp er ei småbarnsavdeling (det
vil seie 0-2 år). Her er Gudrun Oltedal tilsett som pedagogisk
leiar. Avdelinga skal flytte inn i ei av leilegheitene i sokkelen
til barnehagen, og den skal heite Trampe. Vedtektene
for Solvang Barnehage er lagt ut på nettsidene
Vi
har no lagt ut dei fullstendige vedtektene for Solvang Barnehage.
Dette er eit dokument i PDF- format
som kan lastast ned og opnast i programmet Adobe
Acrobat Reader.
Dette programmet
er gratis.
Verdidokument
Visjon:
Kvaliteten ligg i møtet
Kva seier rammeplanen om personalet si rolle i barnehagen?
1. Alle barn
skal få høyre noko positivt om seg sjølv
kvar dag
- Dagleglivet i barnehagen skal vere prega av samvær som
inneber at personalet lyttar til, støttar og utfordrar barna
2. Vi skal
møte alle barn og foreldre med respekt og forståing
- For at barn skal kunne medverke, må det vere god kommunikasjon
mellom barna og personalet og mellom personalet og foreldra
- Personalet har ansvar for å gje foreldra nødvendig
informasjon om og grunngjeving for barnehage verksemda og invitere
til medverknad
- Personalet må arbeide for å finne balansen mellom
respekt for foreldra sine prioriteringar og det å ta vare
på rettane til barna og dei grunnleggjande fellesverdiane
som barnehagen byggjer på.
- Personalet i barnehagen må kunne grunngjeve verdimessige
standpunkt knytte til oppseding ovanfor både seg sjølve
og foreldra
- Å møte foreldre frå ulike kulturar, både
innafor det norske samfunn og frå andre land, krev respekt,
vilje til å lytte og innsikt. Det krev at personalet er beviste
og tydelege i yrkesrolla og trygge på sin eigen kompetanse
3. Det einskilde barnet skal oppleve at det har plass i fellesskapet
- Personalet skal rettleie barn i deira veksling mellom samfunnets
normer og sosiale krav og eigen veremåte
- Personalet har ansvar for at alle barn uavhengig av funksjonsnivå,
alder, kjønn og familiebakgrunn, får oppleve at dei
sjølve og alle i gruppa er viktige personar i fellesskapet
- Personalet skal hjelpe barna til å forstå at eigne
handlingar kan gå utover andre. Ikkje alle haldningar er
akseptable
4. Barnehagen
skal vere ein stad der barna leiker, lærer
og får omsorg
- Personalet må vere tydelege modellar og bevisste på sitt
eige kulturelle og verdimessige ståstad
- Vi vaksne har omsorgsforplikting d vil seie at vi må vere
lyd høyre, vise nærleik. Innleving og evne til samspel
- Personalet må vere tilgjengeleg for barn, ved å støtte,
inspirere og oppmuntre barn i deira leik
- Personalet i barnehagen må ha eit aktivt forhold til barns
læreprosessar
5. Personalet
skal vere lydhøre overfor barna sine behov
i alle situasjonar
- personalet må reflektere over sine eigne haldningar og
kva samfunnet forventar av gutar og jenter
- Eit aktivt og tydeleg personale er nødvendig for å skape
eit varmt og inkluderande miljø
- Personalet må lytte og prøve å tolke kroppsspråket
og vere oppservant i forhold til haldningar, det estetiske uttrykket
og etter kvart òg det verbale språket
- Personalet må vere opne for å reflektere over eigne
holdningar og handlingar
6. Barnehagen
skal skape gode rammer der barna får oppleve
meistring
- Personalet må medverke til at individualiteten til kvart
enkelt barn og behovet for sjølvutfolding kan skje innafor
trygge rammer og normene og reglane i fellesskapet
7. Møte mellom personalet og barna må føre
til at dei vert trygge i barnehagen
- Personalet er rollemodellar og har dermed eit særleg ansvar
for at verdigrunnlaget til barnehagen blir etterlevd i praksis.
Refleksjon over eigne verdiar og handlingar bør inngå i
dei pedagogiske drøftingane til personalet
- Personalet må møte barn på ein måte
som formidlar respekt og aksept, tillit og tiltru. Synet på barn
og barndom får konsekvensar for korleis personalet forstår
medverknaden til barn
- Barna må erfare tydelege og ansvarsfulle vaksne som tek
omsyn til heile gruppa
Solvang
barnehage sitt syn på omsorg , leik og læring
Kva legg Solvang barnehage i omgrepet omsorg?
- Barnet
skal få eim positiv kommentar, bli lytta til og
føle seg verdifull
- Barnet
skal bli tatt imot slik at det føler seg velkomen
- Barnet
skal få mat, kvile, tørre kle og trøst
Kva legg Solvang barnehage i omgrepet leik?
- Leik er
lystprega aktivitetar som skaper meistring, sosial kompetanse
og venskap
- Gjennom
leik utforskar, uttrykker og gjennomarbeidar barn tankar og
kjensler
- Leik
er kreative og estetiske aktivitetar som overfører
barnekulturen sin humor og tradisjon
Kva legg Solvang barnehage i omgrepet læring?
- Læring
er å ta vare på det
barnet er interessert i og samstundes skape interesse for
nye ting
- Læring
skjer i samspel med andre menneske
- Læring
skjer gjennom å vere med i daglege gjeremål,
få prøve sjølv og meistre
Planleggingsdagar
2008
Onsdag
2. januar og fredag 2.mai er sett av til planlegging. Då er
barnehagen stengd.
Lavvuen
Lavvoen
står i skogen. Ta kontakt om de vil ta ein tur til den
utanom opningstida til barnehagen.
Kvalitetssatsing
KVALITET
OPPSTÅR I MØTET - møte
mellom barn, - mellom personalet og barn, - mellom personalet
og foreldra.
Kari Pape seier det slik: " Hvordan vi mnsk. omgås hverandre,
hvordan vi opplever oss selv i samspill med andre, og hvordan
andre opplever seg selv i samspill med oss, måten vi kommuniserer
på, og hvordan vi er som modeller for barn, er noe av det
viktigeste i verden!"
Vår kvalitetsatsing vert å satse på personalutvikling. på personalmøta
vil vi lese boka til Kari Pape og gå gjennom sentrale spørsmål
som a. Vaksnes syn på barn og barndom. b. Barnas føresetnader,
ønskjer og behov. c. Dei vaksne i barnehagen. d. Foreldra
sine foresetnader og forventningar.
Brukarundersøkinga
2006
Svar
på undersøkinga:
Svara
vart gitt i ein skala frå 1-6, der 1 var svært miss nøgd
og 6 var svært nøgd.
Resultat
for brukerne: 5,1
Trivsel:
5,1
Brukermedvirkning:
5,2
Respektfull
behandling: 5,7
Tilgjengelighet:
5,3
Informasjon:
5,3
Fysisk
miljø: 4,1
Generelt:
5,1
Årsplan
2007
Solvang barnehage
har vid praktisering av den kristen formålsparagrafen.
Det tyder at vi byggjer vårt arbeid på dei kristne
grunnverdiane, som nestekjærleik, tilgjeving, menneskeverd,
likeverd, ansvar for fellesskapet, ærlegdom og rettferd.
Vårt verdisyn er: ”Gud er skapar. Menneske er skapt
av Gud og i Guds bilete. Kvart menneske er difor uendeleg verdifullt
uavhengig av prestasjons- og funksjonsevne. Å realisere
eit kristent menneskesyn handlar om balansen mellom barnet sin
rett til å utfalde seg sjølv og samtidig ta del
i fellesskapet”
Verdisynet
skal vere som eit fundament i alt arbeidet som vi gjer i barnehagen.
På den måten vil dei kristne verdiane
prege både kortsiktige og langsiktige tema. Eit tema er
fargane og tekstane i kyrkjeåret. I Kyrkja brukar dei fargar,
som skiftar etter kva tema tekstane handlar om.
Fargane er grønt, som tyder så og arbeidstid,
lilla er førebuingstid, kvit er fest og raudt er
glød og glede. På avdelingane er der eit
temabord med duk i den fargen som månaden har.
På bordet vil det av og til vere ein gjenstand,
som viser til temaet barna får høyre om.
Tekstane byggjer både på bibelforteljingar og eventyr.
|