| 29.05.06 |
Vi har fått nye heimesider du finn oss på: www.njff.no/volda Du må kopiere linken og lime den inn på nytt. Eller trykk her.
Laurdag
3. juni vert det fiskekonkurranse med utgangspunkt i Flyndre-kaia i Volda sentrum. Denne er gratis for
barn og unge, med fine premier. Kl. 12 – 14.00. Laurdag
24. juni
vert det på ny fiskekonkurranse i Volda sentrum på flyndrekaia. Denne
er også gratis for barn og unge, med fine premier. Kl. 11 – 14.00 Søndag
2. juli.
Vert det familiedag med fiskekonkurranse på
Årneset frå kl. 12.00 Desse
fiskekonkurransane får vi støtte frå NJFF til å arrangere, og er ei
viktig inntektskjelde for laget. Vi treng fleire medlemmer til å vere med
på å arrangere dette, så det er fint om du tek kontakt med ein i
styret. Lagsbåten
i Rotevatnet
vert sett på vatnet etter 17. mai og den er gratis å bruke for medlemmer
(kr 100 per gang for andre). Ta kontakt med Knut Magne Årseth for avtale
lån Tlf: 70079045 – mob: 95132553 Lagshytta
ved Jolegrøvatnet koster kr 25 per person for medlemmer og 100
for ikkje-medlemmer. Her
er båt og garn i naustet, og hytta er utstyrt med det meste. Hytta har
fem sengeplassar, og du finn meir informasjon samt foto, på heimesidene
til laget. Ta kontakt med Hans Martin Dypvik for tinging av hytta: Tlf:
70078812 – Mob: 91102154. 1.
mai var det mykje snø og is ved hytta. I slutten av månaden er nok dette
borte. Fiskesesongen
i elvane byrjar 15. juni. Kvelden før samlast vi til grilling inne ved Fyrdselva ved fossen og
venter på at klokka skal bikke 24.00 og dei første fisken vert fast på
kroken. Josef
Guttormsen har laga
ein ny vandrepokal. Denne gongen for fiskarane i laget. Vandrepokalen går
til den som får den største laksefisken i ei av dei lokale elvane i
Volda eller Ørsta. Kun fisk som er fiska med ongel i kjeften er teljande
– altså ingen rykking… Fisken si vekt må vere dokumentert gjennom
foto og du må få ein annan til å gå god for vekta av fisken. Du må
rapportere inn vekta til leiar i fiskegruppa: Knut Magne Årseth innan to
døgn eter at den er fiska. Bruk gjerne tekstmelding. Vi
ynskjer også å få inn resultatet for største fisken fange ved hjelp av
fluge i det same området. (her gjeld også fisk fiska i dei mange vatna i
Volda og Ørsta). Alle flugefange fiskar over kiloet bør rapporterast inn
på same måten. Utdelingane av vandrepokalane innan jaktfelt og fiske, blir delt ut på ein haustfest i byrjinga av november (truleg laurdag 4.11). Her vil vi også fiskaren av den største flygefanga fisken bli premiert. Har du lyst til å bli medlem? Kontakt ein i styret eller meld deg inn via denne lenken: |
| 25.01.06 |
Årsmøte på
Volda Turisthotell Vart arrangert
fredag 10.
februar 2006 |
|
|
|
| 25.08.2005 | Søndagstur til Jolegrøbu Søndag 28.august vert det i høve Friluftslivets år, og folkehelseprosjektet "10 turmål" arrangert familietur til hytta vår i Jolegrøsdalen. Omtale vert og finne i Møre laurdag 27.august. Denne omtalen, som òg inneheld vegbeskriving til hytta, kan du lese her.
|
| 23.08.2005 | Hjorteseminar i Aasentunet Onsdag 31.08 byd Volda JSPFL inn til ope foredrag om Hjortejakt. Foredraget vert halde i auditoriet i Aasentunet frå kl. 1900. Alle er velkomne. Kr. 50 |
| 03.07.2005 | Fiskekonkurranse i Volda Sentrum Volda JSPFL baud inn til fiskekonkurranse laurdag 02.07, ved flyndra
i Volda sentrum. Konkurransen var open for born opp til 16 år. |
| 03.07.2005 | Fiskekonkurranse i Rotevatnet Volda JSPFL baud inn til fiskekonkurranse laurdag 18.06, på Årneset
ved Rotevatnet. Konkurransen var open for born opp til 16 år. |
| 04.06.2005 | Lagsmeisterskap i Jaktfelt Det vart i dag arrangert ope stemne i jaktfelt i Sollidalen, men innlagt lagsmeisterskap. Magnus Vassbotn tok leiinga etter den innleiande skytinga, og forsvarte posisjonen gjennom finalen. Vi gratulerer Magnus med tittelen. Knut Magne Driveklepp vart nummer to, 7p bak Magnus. På ein delt tredjeplass, kom Hans Martin Dypvik og Leiv Johan Egge. Komplett resultatliste finn du her. Meir om stemnet, samt bilete, finn du her. |
| 29.05.2005 | Fleire av laget sine medlemmer tok i dag del på stemnet i Jaktfelt som vart arrangert i Sollidalen i regi av Volda Sk.l og Hovdebygda/Ørsta Sk.l. Resultata frå dette stemnet finn du her. |
| 04.05.2005 | Volda JSPFL si SMS-teneste er opperativ. Les meir her. |
| 27.04.2005 | Informasjon om aktivitetar framover, finn du her. |
| 14.04.2005 | Nye sider er klare!! |
| 12.14.2005 | Nye sider på gang |