VELKOMEN TIL VOLDA JEGER- OG SPORTSFISKARLAG

 

 

 

 

Lagsmeisterskap Jaktfelt 2005

Årets lagsmeisterskap gjekk føre seg ved Sollidalen skytebane, midt mellom Volda og Ørsta. Det var 7 medlemmer som møtte, pluss nokre ikkje-medlemmer som var med og skaut. Det vart sett opp ei variert løype, og etter den innleiande skytinga var ståa slik:

1. Magnus Vassbotn
2. Knut Magne Driveklepp
3. Hans Martin Dypvik
4. Leiv Johan Egge
5. Henrik Yksnøy
6. Rune Brudevoll
7. Øystein Hjorthol Opedal

I finalen vart det først skote på eit Ekorn sittande på 69m, og deretter ein Mårhund ståande på 126m. På ståandeholdet vart det anvisning på ei og i skive, med løpande oppdatering av resultat. Etter at siste skive var anvist, viste det seg at Magnus Vassbotn trakk det lengste strået, og vart klubbmeister føre Knut Magne Driveklepp. Lista vart ellers uforandra etter finalen.

Her er nokre bilete frå stemnet:


Leif siktar seg inn med "Dronningen av Afrika".


Stemneleiar Øystein siktar og siktar, men treff av ulike grunnar lite. I bakgrunnen delar av løypa.


Leif viser stolt fram .338 skota til "Dronningen".


F.v. Knut Magne, Magnus, Leiv, Rune og Hans Martin like før alvoret tok til for finalelaget.