VELKOMEN TIL VOLDA JEGER- OG SPORTSFISKARLAG

 

 

 

 

Fiske-hattrick under årets fiskekonkuranse.

Stor aktivitet då Volda Jeger og Sportsfiskarlag arrangerte fiskekonkurranse i Volda sentrum 2. juli 05.
25 barne og unge under 16 år deltok, og om lag alle som fiske fekk fangst. Flest fiskar fekk Sindre Tønnesen Helset (9 år). Dei 20 fiskane han fekk, 3.230 kg på vekta til Kristen Levik i Volda Jeger og Sportsfiskarlag.
Den støsrste fisken fekk Karl Arve Tvergrov (11 år). Torsken han fekk vog 2.324 kg, i tillegg fekk han nokre andre fiskar, slik at hans totalfangst var på 4.2 kg.
Det var premiar til alle som deltok, og ekstrapremie til den med størst fisk. Her hadde sportsfiske-utstyr- selgaren Trond Åge Thommassen gitt ein fin håv som premie. Slukar frå Thomassen gjekk også til Sindre Tønnesen Helset som fekk premien for størst samla fangst (ein kan ikkje vinne same premie for den same fisken).
Rekordtorsken som Karl Arve Tvergrov fekk, hadde kompisen Martin Sætre Myklebust først på kroken, men kroken brakk og fisken for på sjøen igjen. Ei stund etter fekk Karl Arve fisken på sin sluk, og ikkje nok med det. Då Karl Arve løfta fisken opp etter sporen, kom det to småseiar ut av kjeften. Med andre ord eit fiske-hattrick.


Resultat av fiskekonkurransen for barne og unge i regi av Volda Jeger og Sportsfiskarlag, laurdag 2. juli;

Karl Arve Tvergrov; Totalfangst: 4.274 kg – største fisk på 3,324 kg.
Sindre Tønnesen Helset: 3.230 kg.
Martin Sætre Myklebust: 2.869 kg.
Kaisa Bjørneset Jensen: 1.928 kg.
Pål Henrik Sæten: 1.264 kg.
Ole Gunnar Gåsemyr: 1.164 kg.
Julie Helen Sæten: 859 gr.
Robin Varpen Eikrem: 781 gr.
Herman Bjørneset Jensen: 726 gr.
Knut Arne Skjong: 634 gr.
Hallvard Hagen: 443 gr.
Erlend Vågeskar: 164 gr.


Martin Sætre Myklebust (t.v) fekk første denne torsken på sluken, men kroken brakk og fisken for på sjøen igjen. Ei stund etter fekk Karl Arve Tvergrov den same fisken på sin sluk, og ikkje nok med det. Då Karl Arve løfta fisken opp etter sporen, kom det to småseiar ut av kjeften. Med andre ord eit fiske-hattrick. (Foto: Hans Martin Dypvik)

 


Den største fisken fekk Karl Arve Tvergrov (11 år). Torsken han fekk vog 2.324 kg, i tillegg fekk han nokre andre fiskar, slik at hans totalfangst var på 4.2 kg.
Det var premiar til alle som deltok, og ekstrapremie til den med størst fisk. Her hadde sportsfiske-utstyr- selgaren Trond Åge Thommassen gitt ein fin håv som premie. Slukar frå Thomassen gjekk også til Sindre Tønnesen Helset (t.v) som fekk premien for størst samla fangst.