|
|
Stall Katina ligg på Engeset i Ørsta. Stallen blei grunnlagd i november 2005. Frå før budde hestane i ei brakke, dette var ei mellombels løysing til stallen var ferdig. Før der igjen budde hestane i Stall Myklebust. Den daglege drifta er det Kamilla, Kristine og Kåre Henning som står for. Vi bestemte oss for å bygge stallen slik at hestane våra skulle få fine og nye stallplassar. Så vi bygde på Stall Myklebust, og lagde ein ny fin stall, Stall Katina. Katina er den første hesten vår og sjef blant hestane våra, og derfor er stallen oppkalla etter ho. Stallplassane er praktiske og moderne. Bilde er frå innflyttningsfesten. Katina sjekkar ut det nye rommet sitt og er strålandes fornøgd. Om sommerane går hestane på beite på Lid. Her likar dei seg godt. Jarle Lid og Inge Kalvatsvik eig beita og ser etter hestane, noko vi er svært takksame for. |