På Torsvik (Tøsvikjæ) hadde me to forretningar: Handelslaget og Snakhopen - den siste eksisterer den dag i dag. Der var fast samlingsplass for unge og gamle. På benken der sat det alltid nokon og preika og spytta snus. Ein annan samlingsplass var bedehuset. Der fekk me sjå film frå den store verda - det var stor stas. Kaien der dampen la til, var ein annan samlingsplass. Kvar søndag var det mykje folk samla for å ta farvel med mennene/fedrene som skulle til "bydn" og tena pengar.
Etter 7. klasse reiste eg på framhaldskulen på Herdla. Hugsar eg lengta heim att og gjekk ofte til Herdla kyrkje der eg kunne sjå over Hjeltefjorden og heim. Me fekk skyss heim kvar helg. Same året vart eg konfirmert i Blomvåg kyrkje der Hernes var ein omtykt prest. Me rodde til "prestegarden" stundom og fekk skyss av ein motorbåt andre tider.
Tida på framhaldskulen var ei lærerik og fin tid. Me budde to gutar saman i nokre tyskarbarakkar og lærde oss å vaska golv, måtte hogga ved til oppvarming osb. Hadde ein lærar som me likte svært godt som heitte Gunnar Lund frå Oslo. Me fann på mykje rart og fekk våre første kjærestar. Eit lærerikt år på alle måtar.
Fiskeria slo feil på slutten av 50-talet og far måtte ta seg arbeid i Bergen. Det vart til at heile familien flytta dit i 1960 og eg vart verande der til i 1976 då eg kom attende til heimbygda som lærar.
I mellomtida hadde eg gifta meg og fått to kjekke gutar og etter eit par år i Øygarden bygde me oss hus på heimegarden, der eg bur framleis. Der eg før i tida gjekk og slo med langorv, går eg no med plenklipparen.
Sidan eg tok musikk som spesialfag, vart det etter kvart musikkskulen som skulle verta min arbeidsplass. Der er eg den dag i dag og trivest godt med det.
Som i så mange ekteskap, gjekk dette etter kvart over styr. Vart kjend med ho Vigdis på ein festival, og me har no budd saman i mange år. Ho spelar toradar i Øygarden Toradarklubb og eg spelar i trekkspelklubben Øygardsstrilane.
I tida eg budde i Bergen vanka eg ein god del i Spelemannslaget Fjellbekken. Først som akkompagnatør på trekkspel, men fekk meg fele etter kvart og har hatt mykje glede av dette instrumentet. Hadde læremeistrar som: Oddmund Dale, Olav Helland, Halvor Sørsdal, Finn Vabø m.fl. Har vanka ein god del i spelemanns-/kappleikmiljøet og treft mange gode spelemann. Ein av dei eg har vore mest saman med dei seinare åra er Leif Rygg - storspelemannen på Voss.
Sidan me reiser så mykje på kappleikar og festivalar, fann me på å kjøpa oss ein bubil som me brukar mykje og har stor nytte av. Til våren skal me skifta ut den me no har til ein Rapido. Det ser me fram til. Festivallivet har vorte ein livsstil for oss og me har vorte kjend med folk frå heile landet.

|
|