Du er her: Fyrstesida
Fjorårets
Kattnakken Triathlon vart ein
braksuksess. Tradisjonen tru vert det sjølvsagt konkurranse i år også, og
me går for ny deltakararrekord! Få med deg kjend og kjær og
meld på lag eller deg sjølv til årets høgdepunkt. Årets store hending går
av stabelen:
15. august 2010
Konkurransen
er ikkje meint blodseriøs, men for enkelte kan den verte eit
blodslit. Me vonar på deltakarrekord i år også.
Salsargumenta våre er.
For godt trena folk:
Det er ein fin tur og i målområdet ventar
brus og frukt. Som bonus kan de på veg ned att frå fjellet
nyta smerten i andletet til alle dei utrena deltakarane som
er på veg opp. |
 |
For vanleg trena folk:
Ei variert og litt hard treningsøkt. Om det ikkje vert for
mange godt trena deltakarar, så er det truleg brus og frukt
til Dykk også. Ved å sjå dei godt trena deltakarane kan Dykk
få motivasjon til å trene meir. Ved å sjå på dei utrena
deltakarane kan Dykk trøyste Dykk med at det er folk som er
verre stilt enn Dykk.
For utrena folk:
Ein manndomsprøve og milepel i livet. Noko De kan fortelje
borneborna Dykkar om, og dei vil nekte å tru det. Det er slike
som Dykk som har bygd opp landet, som set i gong med noko
De ikkje anar konsekvensane av, men gjennomfører det.
Truleg er det heller ikkje noko igjen av brusen og frukta på
toppen.
Hugs: Dersom du er for pysete til å stilla
på den individuelle tevlinga, kan du lokka med deg nokre
pingler og stilla i lagkonkurransen.
NB: Dette er
ikkje noko offisiell konkurranse og deltakinga er på eige ansvar! |