VELKOMEN TIL VOLDA JEGER- OG SPORTSFISKARLAG

 

 

 

 

Storfangst på fiskekonkurranse

Det var søskenparet Jule Helen (7) og Pål Henrik Sæten (10) som fekk dei gjevaste plasseringane under fiskekonkurransen til Volda Jeger og Sportsfiskarlag på Årneset på laurdag.

Søskenparet fiska med makk og dupp i eit par timars tid, kunne vise til både førstepremiar og fersk aure til middag etter at fiskekonkurransen var over. Vekta til Kristen Levik i Jakt og sportsfiskalaget viste 1053 gram med fisk på vekta frå Julie Helen. Den største fisken var 283 gram, som var største fisken. Pål Henrik fiska totalt 723 gram med fisk.
Odin Matias Mork vart frakta ut til stupetårnet ved Årneset. Her kunne sjuåringen kaste med sluk i all retningar. Heldigvis var Rotevatet så kalt at ingen var på svøm, og dermed kunne få kroken i kroppen. Men Odin gav seg ikkje før han fekk ein aure på sluken, som vog 116 gram.
Fiskekonkurransen var for barn under 16 år og Jakt og sportsfiskarlaget hadde premiar til alle som deltok.
- I byrjinga var det ingen som fekk fisk, heil til fisken byrja å bite. Det er moro å arrangere slit når ein ser fiskegleda ungane får når dei fangar fisk, seier leiaren i fiskegruppa i laget, Knut Magne Aarseth.
Elles markerte desse ungane seg i toppen i fiskekonkurranen med desse fiskane: Herman Schips 264 gr, Ingvill Conradsen med ein fisk på 148 gram og Håkon Bratteberg med fisk på 140 gram.
Laurdag 2. juni vert det ny fiskekonkurranse for barn og unge under 16 år. Då vert det i sjøen, med utganspunkt frå Flyndra i Volda sentrum.


Audny Bratteberg hadde med seg barnebarna Matin, Håkon og Kristian på fiskekonkurransen. Her saman med leiaren for fiskegrupa i Volda Jeger og Sportsfiskarlag Knut Magne Aarseth.

 


Odin Mattias fekk aure på sluk frå stupetårnet. Her samen med faren Asle Karsten Mork under fiskekonkurransen på Årneset.

 


Søskenparet Jule Helen (7) og Pål Henrik Sæten (10) sikra seg både middag og førsteprisar med ei totalvekt på tilsamen 1,8 kg under fiskekonkurransen som Volda Jeger og Sportsfiskarlag arrangerte i helga.