| Laurdag 29. januar: Innandørs jaktfeltstemne på bana til
Volda skyttarlag - Volda ungdomsskule.
Onsdag 16. mars: Møte natur-villmannen Lars Monsen på Volda samfunnshus. Foredrag, bilder -video. Laurdag 19. mars: Jaktfeltstemne i Bjørkedalen. Torsdag 28. april kl. 18.30 kjem Trond Åge Thomassen, saman med ein fiske-utstyrsleverandør ned på Årneset for å presentere diverse fiskeutstyr. Vi får 25% avslag på ordinær pris. Møt opp for å få demonstrert, prøvt og evt. kjøpt mykje spennande utstyr, pluss få ein god prat med likesinna. Søndag 8. mai er vi inviterte til Årneset der det er endestasjon for ein trimtur rundt Rotevatnet. Vi har tatt på oss å grille for dei frammøtte, samt presenteret laget vårt saman med andre. I midten av mai skal vi ha eit lagsmøte der Volda jeger og sportsfiskarlag sitt Afrika-jeger-korsp, representert med Leif Johann Egge og Magnus Vassbotn. Dei vil vise film og bilete frå sin utruleg flotte jakt-tur til Sør-Afrika. Meld deg inn i grvoldajakt så få du tidleg beskjed om tid og stad. Natt til 15. juli vert det lakse-sesong-opning i Austefjorden, der vi samlast på Fyrde med grilling og kaffi frå kl. 21.00 ved fiske-lygar-gapahuken ved fossen Laurdag 18. juni vert det familiedag på Årneset, med grilling
og diverse aktivitetar. Også for laurdag 2. juli har vi fått støtte frå Norges JSFF til fiskeaktivitetar. Denne gongen i sjøen. Påmelding kl. 11 på "Flyndra" i sentrum for på melding. Fiskekonkurranse frå (kl. 21 * 15). 28. august vert det trim-tur til Jolegrøhytta i regi av trim-koordinator Berit Koen. Vi set ut garn og griller fisk for folk som kjem til lagshytta påtrimtur. Jolegrødalen er turmål i år. 31. august vert det jaktseminar for hjortejegerar. Det heiter "Det perfekte hjorteskot" og vert arrangert i samråd med Møre og Romsdal Jeger og Sportsfiskarlag. 5. november tek vi sikte på å ha ein 70-års jubileums-fest for lagets sine medlemmer. Meir informasjon om dette seinare. Fleire kan bli haldne. Følg med på heimesidene. Du kan også få tekstmeldingsvarsling om aktivitetane våre. Dette har medlemmer fått brev om korleis ein kan gå fram for å få. Kontakt underteikna for å få rettleiing eller web-ansvarleg Øystein Hjorthol Opedal, for framgangsmåte.
|