Litt om meg...
- Kristine
Hei!
Eg heiter Kristine. Eg er femten år gammal og bur i Radøy kommune, saman med mamma og pappa og mine to søsken, Torgeir (10 år) og Ingrid (4år).
Eg er vel egentlig ikkje eigaren til Timmi, det er pappa. Men eg bur i samme hus og går agility med han to gonger i veka. Eg har dreve med agility fast i tre år, og har ingen planar om å slutte med dette! Agility er GØY!
Det første kjeledyret eg hadde då eg var liten var hunden Rex. Han var vel det ein kan kalle ein blanding mellom "hummar og kanari".
Rex var ein kjempe snill hund, men det var så mange problemer med han så til slutt endte det med at me avliva han.
Då eg var fire år fekk eg to dvergvedder kaniner til gebursdagen min. Ein svart hann ved navnet "Deppe" (han såg så deprimert ut) og ei ho som heite Camilla, fra filmen Camilla og tyven :-)
Men vi måtte gje dei vekk fordi det vart så mange kaninungar.
Seinare fekk me to kattar og det hadde me ganske lenge. Eit par undulatar har me også hatt, men ei fåtal døydde av forkjølelse og Ingrid (lillesøstra mi) slapp ut to stk når dei sto og lufta seg på terassen..
Til slutt bestemmde fann me ut at me ville ha ein ny hund.
Det var då sofagrisen Timmi kom i hus :-)
No har me berre ein hokatt og Timmi sjølvsagt. Og det er meir enn nok no. Me trener Agility to gonger i veka, og for våren deltar eg og min far på revy ein gong i veka.
Det verkar kanskje ikkje så mykje enno, men for tia går eg siste året på Radøy Ungdomsskule på Manger, i 10 klasse.
Eg veit enno ikkje heilt kva yrke eg ender opp med, men linja eg begynner på til hauste er TIP(teknologi og industriell produksjon).
Sida mi handlar ein del og Timmi, men også mykje om Agility. Målet mitt er å verta noregsmeister ein vakker dag. Agility er sporten som eg aldri kan tenkje meg å gje opp. Når Timmi ikkje lenger kan delta i agility vil eg nok raskt få ein ny hund. Og starte med agility igjen så raskt som mulig.
|
|
|