VELKOMEN TIL VOLDA JEGER- OG SPORTSFISKARLAG

 

 

 

 

JAKT

I Volda Kommune er det svært gode tilhøve for både storvilt og småviltjakt. Når det gjeld storvilt er det hjort det i all hovudsak vert jakta etter.

I tilleg til storvilt vert det i Volda jakta mykje etter fjellrype, lirype, hare, orrfugl, sjøfugl osb. Moglegheitene er store. Dei fleste stadane kjøper du jaktkort i kasser som er utplasserte ved vegana inn i terrenget, eller i næraste butikk. Ta kontakt med oss om det er noko du lurer på, og skitt jakt!